fredag 28. november 2008

Litt kry... :-)




















































































































I går fekk eg bladet Rett Hjem i postkassa vår. Eg skreiv i dette innlegget om fotograferingsoppdraget, som var i oktober. Alltid spennande å sjå ting på trykk, som å sjå kva bilete som er blitt brukt og korleis dei grafisk har løyst brekkinga av oppslaga. Men eg er NØGD! Bladet ser veldig VELDIG bra ut! Dei har brukt heile 58 bilete som eg har fotografert. :-) Så nå er eg litt kry... :-)

Stylisten bak motiva er Trude Vaaga. Ho er utrulig dyktig og stilsikker! Det var ei fryd å jobba med ho! Fantastisk når det bugnar med fine motiv!
Bladet er betre på papir enn på nett, men dei som ikkje får tak i bladet kan inn å sjå her. Ein må sjå både Bergen og Stavanger utgåva, for dei har litt ulike bilete til kvar utgåve.

torsdag 27. november 2008

Foredrag

Her har det vore særs travelt i det siste, deriblant med foredrag på KVV i går. Det var KVV Kompetanse som inviterte meg til å halda foredrag, der Morten W. Knudsen (kjent frå medieviterne) også var foredragshaldar. KVV Kompetanse formidlar samarbeid mellom næringsliv og skule, og denne gongen var budskapet til dei 400 i salen, å ha mot til å følga draumen.
HER kan dykk lesa om kva eg snakka om, og om responsen. Det var særs kjekt å få forespørselen til å halda eit innlegg, fordi om eg kvidde meg veldig i forkant. Dagen vart iallefall veldig gild, med mange kjekke møter med lærarar og elevar, og sjølvsagt mange møter med
potensielle kundar til firma mitt! Rett og slett givande var det!

Ser at det skjer mykje på bloggane, og det krev MOT å stå fram slik Molly har gjort! Eg ynskjer å senda ei helsing til alle som lir på den eine eller andre måten, om det psykisk eller fysisk vald. Eg trur på etiske ideal som sanning, og eg trur på ordlyden "Sanninga kjem alltid for ein dag". Eg trur også på det å dela det vonde med andre, for dermed å få trøst og for å kunne bearbeida sorg og vonde kjensler. Derfor er det godt å ha gode vener og familie både i opp og nedturar.

God torsdag!

mandag 24. november 2008

Julekort


Førebuing til årets julekort er byrja. Bilete gjev ein liten smakebit. Må ta fotograferinga og designet litt innimellom, ettersom eg også tek imot bestillingar, og lagar julekort for mange andre. Sjølvsagt ta kontakt, viss du ynskjer julekort frå BO design & foto.


Eg pleier å laga julekorta mine med eit tema. I fjor var det "Engler daler ned i skjul", året før det var det pepperkaketema, med oppskrift og minipepperkaker. Årets tema er faktisk litt difust, men får vera ei overrasking (for både mottakar og avsendar) når det er heilt ferdig. Hadde litt mange idear, og må derfor vera sterk og "kill my darlings" som det heiter så fint!


Problemet med årets julekort er at eg fekk ein knallide i fjor, men som eg ikkje skissa eller noterte meg. Den fabelaktige, knallideen er gløymt! (Skal ikkje sjå vekk frå at ideen ikkje var så ekstraordiner, men er blitt meir fabelaktig ettersom tida går...). Det eg hugsar var at eg stod nedfor garagen når ideen small i hovudet mitt! Det har irritert meg grenselaus at eg ikkje kjem på kva det var som var så utrulig bra! Eg har til og med stått nedfor garagen i håp om at hjernen min kunne framkalle denne gode julekortideen... Men nei, min hjerne hugsar heller på ting som hadde faktisk vore kjekkare å gløyma!


Jaja, julekort blir det, for julekortlista mi blir berre lengre og lengre, ettersom eg sender både til konge og fedreland! :-)


Ha ei god veka!

søndag 23. november 2008

Søndag Snø Papir







Denne søndagen har ikkje vore nytta til skigåing med ryggsekk på ryggen...For da pleier jo eg alltid gjera! :-)
I dag har eg derimot vore på Fitjar, saman med 19 andre kreative sjeler, i regi av Fanari. Me har boltra oss med papir, der oppgåvene var av ulik art. Det var også resultata. :-)
Veldig kjekk samling, som enda i ein lavo, med servering av suppe og godt brød.
Her er link til det Sunnhordland skreiv om saka.
God søndagskveld!

lørdag 22. november 2008

I dag opnar...
























