onsdag 29. august 2012

R Å T T


R å t t & V å t t

Konfirmasjonsfotograferinga tok ei brå vending i dag. Bunaden var lagt i bilen, sommerkjolen var komme på, dei siste bileta skulle takast. Då opna himmelens sluser seg, på skikkelig! Regnet hølja ned! Forbipasserande i regnklede kunne beskua eit flott syn; Ein klissklass konfirmant barbeint i kjole, ei søkkvåt konfirmantmamma og ein drukna katt av fotograf! Men det var så kjekt! Jenta var så flink, våt til skinnet, men like blid! Da er nesten som eg ynskjer regn til neste konfirmantfoto også...iallefall nesten! :-)

*Må seiast at denne fine konfirmanten hadde ein like vakker konfirmanttvillingbror! Han trakk vinnarloddet å fekk sitja i bilen under siste regnskur...:-)




mandag 27. august 2012

E P L E



Snart eplehaust! Friske, raude og gode epler på tre!
Våre to små trè i hagen gjev nok epler til at me kan fylle ei skål og to.
Safting og sylting er ikkje eg så god på, så her et me dei nett som dei er!
:-)

*Litt epleinfo: Den norske epledagen er 17. oktober!

fredag 24. august 2012

torsdag 23. august 2012

B L U E ♥ E Y E D

 




Denne B L U E * E Y E D
skjønningen fotograferte eg saman med sine to nydelige søstre.

Rett og slett kneppegod!

♥ ♥ ♥

onsdag 22. august 2012

L A N D B R U K S D A G


BO design & foto
har oppdrag både her og der
:-)

Her er eit bilete som er med å promoterar
Landbruksdagen
som føregår på Bømlo på laurdag!

*Her kan altså ungane møta ekta dyr, ikkje ei plastgeit... :-)

mandag 20. august 2012

T R A V E L


t r a v e l
T Y P E

- o g  t r a v e l  m a m m a !

H A  E I N  K J E K K E  D A G !



søndag 19. august 2012

R I D D E R


Riddersporen frå hagen er komme inn, som alltid i august.
Når regnet legg den flat, så må den reddast!

God og dorsk søndag,
til alle mann!



lørdag 18. august 2012

F R E D F U L L



Ynskjer at alle har og får ei fredfull helg!

*Denne vesle skjønningen gav meg verdens beste sutrelippa!
Å bli plassert oppi ei kurv er ikkje berre fred og hygge, nemlig!
:-D

tirsdag 14. august 2012

S U N




Sol ute, sol inne.
Sol i hjertet,Sol i sinnet,
Sol, bare sol.

I solnedgang fotograferte eg denne nydelige skulejento, saman med to skjønne brødre. Fotograferte ho også med skulesekk og nye skuleklede. Ein stolt 1. klassing, så tannlaus og god!  :-)

Eg er tilbake i full jobb igjen etter permisjonen. Mange oppdrag og full fart! Som alltid er det ei sann gleda å møta så mange skjønne ungar! Ingen er like, alle er rett og slett heilt unike! *Har tre stk. unike og ulike sjølv. På godt og vondt! :-)


*P.S: Eg gløymer ofte å spørra om eg kan ta å legga bileta ut på bloggen - denne gongen hugsa eg det. :-)
Men har mange nydelige prinsar og prinsesser på lur...

fredag 10. august 2012

G O D * N A T T



G O D  N A T T
min skatt

♥♥

DAGENS PRINS - 14 DAGAR NY

*Snart leggetid for alle små prinsar og prinsesser der ute! :-)

tirsdag 7. august 2012

E N G



Herlig brudepar i
blomstereng!

*Eg var så lykkelig når eg "fant" denne enga. Egentlig rett i glaninga på meg og alle andre, men likevel ganske så "urørt". Diverre er enga i dag gravd opp. Måtte nesten svelga klumpen i halsen når eg såg gravemaskinane og lastebilane... Men det fins fleire enger, og heldigvis vart dette brudeparet med meg slik at både dei og eng vart foreviga! For alltid! :-)


mandag 6. august 2012

B R I D E



Bilete av ei vakker brud,
nokre minutt før ho skulle av stad til kyrkja.

Rolig, litt spent, veldig lykkelig og glad!

*Bruda klarte faktisk å synga til sin kjære ved alteret!
R Ø R A N D E

Bileta tok eg på Halsnøy Kloster.

onsdag 1. august 2012

H Y T T E T U T T E T E I



Ferien er over.
Ein rolige og gode ferie for heile gjengen.
Me mimrar med nokre bilete frå hytta vår.

G O D E  D A G E N