onsdag 30. november 2011

S E N N E P








 S E N N E P`s
fargen
har fått vore ein del av interiøret vårt i sommar/haust. Kjekt med ein liten sånn fargeklatt som gjere seg godt i lag med kvite, grå og svarte nyansar.
Tenkte eg fekk ta litt bilete før jula tek over. Fire skjønne reinsdyr kjøpt på Berthas har allerede komme på plass. Ettersom ørten store kassar står stabla i stova med meir pynt, så trur eg dette var i siste liten...

Veska (kjøpt på H&M) frå sommarturen i Akvariet i Bergen, har fått lov å vera til "pynt". Lysestaken kjøpte eg på tilbud hjå Gåver & Leiker. Den hadde eg sikla på lenge... :-)
Den tøffe kalenderen står fortsatt på den 16. Då kom vetleguten vår til verda - tenk allereie 2 veker sidan! Kalenderen fekk eg i frå denne tøffe dama! :-)
På hylla står sennepsgul lysestake frå ByNord, kjøpt på Ølen møbler. Ved sida står herlig duftelys frå Kobo, kjøpt på "nyopna" Svingen Møbler & Interiør.
Til og med er eg med på bilete i dag - i sennepsgul genser! :-)

H a  e i n  g o d e  s e n n e p s g u l  k v e l d ! :-)

tirsdag 29. november 2011

S T J E R N E


I dag prøvde eg å fotografera den vetla stjerno vår. Eg er egentlig utrulig imponert over dei som får fotografert sine små håpefulle innan den fyrste veka. Her er det blitt så som så med biletetaking, men kan ikkje skylda på veslepoden. Me har fått ein utrulig gode og snill gut. Han søv, et og søv. Natt og dag! :-)  
Nokre bilete fekk me tatt i dag, men satsar på ny frisk i morgon. Kryssar fingrane for at pappen er einig... :-)

*Den flotte stolen er kjøpt på Sæbøvik Gåver og Leiker!

torsdag 24. november 2011


Her er grunnen til litt fråvær på bloggen:

Ein ny baby!
16.11.2011
kom vetleguten vår til verda.

Her er eit bilete av pusen vår
- eg vil tru det kjem til å komma fleire... :-)

Takknemlige og lukkelege er me heile gjengen