...denne utstillinga på Galleri Giga. Ei kjekk utstilling for dei som ynskjer å kjøpa kunst som julegåver. Masse fint frå Sarah Reed, og mange, mange andre kunstnarar.
Og fine julekort frå BO design & foto, også då...heheheheheh... :-)

fredag 21. november 2008

Anbefalast!
























I dag var denne annonsa på trykk i avisa Kvinnheringen.
Annonsa er laga av BO design & foto, for denne utrulig kjekke butikken!
Sæbøvik Gåver & Leiker skal ha langope kvar mandagskveld, noko som er kjekt for mammer som vil handla julegåver i ro og mak. Men det går faktisk an å handle der om dagen også, utan redsel for at miniputten knuser for tusenvis av kroner. Sæbøvik Gåver og Leiker er også ein leikebutikk, tilknytta BRIO. Derfor er det sklie og "ballbinge", samt togbord som ungane kan leike med. Veldig greit å putta mamma sin vesle sjørøvar (som klarte å detta oppi ein vask i går!?) oppi ballbingen...
Butikken er absolutt til å anbefala! På da varmaste! Den har sjarm, flotte varer, er oppdatert på trender, gir inspirasjon og er rett og slett koselig. Nett ein sånn nisjebutikk som eg, og sikkert du, likar! :-)

torsdag 20. november 2008

Jans mat og vinhus




I kveld besøkte mesterkokken, Hellstrøm, i regi av programmet "Hellstrøm rydder opp" på TV3, restaurangen Jan`s mat og vinhus, i Stavanger. Denne flotte restaurangen var eg så heldig å få fotografera i sommar. Bileta blei brukt i Hotellboken, ei bok om næringslivet i Stavanger. Det vart mange ulike restaurangar og butikkar eg vitja som fotograf. Den gode feen var privatsjåfør! :-)
Hotellboken er å finna på alle hotellrom i Stavanger, som ein guide innan mat og kultur.


Etter programmet på TV3 i kveld, så fekk eg jammen lyst til å besøka Jans mat og vinhus igjen, men då som gjest... Maten såg nemleg NYDELIG ut!

tirsdag 18. november 2008

Musematte




For ei tid tilbake bestilte eg denne musematta til BO design & foto. Små ting som gjer ein glad i kvardagen! :-) Og som ser så mykje betre ut enn eit gammalt interiørblad... (Det var nemlig det eg brukte før denne -da gjorde nytto!).
Ha ein kjekke dag!

torsdag 13. november 2008

Skjønne gutar













































Denne veldig kjekke familien var eg heldig å få fotografera i Baroniet i Rosendal. Frost og haustløv, i nydelige omgivelsar- Baroniet er vel verdt eit besøk!
Håpar gutane (som var svært fotogene) hadde det strålande på tur, og at dei fekk varmen igjen... :-)

mandag 10. november 2008

Kristian Finborud






















Laurdag, den 29.11, er det opning av Kristian Finborud si utstilling hos Galleri G Guddal i Rosendal. Utstillinga varer frå den 29. og fram til jul.
Kjekt!

onsdag 5. november 2008

Klem











Min kortkolleksjon "Klem" er nå til sals på Galleri Giga. La ut dei fyrste korta på laurdag, som ein test og borte vart dei! Dette er ein prøvekolleksjon, der du kan finna kort som "Engleklem", "Juleklem", "Haustklem", eller kva med ein "Mjølkeklem"?

Korta er doble, med stemningsbilete som indikerar kva klem du vil gi mottakar...

Ein klem til dykk alle som vitjar bloggen min, og som synes det er kjekt å komma innom! Eg er overvelda over alt besøket eg har, og dei utrulig kjekke tilbakemeldingane eg får gjennom kommentarar, mailar og blant folk eg møter på gata! Takk for at dykk set pris på det eg gjer! :-)

mandag 3. november 2008

More MollyMo





































I dette innlegget lovte eg å visa meir av den flotte butikken, MollyMoHeiane Storsenter. Her er dermed fleire bilete av både klede og skilting. Eg har diverre ikkje designa kleda, men BO design & foto har stått for design av logo og skilting, innvendig og utvendig i butikken. Folien som eg har fått produsert til vindaugo, er frosta m/sølvspetter. Dette for å gi butikken eit eksklusivt preg, samstundes som ein slik type folie slepp lyset gjennom. Skiltet over kasse, pluss over inngang er i utfrest aluminium.
Så dykk som bur for langt vekk frå Stord, dykk får "vindushoppa" gjennom desse bileta!

Ha ein gode kveld!