tirsdag 29. mai 2007

Klar for barnehagen
























...................................................

Om me var seint ute i dag, så fekk mammo tatt nokre bilete av go`jento, klar for barnehagen. "Gakkgakk" matboksen vart kjøpt i fjor sommar, i Amsterdam. Den synes me er så skjønn!!! :-)
...................................................

Our darling daughter, ready for kinder garden! Lunch-box bought in Amsterdam.

mandag 28. mai 2007

Puter




Puter for kr. 25,- pr. stk. på JYSK. Eg fell for ting i blåe tonar, så dette var ikkje noko unntak. Str. på putene passa perfekt på "husbenken", noko som var ein ekstra bonus! :-)

søndag 27. mai 2007

Knagg nr.3




I`m alive! :-) Litt lenge sidan oppdatering, men her er knaggrekka som eg hengte opp ute på alltanen i dag. Festa desse tre krokane på fjøla som eg mala kvit i fjor...ja her går det unna (ironi)! Skal sjå kor lenge eg klarar å halde liv i stemorblomane...

tirsdag 22. mai 2007

Emiiiiiiillllll...



























Nei, det er ikkje Emil, men den gode, vesle grandtante-ungen min! Tok masse bilete av sjarmøren på fredag, og dette bilete synes eg var veldig morsomt!

søndag 20. mai 2007

Mors lille...




























"Endeleg" ferdig med 17. mai og konfirmasjonar! Har vore veldig kjekt, men da er på ein måte litt godt å hiva av seg sko og finklede. Nå har me "fri", og me kan blogga igjen! Veslepusen si lyseblå marineskjorte ligg nå på vaskerommet, men sjå kor fin han var i dag!

onsdag 16. mai 2007

Flasker




Nå har eg pynta desse flaskene, som skal lånast til bruk i ein konfirmasjon. Det manglar kun fine blomar oppi dei! Eg har sjølv brukt dei i barnedåpen til både jenta og guten min. (Sjå dåpsinnlegget mitt, så ser dykk korleis dei var pynta i minstemann sin dåp).

tirsdag 15. mai 2007

Skogstur




Når me var på hyttetur, så gjekk me på tur i skogen. Eg blir så glad når eg ser på desse bileta, så nå deler eg dei med dykk. :-)

søndag 13. mai 2007

God morgon!



























Mmmmm...bagels med "creamcheese & tomato", + Magasinet. Ikkje nok med det, solo skine! :-)

lørdag 12. mai 2007

Vårreingjering



Nå har me tømt garagen, iallefall halvparten, slik at det kanskje er mogeleg å få inn bilen... Masse "skattar" kom til syne, mellom skrot, dekk og gamle kvitevarer. Vart i allefall glad når det store blå fatet mitt dukka opp! Hadde rett og slett gløymt det...

Knagg nr.2


Da går veldig tregt med knaggprosjektet mitt, men fekk hengt opp to knaggar på hytta. Desse hengte me opp ved utedøra, for våte jakker eller anna "dilldall". Ein høgt oppe til dei vaksne, og ein nede til dei små!

torsdag 10. mai 2007

Kaka?



























He he...så kom kako på bloggen... Eg er (absolutt) ingen Baker Brun, men det er kjempegøy å "pjåta" i sammen masse godt, og så kalla da kaka! Lagte den til kjekke klubbveninner. Litt sommarfølelse med jordbær og krem. :-)

onsdag 9. mai 2007

Litt nasjonalromantikk


Ein fantastisk maidag i Norge! :-)

Hårstrikk


Masse fine hårstrikk for kun 15,- kr... :-) Dei hadde så fine fargekombinasjonar, at eg måtte ta bilete av dei!

tirsdag 8. mai 2007

Krans



























På hytta heng denne kransen ved døra. Den laga eg for eit par år sidan, etter å ha blitt inspirert frå eit blad. Svært enkel å laga, og ikkje minst billig! :-)

torsdag 3. mai 2007

Frøken dings

















Ny hue frå snille, Linda, Den Gode Feen.
..................................................................
Frøken Dings synes hua var kjempefin, men at å bli tatt bilde av, var noko herk!

onsdag 2. mai 2007

Knagg nr.1






























Hengte denne opp i stova. Kjøpte korga til bruk på vaskerommet, men den kom aldri så langt. Nå er den blitt oppbevaringsplass til fjernkontrollane...lurt... :-)

tirsdag 1. mai 2007

Kom mai...





























Fantastisk fint i dag! Litt vind, så endeleg kom den fine steinen i bruk, som "serviettreddar". Den blomstrande greina herma eg etter ein oppfinnsom diktar eg kjenner :-). Bileta tok eg før bordet/duken var full av ketshup, mais, potetsalat osv...