fredag 29. august 2008

Vetle pusen



Her er eit av sommaren sine høgdepunkt! Denne vesle karen kjenner eg nemleg eit eigarforhold til! :-)

Velkommen til verda, vesle pusen! Glad i deg, heilt til månen!
SMASK! :-)

torsdag 28. august 2008

Min nye stol...krakk
























Med bil til København så vart da ein del shopping. Tenk deg, ingen begrensingar på vekt og str! Mange flyselskap har nemleg tjent ekstra kroner på meg, ettersom det har vore fleire kolli enn lov, og koffertane har vore på bristepunktet. Synes det er egentleg horribelt at det er kun lov å ha 20 kg bagasje med seg? Kva er 20 kg? 40 kjøttdeigar? (Eg reknar det meste om til kjøttdeig. Ikkje veit eg kvifor, men sånn har det vore i fleire tiår).
Her er iallefall stolen som eg kjøpte. Såg den ein dag på denne butikken. Fekk faktisk problem med å sova samme natta, i anger på at den fortsatt stod igjen på butikkgolvet. Suste derfor inn utan mann og barn, morgonen etter for å kjøpa vidunderet. Stod utanfor butikken kl. 9.00, for å oppdaga at dei opna kl. 11.00... Kva gjer ein då? Ein suser rundt i 15 andre butikkar, sånn at ein får skvist meir inn i bilen. Sjølvsagt.
Hei, til deg som eg nesten møtte i København! :-)

tirsdag 26. august 2008

SNU & Fanari




Viss dykk bur på Stord, Fitjar, Bømlo, Sveio eller Kvinnherad, så fekk dykk dette bladet i posten, i sist veke.
I bladet kan dykk lesa om Fanari, der også eg er med. Det er eit kreativt knutepunkt her i Sunnhordland, der ein har samla ulike kreative næringar. Den kjente møbeldesignaren Olav Eldøy er t.d ein av Fanarimedlemmene. Spennande og kjekt!
SNU magasinet kan dykk lesa på SNU sine nettsider; http://www.snu.as/

Det er BO design & foto som har laga bladet... :-)

onsdag 20. august 2008

Utfordring; Belysning
























Denne utfordringa har eg tenkt på lenge, men måtte fyrst få tatt bilete av min favorittlampe.
Vil derfor utfordra desse til å visa sin favorittlampe, og historien bak lampekjøpet! :-)


Eg utfordrar:

Den gode feen (sjølvsagt :-)).

*Dykk utfordrar 3 stk nye, slik at me får ei lampeånd over bloggane våre!


Min historie om innkjøpet av min favorittlampe, "Midsummer light".
Design by Tord Boontje:
Denne lampen oppdaga eg når eg budde i Bergen for "ørten" år sidan. Den finare interiørbutikken øverst i Galleriet hadde nett fått den inn, og eg syntes lampen var utrulig fin, og dyr. Lampen vart aldri gløymt!

I 2006, høggravid med min vesle son i magen, traska eg rundt i PØSVÆR i Bergen. Eg var på shoppingoppdrag! Eg hadde kjøpt tapetrullar, teppe, boksar og diverse anna, men hadde eit mål: Lampen på Galleriet. Ettersom det var ein del år sidan den kom på markedet så var det jo kanskje ikkje så sannsynleg at dei fortsatt hadde den i sitt sortiment. Lille frøken snartstoresøstertobe skulle få nytt rom, og lampen skulle vera "toppen" på kako!

