Viser innlegg med etiketten Bryllaup. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Bryllaup. Vis alle innlegg

onsdag 16. oktober 2013

V I N D


V I N D  I  S L Ø R E T

Blå himmel
Vakker brud
Vind i sløret
Lykke

❤



tirsdag 15. oktober 2013

F L O W E R P O W E R



Ei knippe flotte bukettar,
alle like unike og ulike 
som brudene 
"mine"

❤

mandag 14. oktober 2013

søndag 13. oktober 2013

lørdag 12. oktober 2013

W E D D I N G W E E K



I neste veke lagar eg ei 
W E D D I N G  W E E K
her på bloggen.

Masse bilete frå mange ulike
bryllaup som sikkert kan inspirera 
og gleda vordande bruder!

❤

Synes dette sjarmerande paret er så skjønne 
og fine der dei sit i robåten 
(som "thank god", er trygt plassert på land). :-)

tirsdag 16. oktober 2012

G O L I A T


Av og til
gjer Bodil ting ho ikkje tørr.
Av og til
er det berre veldig kjekt...

70 meter (da er veldig høgt altså!)
oppe i ein krane som bryllaupsfotograf
var litt sånn vondt i magen pga. ørlite :-) høgdeskrekk.
Heldigvis; oppgira med adrenalinet som flommar gløymer ein slikt!
Det vil sei, med fokus på brudepar og det å ikkje sjå ned,
så vart det ei svært kjekk oppleving!

*Å når brudeparet er veldig fornøyde
og bileta kjem i Bergens Tidene,
så blir da jo enda litt kjekkare...
:-)

les du meir om både brudepar,
meg og Goliat!




...når fotograferinga vart avslutta, opna slusene seg!

tirsdag 7. august 2012

E N G



Herlig brudepar i
blomstereng!

*Eg var så lykkelig når eg "fant" denne enga. Egentlig rett i glaninga på meg og alle andre, men likevel ganske så "urørt". Diverre er enga i dag gravd opp. Måtte nesten svelga klumpen i halsen når eg såg gravemaskinane og lastebilane... Men det fins fleire enger, og heldigvis vart dette brudeparet med meg slik at både dei og eng vart foreviga! For alltid! :-)


mandag 6. august 2012

B R I D E



Bilete av ei vakker brud,
nokre minutt før ho skulle av stad til kyrkja.

Rolig, litt spent, veldig lykkelig og glad!

*Bruda klarte faktisk å synga til sin kjære ved alteret!
R Ø R A N D E

Bileta tok eg på Halsnøy Kloster.

fredag 13. juli 2012

♥


♥

Vakre brudepiker frå eit av sommarens bryllaup,
fotografert av Bo design & foto.

Eit fint pausebilete
frå meg til deg
i desse ferietider.


G O D  S O M M A R
:-)




lørdag 16. juni 2012

V E N T A R


Klokkene kimer
Små skjønningar som ventar
Bryllaupstid

♥

Sjå meir i sommaravisa til http://www.sunnhordland.no/
S O M M A R B R Y L L A U P

fredag 8. juni 2012

W E D D I N G



Det er
B R Y L L A U P S T I D

Her er eit av mine
mange skjønne par!


♥

søndag 18. september 2011

F R U ♥ B O


Så forelska. Så glad.
Begge to svarte JA!

♥

Dette var meldinga me sendte til familie og vener den 9.9.11.
Meldinga kom i frå to lykkelige sjeler, i Manhattan, New York!

Utan at nokon visste det, så gifta me oss! :-) Etter 12 år i saman så vart det vigsle i den byen som me aller fyrste kveld me møttes, snakka om å reisa til.

Ikkje noko kvit brud her - kjolen frå Calvin Klein var svart, og kjøpt to dagar før vigsla.

