Viser innlegg med etiketten Hage. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Hage. Vis alle innlegg

lørdag 20. juni 2009

Alle ♥ gledar seg

Nye tilskudd til verda, bursdagar, helg og bryllaup!
Ikkje anna å seia enn at alle ♥ gledar seg!
Gratulera!
:-)

mandag 1. september 2008

Pip Pip





















Eller kvirreveirrevitt! Kva i all verda seier ein fugl?

Jaja, vil berre få visa kva innlosjering fuglane som overvintrar kan få her hos meg! Synes dei burde vera ekstremt takksame, og flytta inn med det samme. Huset blei kjøpt blant mykje anna "rask" (vil sikkert min betre halvdel kalla det) i København.

Fuglehuset som heng så fint i treet oppdaga eg at hadde mista botnen... Stakkar fuglar! Men det heng der likevel, for det ser så fint ut...

Tante Mimmi, eg trur du tek feil hus. Vårt er frå 1970 og er ikkje blant dei vakraste i nabolaget...men i morgon kjem ein arkitekt på vitjing! Hei & Hå! :-)

fredag 9. mai 2008

Sommar






























Det er sommar! Med 21 varmegrader så kan me gå barbeint i graset! Å sjølvsagt plukka blomar til mammo! Kjekka jento! På bileta eg tok i går, så ser det ut som om me har ei vakker blomstereng. Bilete lyg. Dette er vår overgrodde plen.

Synd at til og med blomsterbedda byrjar å likna på dette...

Faktisk så er det litt godt at på mitt iskalde kontor, så er det ikkje noko vindauge (ikkje rett attmed meg), så dermed går eg glipp av både sol og overgrodde plenar!

Kunne faktisk ynskt at det gjekk an å seia "sim sala bim"! Ja, då hadde plenen vore klippa, bedda reinska, eg hadde vore både høgare og slank, og dermed hatt ein nydeleg hage og eit ryddig hus! :-)

tirsdag 21. august 2007

Epler
































Nå har me hausta inn
epler.
For at dei skal bli søte i smaken så treng dei sol. Jippi -sola skin!
Eng: Apples from our garden.

torsdag 14. juni 2007

Me tar blomane inn...
























Einslige små greiner, som er "redda" inn pga. regnbyger. Stakkarane ser triste ut...

mandag 11. juni 2007

Me nyte sommaren!


















God sommar til alle saman! Me nyter late dagar, i hagen vår. :-)

torsdag 7. juni 2007

Plukka blomar

































Tullemor og pappa har vore å plukka blomar til mamma. Takk! :-)

Uterom - blå
































Ingen nyhet at eg er glad i det blå! Ein god, rolig og kjølig farge i dette fantastiske, sommarværet! Her er bilete av det som omkransar meg her eg sit. Dei blå clematisane mine, som er fulle av blomar i år.
Stolen som eg malte i fjor, men som av ymse grunnar overvintra ute. Kva gjer det, når den vart naturleg sliten, i fransk stil! :-)

Svært fornøyd med sykkelkorga som eg kjøpte for 50,- kr. Tenkte "YES!" når eg såg den. Såg i ein annan blogg (hugsar ikkje kven det var), at ei viste fram sykkelkorga si, ved å henga den på ein stol. For ein lur ide (i allefall for oss som syklar sjelden...)! Super til å legga blader, sololja og diverse anna oppi, i staden for at utebordet flyt.
Kjøpte også toolboxen for 50,- kr. Fin den, i lag med lubeliaen min!

tirsdag 5. juni 2007

Rosa



Nyte sommaren som er innom! Litt fargefest er kjekt å ha i hagen. Fann desse morsomme lysestakane nedsatt til 25,- kr! Sikkert mange så synes dei er stygge, men eg synes dei er knallkule! :-)

Karna, eg tek imot utfordringa di, men har ikkje hatt tid til å få "tenkt". :-)

mandag 28. mai 2007

Puter




Puter for kr. 25,- pr. stk. på JYSK. Eg fell for ting i blåe tonar, så dette var ikkje noko unntak. Str. på putene passa perfekt på "husbenken", noko som var ein ekstra bonus! :-)

søndag 27. mai 2007

Knagg nr.3




I`m alive! :-) Litt lenge sidan oppdatering, men her er knaggrekka som eg hengte opp ute på alltanen i dag. Festa desse tre krokane på fjøla som eg mala kvit i fjor...ja her går det unna (ironi)! Skal sjå kor lenge eg klarar å halde liv i stemorblomane...

tirsdag 1. mai 2007

Kom mai...





























Fantastisk fint i dag! Litt vind, så endeleg kom den fine steinen i bruk, som "serviettreddar". Den blomstrande greina herma eg etter ein oppfinnsom diktar eg kjenner :-). Bileta tok eg før bordet/duken var full av ketshup, mais, potetsalat osv...

onsdag 18. april 2007

Rust



Rustikk stil? Hmmm...heller prov på at me
ikkje tar vare på ting og tang. Burde nok vore innomhus dette, gjennom våt haust, våt vinter og vår...

Etter regn...








Vår i hagen! Nokre foto frå hagen vår i dag, som viser at det spirer og gror. Så får me håpa at etter regn kjem sol...

mandag 16. april 2007