Eg har tidligare snakka varmt om Sarah Reed sine produkt, og det samme gjer eg i dag. Den nye koppen min er frå samme kunstnar, å eg fall berre sånn heilt pladask!
Innkjøpet vart gjort på veslegut sin fødselsdag. Lettare halvstressa for eg rundt på leit etter ei gåve til godguten på sjølvaste dagen hans, den 4. januar. Dette etter eit akutt anfall av dårleg samvit om at han ikkje hadde fått fin nok gåve på morgonkvisten...
Det er nemleg ikkje særleg positivt å vera fødd tidleg på året, skjønnar dykk. Alle (også mor og far) er mektig lei av feiring etter jul og nyttår, butikkane er "tomme" og lommeboka likeså! Fødselsdagen blir meir som eit slit enn ei gleda! Å då byrjar jo mammahjarta å skrika etter ein slag rettferd!
Mammo med dårleg samvit susar derfor inn på Galleri Giga. Smart! Knall-lurt! For der finn ein jo sjølvsagt den perfekte gåve til treåringen som ynskjer seg Kaptein Snabeltannsverd (Snabel=Sabel)...!!? Jada...
Sjølvsagt, ingen sverd i sikte, men denne koppen lyser mot meg! I eit svakt augeblikk tenker eg høgt at denne kan jo bli ei flott og verdifull gåve - ja, til ein liten gut på tre år?!! Ingenting gale med det vel???
Hmmm...fornuften slår inn, eg stig ut av butikken med retning mot leikebutikken. I veska ligg den flotte koppen, innpakka - til meg sjølv...
Ha ein god koppedag!:-)