onsdag 23. februar 2011

S T O L T




Tildas Atelier av Tone Finnanger er nå lansert!
:-)

I fjor fekk eg ein telefon som var svært smigrande og veldig hyggelig!

Sjølvaste Tone Finnanger ringte meg for å spørra om eg ville ta
jobben som grafisk designer for hennar siste bok, "Tildas Atelier".

Kva svarar ein til slikt?
...med bobler og litt skrekkblanda fryd i magen...
Sjølvsagt: JAAAA! :-)

Skjønne Tone er utrulig dyktig og veldig kjekke!
Det var kjempekjekt og travelt å jobba med ho!
:-)

Utrulig masse flotte og inspirerande bilete i boka.

Tildas Atelier kan du kjøpa t.d her:

:-)

Så i dag er eg rett og slett litt kry og stolte... 


E N G E L


Dette fine bilete laga storesøster når ho gjekk i barnehagen.
Engelbilete tek me fram i desember, som pynt til jul.
I år trur eg at det skal få stå framme heile tida.

♥

tirsdag 22. februar 2011

D Y R I S K på trykk!

Eit lite knippe av bilete i siste utgåve av Rett Hjem,
fotografert av meg!


Nå er dyremønster HOT.
Eg som aldri har likt tigermønster byrjar å synes det er kult.
Litt iallefall...Til og med litt masse!

Med dei varme "tigertonane" følger gull. Gull i interiør. Gull i smykker og øyrepynt.
Enda så tenker eg på dei utrulig tøffe dødnigshovud øyredobbene eg såg på Milla Boutiqe i Oslo. Gull og svart. Rått. Angrar at dei ikkje vart kjøpt!
Men finn dei kanskje i Bergen?

Fattigmannsølvet er altså passé (for lenge sidan vil vel ein hevda). 
Gull blanda inn med natur og dyr overtar...det snik seg inn!
Hmmm...så var det det å få gull til å passa mot kvitt?
Kanskje mala svart?


*Klarar du å ikkje la deg påvirka?

Mitt svar:
Ikkje har eg mala svart, fortsatt kvitt.
Men påvirka? Jo så absolutt!
Sit med becksöndergaard skjal rundt halsen.
Gullkaninlampe kom i hus i fjor. 
Såpe med sebramønster på badet.
Og ByNord sengetøy til minstemann høgt på ynskjelista...
:-)

For da er jo så dyrisk tøft...!

 ALLE FOTO: BO design & foto



Sjå DYRISK på trykk!
Dei heldige som bur i Bergen og Stavanger får det i posten! :-)


mandag 21. februar 2011

K V A R D A G


Ein kopp. Eit fat. Ein bukett.
=
R O S A   K V A R D A G s` l y k k e ?

søndag 20. februar 2011

D S ø n d a g


Bursdagsbesøk for storesøster  i dag òg. Hipp Hurra for jubilanten!

Vel heime etter besøket har det blitt spela DS her i huset. Lite visste eg kva ein DS var før storesøster fortalde meg det for nokre år sidan. I ein alder av fire år visste ho det, mens eg ikkje hadde peiling...



Spelemaskina var julegåve sist jul, og blir heldigvis (synes mammo) berre brukt av og til.
"Klipsebordet" frå Riviera Maison vart endelig tatt skikkelig i bruk. Som avlastningsbord for DS-pinne og veske... Veldig lurt, nemlig! :-)





Eg ynskjer at alle har ein god søndag.
Ta vare på dei du er kjær i.

lørdag 19. februar 2011

L E I K











Stova har leikekrok, kjøkkenet har leikekrok, badet har "leikekrok" osv... Eg trur det ikkje er eit rom i dette huset som ikkje er heilt fritt for leiker. Det er kjekt med leik og leiker. Så absolutt. Men så er det dette med rydding, oppbevaring og litt rydding igjen... Eg hadde sjølv mange Barbie når eg var liten (som eg elskte å leika at var svært fattige og slost både mot svolt og elendige tider...:-)... ), men i forhold til det ungar i dag har så var mine Barbie smårusk! OBS: Byrjar å bli gamal nå, med mimring om hine hårde tider... :-)

Til tider blir eg derfor det me så fint kallar "d r i t a` l e i" av å trø over lego, petshop, Hello Kitty, playmo, bøker, bamsar, dukker, Barbie og dei evige sverd og "skytepangane". Andre dagar taklar eg det heilt greitt! I allefall etter at nokon kalla det å ha eit rotehus, for ein levande heim. Å ha ein levande heim høyres nemlig heilt flott ut i mine øyre (hmmm...iallefall av og til...)!

I dag fann eg fram kameraet når Brio togbanen breidde seg utover stovegolvet i vår levandes heim :-). Veldig enige og tro var dei to om bygginga av banen. Spesielt sidan storesøster har vore i bursdag og dermed sterkt sakna av vetlebror. Drifting og kontroll av banen vart det derimot meir krangel om...

Nå er banen rydda vekk og det er tid for laurdagsgodt og Barnas Supershow!
God laurdagskveld!
*PAPSEN, ME SAKNAR DEG! KLEM

torsdag 17. februar 2011

S O R G


Sorg er tårer,
tunge, tåketette tåredaler.

Sorg er sukk,
endeløs, ensom ettertanke.

Sorg er savn,
svart, sanseløs smerte.

Sorg er tomhet,
vanskelig, vergeløst vakuum.

Sorg er ord,
mimring av milevis med minner.

Sorg er en tid
med varsom vandring videre.



Ragnhild Bakke Waale


Eit dikt til mine veninner som har opplevd ei stor sorg i dag.
Glad i dåke!

M O R S D A G


M O R S D A G`s
B u k e t t 


T U S E N  T A K K
*Snille pappen, mollemor og vetlebror


onsdag 16. februar 2011

D Y R I S K


På tirsdag kjem Rett Hjem nr 1 2011 ut i postkassane (Bergen og Stavanger).

Eg gler meg å sjå bladet etter å ha fotografert eit av bladets tema:
D Y R I S K

*Veldig kjekt å sjå at eit av mine bilete vart valgt til framside...
:-)

God natt - eit lite godnattbrøøøøl (gjesp) frå meg!

Veninneblom



Ikkje noko er kjekkare enn å få ein blom utan grunn.
*Berre for at nokon synes eg er snill! :-)

T U S E N   T A K K

Snille du òg!
:-)

tirsdag 15. februar 2011

G R E Y





Julepynten er ENDELIG ute av stova vår.
Det tok jammen si tid i år! :-)

Nå er "basen" i grått, svart og kvitt klar for eit innrykk av fargar.
Trur at tida er inne for noko KNALLrosa...

*Hesten min har eg ikkje vist før. Den er laga av Ole Martin Skaug, og fabelaktig vakker, synes eg. Ymse veninner har diverre komme med upassande kommentarar om denne vakre hesten! FY skam! :-)

tirsdag 1. februar 2011

Bjørg Thorhallsdottir til Stord


Dette er stas!
Eg gler meg!
:-)

*Eg er i live! Har hatt svært mykje jobb som dykk får veta meir om... :-)
Har også vore på Interiørmessa, samt sveipa over Oslo sine kjekke butikkar.
Dyremønster og gull er hot!