


Ingen nyhet at eg er glad i det blå! Ein god, rolig og kjølig farge i dette fantastiske, sommarværet! Her er bilete av det som omkransar meg her eg sit. Dei blå clematisane mine, som er fulle av blomar i år.
Stolen som eg malte i fjor, men som av ymse grunnar overvintra ute. Kva gjer det, når den vart naturleg sliten, i fransk stil! :-)
Svært fornøyd med sykkelkorga som eg kjøpte for 50,- kr. Tenkte "YES!" når eg såg den. Såg i ein annan blogg (hugsar ikkje kven det var), at ei viste fram sykkelkorga si, ved å henga den på ein stol. For ein lur ide (i allefall for oss som syklar sjelden...)! Super til å legga blader, sololja og diverse anna oppi, i staden for at utebordet flyt.
Kjøpte også toolboxen for 50,- kr. Fin den, i lag med lubeliaen min!