tirsdag 19. oktober 2010

Lisboa


 Små glimt frå fantastiske Lisboa!

Etter mange års lovnader til ein av mine beste "Englandsstudiedagarvener", om å komma til hans heimland og by, slo me til i haustferien. Me budde ein halv time utanfor Lisboa, på eit fantastisk 5-stjernes hotell. Berre detaljen som venta på rommet når me kom der seint på kvelden var verdt opphaldet!  På sølvfat stod det fat med varme sjokoladekjeks og store glas med jorbærmjølk til ungane... Nok til at mammo måtte setta seg ned på sengo å berre smila! :-)

300 meter frå hotellet var togstasjonen. Der tok me toget til Lisboa for å møta mine gamle vener frå England. Var så inderlig kjekt å sjå dei igjen!!! Så altfor, altfor lenge sidan sist!
Sidan dette var fyrste gong me var i Lisboa, så var det utrulig kjekt å bli vist rundt av ein "innfødt". Som min kjære sa: "Det var ei uforgløymelig oppleving!".

Deilig temperatur. Spennande arkitektur. Herlig bading i Atlanterhavet. Nydelige menn! (Hehehehehe). Me vil tilbake til Lisboa og omegn! :-)

mandag 18. oktober 2010

*****


Tilbake til haust og jobb.
Men lengtar tilbake til dette... 


Herlige Portugal!
Nydelige Cascais!

*Skal fortelja meir om vårt opphald i HEILT andre omgivelsar enn det me pleier... :-)

lørdag 2. oktober 2010

Utan tittel


Rett og slett utan tittel.

Eller:
Grafisk
Sebra
Gul
Striper
Laurdag
?

Ha ein knallgode laurdag!
:-)