Brudebuketten (som overlevde å reisa over Atlanterhavet, heim til Norge - sjå bilete) vart kjøpt på ei is/pizzasjappe. Ein kvit hårstrikk frå storesøster bandt den saman! :-)

I skinande sol kjørte me med gul NY taxi til City Hall. Der i mylderet av ventande brudepar møtte me eit skjønt mannlig par frå Manhattan. Dei vart to supre vitner, som gjorde dagen enda meir uforgløymeleg! Med Broadway som arbeidsplass, så kunne dei verkeleg applaudera! :-)

Bryllaupsfotografen var storesøster som er 6 år. Med sitt nye kamera gjorde ho jobben! At pappen manglar halve hovudet på dei fleste bileta, skit me i! :-)

Nå er me happy & nygifte.
Feber og halsevondt betyr liksom ikkje noko!

♥

onsdag 31. august 2011

♥ S T O C K H O L M ♥


Eit lite knippe bilete frå eit fantastisk bryllaup i Stockholm,
der eg var hyra som fotograf.
Nydelig brudepar, knallkjekke gjester og tur, flotte omgivelsar, solskin og slottsfest! 
...Samt mat som var laga av det svenske kokkelandslaget sin sjef...mmmmmm! :-)

Rett og slett ei strålande oppleving!
♥
Hell og lykke til det skjønne paret!!!




 

onsdag 6. april 2011

R O M A N C E


Det er snart bryllaupstid og romantikk i lufta!
Her er eit av "mine" brudepar som var så utrulig skjønne,
rørande vakre og så inderlig glad i kvarandre.

♥

*Bilete av eit oppslag i fotoboka som brudepara mine får.


onsdag 16. mars 2011

T I M E



T I M E   F O R   W E D D I N G

♥



Dette brudeparet var eg så heldig å få følga i frå foto og design av invitasjonar,
til fotografering gjennom heile den flotte bryllaupsdagen
(eg hang på slep :-) både hos frisør, i kyrkja og etter),
samt design av takkekort.

Det skjønne paret likar ein litt romantisk og sliten "vintage" stil.
Bileta som blir brukt i takkekortet har derfor fått dette uttrykket,
kombinert med ein fine songtekst som har fulgt paret heile vegen.


♥ 
Se meg, kim eg e
nå idag så fins eg her
Se så stolt her eg står
her ved di sida.

Eg kan om du tror
vera mann liten eller stor
nå idag så vil eg ver
den du trenge.

Finn kraft her hos meg
kvil ut, eg vogge deg
nå idag så trenge eg
å konna ver den mann eg e
og kjenna at eg fins for deg.

Kom sol, kom te vårt hus
kom lykke og hjelp oss ut
gi oss råd, gi oss fred, alt me vil og alt me kan
e å kjenna at me fins for kverandre.


Vidar Johnsen


♥



G O D   O N S D A G

torsdag 30. september 2010

Nerver : Weddingday


Lenge sidan eg har vist bryllaupsbilete,
enda det har vore utrulig mange brudepar i år!
Har bestillingar til og med i 2012! :-)

N E R V E R

Desse bileta visar ei nydelig brud i dei
hektiske siste timane før kyrkjetid.
Champagne og hårspray!  
Nerver og kjensler!
Klokka som tikkar! 

*Det nederste bilete likar eg så godt...

Ha ein fine dag,
med nerver eller ei!
:-)

torsdag 17. juni 2010

I sommaravisa! :-)


I dag kom Sunnhordland si fine sommaravis ut til publikum.

"Mi" skjønne brud fekk æra av å pryda coveret!
Jippi!
:-)

Artikkelen inne i avisa er kjempefin,
og har tittelen sommarbryllaup.





Her er eit bilete som er med i artikkelen,
og som er frå eit av mine siste sommarbryllaup.
Herlige sørlandet!

tirsdag 9. februar 2010

BO i avisa + innlegg nr. 500!

I dag er det heile tre sider om BO design & foto i avisa!
Sunnhordland har tema bryllaup,
og i den samanheng er mine bilete på trykk.
Pluss litt om meg...

Dette er faktisk mitt 500. innlegg!
:-)
Så då feirar me også det...


Ha ein kjekke dag!