Som ein drukna katt stod eg derfor i denne "pene" butikken, pesande, med bekkenløysing, 18 posar under armen og hol i skoen. Eg kjente meg som ein ekta stril, men vart behandla som ei dronning frå strilalandet! Alle har ikkje lik smak (heldigvis), så min kjære kunne eg sjå dinglande frå taket (huff, høyrtes ikkje heilt bra ut...).
Damene i butikken sprang rundt for å visa ulike fargar av vidunderet, og kunne også meddela at lampen nett var nedsatt til halv pris! Hiha! Ettersom det regna den dagen i Bergen, så vart lampen pakka inn i lag på lag med plast, og dei snille butikkdamene laga eit handtak på eska lampen låg i. Dei såg kanskje at denne kunden var svært lykkelig, så kanskje det smitta?
Heime var ikkje responsen så happy happy! At det var denne papirdingsen eg hadde tøte om i nokre år, kom som eit sjokk og skuffelse...heheeheh. Da er SÅ godt at me ikkje har lik smak! :-)

tirsdag 19. august 2008

Utehylle




























Denne grøne hylla kjøpte eg på opphørssalg i fjor. Ei hylle som eg hadde store planar for, men som er blitt ei utehylle med plass for fuglemat, blomsterfrø og gamle stearinlys...

Dagen i dag har vore tilbragt på Husnes på kjekt kundemøte, og eit koselig Halsnøybesøk. Mykje spennande jobbar i sikte og mange utrulig kjekke folk! Det er så kjekt! :-)

mandag 18. august 2008

Glimt






Viser nokre småglimt frå hytta. Me kjøpte hytta samstundes som det var mykje "romantikk", som eg fall pladask for, i IKEA hyllene. Dermed så har me fargerike og skjønne sengeklede, tepper, puter, rammer... Friskar iallefall opp furua som ein finn som vegg, tak og golv... og som eg nei, ikkje gidd å mala!

søndag 17. august 2008

Lukas & Linnea

















Desse bileta er ikkje frå Lukas og Linnea, men frå skogstur på hytta! (Tatt på samme plass som dette bilete). Mollo har på seg dei nye regnkleda frå Noa Noa, som me kjøpte i København.

Til mi glede/fortviling har dei fått nett den samme kolleksjonen inn hjå ein av mine favorittbutikkar her på Stord, Lukas og Linnea. Mest glede altså!

Så då blir det nok mange prikkete støvlar i barnehagen, og mammo må fram med merkelappar og tusjen som tåler vatn og vind... eg e så jysla dårlig med sånn merking! Skjerpings! :-)

lørdag 16. august 2008

Blåbær






Ikkje akkuratt nok bær til syltetøy eller saft, men akkuratt nok til at fingrar og tenner vart blå, og at me vart litt mette i magen!

fredag 15. august 2008

Anno 2008








Synes at desse bileta kunne vore frå eit anna århundre. Iallefall det øverste der Mollemor ser ut som om ho står bøyd over vaskestampen, konsentrert med å vaska klede. Har nok litt meir komfort i dag, til og med på hytta. Dvs. reine klede i skuffer og skap, innlagt straum og ikkje noko grunn til å kvi seg når ein kjenner seg trengt... :-).
Badestampen vår på hytta er svært kjekk å ha, både til bad og leiking. Her er det dei nykjøpte båtane frå Voss, som får seg eit bad. Betre det, enn dei 300 steinane og konglene Minipompen vil bada...

lørdag 9. august 2008

Tikk takk



Her er mi nye kjøkkenklokke fra House Doctor, tatt med over fjorden i går. Klokka er ikkje kjøpt København, men på denne butikken, i shoppingmekkaet Sæbøvik på Halsnøy!
:-)

fredag 8. august 2008

København




Me er berre innom på mellomlandingar her heime, der me vaskar klede og pakkar om. Me har altså ikkje flytta til København, om eg godt kunne tenkt meg å bu der! I ei veke leigte me den kanonfine leiligheten til Katarina. Perfekt for ein familie på 4, der to av dei er under 4år.


Ut i frå bileta som eg viser, så virkar det som eg har gått med nasa i sky, med kun interesse for historikk og bygningar....hmmmmm...så feil ein kan ta! :-)

København var fantastisk for shopping, nesten betre enn London (seier eg som elskar England og London), og hadde samme bykjensle som Amsterdam. Altså ein herlig by!

Fortsatt god ferie! Den er ikkje ferdig! :-)