Viser innlegg med etiketten Born. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Born. Vis alle innlegg

fredag 28. august 2015

fredag 16. januar 2015

2 0 1 5






Kanskje er 2015 året eg byrjar blogge igjen.
Me startar iallfall med eit lite GODT NYTT ÅR`s innlegg.

Dei 3 små er blitt litt større... 


Happy new year! 



fredag 21. juni 2013

F R E E



Young, wild and free!

Sommarferie & Skulefri

Det er den dagen du skulle ynskja at du var liten igjen, eller lærar...

:-)

onsdag 19. juni 2013

F L O W E R ♥ P O W E R



Sommar
Vind i håret
Blå himmel
Barbeint i graset
Blomar i håret
Barnelatter



Bilete frå Halsnøy Kloster
brukt i sommaravisa til 
Kvinnheringen.




torsdag 2. mai 2013

S W E E T


S W E E T

♥ L I K E  C A N D Y 


Ei nydelig lita tullemor som eg var så heldig å få fotografera i mitt studio.
God kveld til alle saman!



fredag 15. mars 2013

M O O D


Dotter mi - My daughter
Ikkje alltid lett når mamma berre vil, berre skal, testa litt, prøva litt...
Håpar du tilgjev meg vetle skatt! :-)


Go` moody weekend!



onsdag 9. januar 2013

H E R O


HEROfactory
G r i s e r
Angrybirds

Har du gutar så kjenner du nok til dette... :-)
(Eit ukjent terreng for meg inntil me fekk ein gut!)

Bursdagen i år vart derfor invadert av Herofactory figurar. Dei gjekk til angrep på godteri og mandariner. Nokre føtter og armar stakk opp frå godteskålene, andre vant slaget og hoverte i toppen av lampen...
Den stolte og glade 6-åringen leika seg gjennom pyntinga! Ho mor lot guten ta seg ut og dempa slaga med ørlite kjærleik for dei ørten figurane... La dei nå få ha hovuda på!!! :-)

Mammo seier takk og pris at neste barnebursdag er i november. 1,5 mnd med tre barnebursdagar, advent, jul og nyttårsfeiring gjere noko med energien i forhold til partyparty :-)

Ha ein kjekke dag!

tirsdag 8. januar 2013

B E A U T Y


Så mange vakre, skjønne og kjekke ungar
var innom studioet mitt før jul.
Denne vakre jenta
var ei av dei små tuppeluppene
som hjarta mitt dunka litt ekstra for!
:-)

B E A U T Y



❤FØLG MEG GJERNE PÅ INSTAGRAM ❤


 

torsdag 3. januar 2013

søndag 18. november 2012

Ø R L I T E N



Ein ørliten kikk inn til bursdagsbordet
til verdens beste
(for oss)
1 åring!

Grøn, svart og kvit bursdag...
der temaet var...æhhh...grøn, svart og kvit!
:-)

Fleire bilete kjem!

onsdag 14. november 2012

L I T E N


På fredag blir verdens beste minstemann
1 år!

Me ryddar vekk for små klede
og tek sikte på eit
VINTAGE
salg
til sommaren!
:-)

Ha ein kjekke kveld!

*Kjeme nok nokre bursdagsinnlegg snart,
ettersom me går inn i den store bursdagstida her i familien.
Har ikkje vore så gode på timing på desse fødslane,
kan du sei...! :-)



mandag 15. oktober 2012

H U R R A


Denne kjekke gjengen
(pluss minstemann som ikkje var født når bileta var tatt) 
seier hipp hipp hurra for bestefar
som er 75 år i dag!

Gratulera med dagen!
:-)

*Bilete viser broren min sine to skjønningar saman med våre to (nå tre :-) ). 

mandag 8. oktober 2012

L A M P E


Bilete av lillemann og overskrift lampe...
Har da tørna?
Kvar er linken?
:-)

Jo, det har seg sånn at min lille kosemose gut lignar ein lampe! :-)
Ein lampe som eg derfor måtte kjøpa på Interiør og boligmessen,
rettare sagt på Mitt Rom sin stand.

Lampen skal bloggast om, men deler i dag kun bilete av min moskeper som ser ørlite bekymra ut! :-)
Lillemann var med pappen på "besøk" til mammas studio i dag. Pappen skulle henga opp ein lampe og mala litt...(for eg søle så grådig seier han far!). Jaja, så satt me der og venta, eg og minien. Tok vell ein halvtime før eg kom på at eg kanskje kunne ta nokre bilete av han mens eg venta...!!!

Så i sin deilige utedress frå MeMini, vart det litt bilete av verdens beste moskemolleper!
Kjært barn har nemlig MANGE navn (og lignar på ein lampe!). :-D 



onsdag 5. september 2012

N Y T T * R O M


STORE vetle
guten vår

har fått seg nytt rom. Hans gamle og lyseblå rom er overtatt av ein liten broremann, som endeleg søv heeeeeeile natta (bank i bordet) etter rombyte!

Nytt og nytt rom, fru blom, det kan jo diskuterast.
Egentlig har me ikkje gjort meir enn å mala det som var  kvitt 
dvs. lysegult, kvitt enda ein gong. Tapeten er gammal (sikkert 8-10 år), men passa bra til ein litt større og kule gut, som likar lasersverd, Star Wars, musikk, lego og Angry Birds...! ;-)

Bileta er tatt i ettermiddag med minimalt med lys, og telefonen kvilande mellom skulder og øyre. Her er det viktig å få gjort fleire ting på ein gong! :-)
(Som f.eks å henge opp litt kunst på veggen til guten. Litt på kanten å ha eit bilete av Augon Johnsen på veggen til ein 5-åring? Helt på kanten heiter bilete, å må vell derfor passa heilt perfekt! :-)

Forhandlerliste, viss du lurar:
Sengesett By Nord frå Ølen Møbel, Kritt-tavle med klokke osv frå Folk & Røvere, bilete av Augon Johnsen kjøpt på Galleri Giga, Legoboksar og legohovud frå EuroPris, puter i senga frå Kremmerhuset, ransel med skjeletthovud kjøpt i New York, pantoneboksar kjøpt i Oslo av ei veninne på oppdrag frå meg!
:-)


Tøffingen som eige rommet, og som i dag hadde laga ein "låt"...
SMASK 


mandag 20. august 2012

T R A V E L


t r a v e l
T Y P E

- o g  t r a v e l  m a m m a !

H A  E I N  K J E K K E  D A G !



tirsdag 14. august 2012

S U N




Sol ute, sol inne.
Sol i hjertet,Sol i sinnet,
Sol, bare sol.

I solnedgang fotograferte eg denne nydelige skulejento, saman med to skjønne brødre. Fotograferte ho også med skulesekk og nye skuleklede. Ein stolt 1. klassing, så tannlaus og god!  :-)

Eg er tilbake i full jobb igjen etter permisjonen. Mange oppdrag og full fart! Som alltid er det ei sann gleda å møta så mange skjønne ungar! Ingen er like, alle er rett og slett heilt unike! *Har tre stk. unike og ulike sjølv. På godt og vondt! :-)


*P.S: Eg gløymer ofte å spørra om eg kan ta å legga bileta ut på bloggen - denne gongen hugsa eg det. :-)
Men har mange nydelige prinsar og prinsesser på lur...