Viser innlegg med etiketten Natur. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Natur. Vis alle innlegg

tirsdag 14. august 2012

S U N




Sol ute, sol inne.
Sol i hjertet,Sol i sinnet,
Sol, bare sol.

I solnedgang fotograferte eg denne nydelige skulejento, saman med to skjønne brødre. Fotograferte ho også med skulesekk og nye skuleklede. Ein stolt 1. klassing, så tannlaus og god!  :-)

Eg er tilbake i full jobb igjen etter permisjonen. Mange oppdrag og full fart! Som alltid er det ei sann gleda å møta så mange skjønne ungar! Ingen er like, alle er rett og slett heilt unike! *Har tre stk. unike og ulike sjølv. På godt og vondt! :-)


*P.S: Eg gløymer ofte å spørra om eg kan ta å legga bileta ut på bloggen - denne gongen hugsa eg det. :-)
Men har mange nydelige prinsar og prinsesser på lur...

mandag 18. juni 2012

S O L A


Me har hatt ein liten miniferie. Kongeparken. Bursdag. Barselsbesøk. Hotell med gratis softis og popcorn. :-)


Flotte Solastrando vart besøkt i dag. Nett som syden. Om sola mangla... Badejento vår lar ikkje regn og mørke skyer stoppa ho. Ut til havs. Dukka. Svømma. 


Resten av oss stod på land. Heldigvis. Vart absolutt nok sand i bilen etter ei stk. badeguri! 


G O D  N A T T !

søndag 13. mai 2012

K V I T V E I S


+
ein grøn stol

* TUSEN takk for kjempefine kommentarar på forrige innlegg. 
Her er litt fleire bilete, saman med den grøne stolen kjøpt i Ølen på bloggetreffet!


lørdag 12. mai 2012

W O O D + L I G H T


Etter bursdagsbesøk for storesøster i dag, stakk me til skogs. Eg hadde sett lyset. Eit lys i ei lita skogshole. Farlig å ha meg bak rattet i desse dagar, når fokus er på lys, ikkje veg! 
Litt usikker på om lyset skulle svikta, klokka var trass alt over 18. Men nei. Lyset fant oss. Å laga litt magi. I saman med bekk, kvitveis, skog og mors skrekk for hoggorm, fekk me til desse bileta, blandt mange andre. 

Ha ei god natt! Eg kan sova godt, etter å ha sett lyset og opplevd litt laurdagsmagi... :-)

*Herlig kjole kjøpt på Lukas & Linnea!


fredag 19. august 2011

E L V E L E I K


Sommarminner i frå hytta. 
Elveleik i isvatn er alltid herlig...
:-)

tirsdag 3. august 2010

I nærkontakt


Ferie til støls
i nærkontakt
med sau
og bøker.

Eg føretrekk det siste...


torsdag 20. mai 2010

Back


Me er tilbake på Stordøya  etter ein kjempekjekke tur til Holland!
Amsterdam, Rotterdam, tantebarn, dyrehage, knallgod mat og shopping... :-)

Bilete er frå den flotte "portalen" me har her på Stord.

mandag 26. oktober 2009

søndag 11. oktober 2009

Frostperler


Nydelige frostperler frå naturen sitt kunstgalleri.
Me kosar oss på hyttetur.
Fin søndag!


onsdag 12. august 2009

Tradisjon



Tradisjonen tru så er det stampebading når me er på hytta. Tradisjonen tru så viser eg bilete til dykk som er innom bloggen min... Det er noko med det å fotografera i vatn. Det er så fasinerande og kjekt!
Bilete viser ikkje alltid sanninga. (Det veit eg alt om -heheehehe). Synes at desse bileta viser ein ro og harmoni så får meg til å undra om det er vår stamp? Harmoni -jo så absolutt! Nydeleg plass og utsikt -JA! Fred og ro...hmmm....det er her eg byrjar å stussa. Alvorlege ungar -å nei du. Ingen skvetting? Ingen plask, splash, hipp og hoi? Ingen plastleiker i ørten ulike fargar? Hmmm... :-)
Fortsatt god veke!

tirsdag 11. august 2009

Simple living


Ekte simple living må vera stølslivet! Kaffivatn henta i bekken og kokt i panne, oppvasken i stamp utandørs, parafinlampe som kveldsljos, molter og blåbær som snacks, tante sine orange heklegrytekluter i bruk, polarbrød til frukost og sauer som husdyr...
Samt raudvin, ost og kjeks (grove knekkebrød med krydderost) med husbonden ved stølsveggen i solnedgong... :-)

Om det ser beint ut som om me har sendt minstemann til støls aleine på desse bileta, så er nok ikkje det tilfelle. Med si intense redsle for sau så ville det vore ei litt for sterk oppleving ...
Ha ein kjekke kveld!
P.S: Me er nå komme eit hakk nærare sivilisasjonen, til hytta!

torsdag 12. februar 2009

Ei fjør


...kan bli til fem høns. Denne fjøra vart ikkje til meir enn ei fin fjør i snøen. Hønso får me sjå langt etter.


Ha ein kjekk dag i snøen!!

tirsdag 10. februar 2009

Juklar


Før snøen lava ned så var det isjuklane som regjerte. Nydeleg blått fargespel i dei. Er det løye me som ungar knakk dei ned, og åt dei? Er jo faktisk fristande nå og...
OBS: Med ei mor frå Vossetraktene, så er ordet isjuklar heilt normalt. Uttalast JOKKEL. Berre så det er sagt! :-)

lørdag 31. januar 2009

Det 6. bilete...




...i den 6. mappa! Hmmm...må ærleg seia at den utfordringa klarar eg ikkje gjennomføra. Utfordringa var at ein skulle vise det 6. bilete i den 6. mappa og deretter utfordre 6 nye til å gjere det samme.

Men så var det slik at på mi maskin var det 6. bilete i den 6. mappa eit bilete eg så absolutt ikkje vil visa... Det var av meg sjølv! Og då sjølvsagt midt under keisersnittet då minstemann kom til verda. Meg sjølv med grøn operasjonshue på hovudet! Smakfullt. Javisst. Blid er eg også på bilete, for eg har nok fått ein god dose med eit "oppløftande" middel. Jaja, nå etter å ha beskrive det så inngåande så kunne eg nok vist det... :-)

Viser heller det 6. bilete frå ei anna mappe (+ nokre fleire frå samme mappe)!
Det får meg til å gle meg til sommaren, og minnar meg på kor fort tida går. At me rett og slett må gle oss over kvar dag me får på jorda.

tirsdag 2. desember 2008

Luke 2: Frost











Om eg får tid, så skal eg oppdatera bloggen dagleg fram til jul. Hadde planar i fjor om ein "bloggkalender", men vart med tanken. Med friskt mot prøver me! :-)

I dag luke 2: Frost.
Bileta tok eg etter barnehageforeldremøte i dag. Flott frost mot rust og det vesle som er igjen av haustfargar.
Ha ein god kveld, og ta vare på kvarandre!


søndag 23. november 2008

Søndag Snø Papir







Denne søndagen har ikkje vore nytta til skigåing med ryggsekk på ryggen...For da pleier jo eg alltid gjera! :-)
I dag har eg derimot vore på Fitjar, saman med 19 andre kreative sjeler, i regi av Fanari. Me har boltra oss med papir, der oppgåvene var av ulik art. Det var også resultata. :-)
Veldig kjekk samling, som enda i ein lavo, med servering av suppe og godt brød.
Her er link til det Sunnhordland skreiv om saka.
God søndagskveld!