Årets julekort 2010
med tema
Reisen til julestjernen
Julekort 2010 førte til at me drog med oss ut ungar, kanin og sopplampar, lykter, støvlar og småsko for å fotografera til årets kort. Eg hadde "Sonjas song til julestjernen" på repeat i hovudet for å oppnå sjølve eventyrkjensla...(har faktisk vore vanskelig å blitt kvitt den songen i frå mine hjernefiber).
Rollefordelinga var enkel:
Veslebror: Ein lur og skjønn liten nissegut, som skulle luska og tuska rundt omkring
*Nissehua frå MeMini har vore heilt super, både i bruk til julekort, i barnhage og til julebukk. Tusen, tusen takk! :-) Storesøster: Prinsesso! Ingen andre som krev den rolla i heimen vår! :-)
Strutteskjørt i gull kjøpt på Berthas har vore ein hit! Kor mange gonger kan ein svinga rundt og rundt utan å bli lei? Hmmmm...trur det er uendelig! Pappa: 1.fotoshoot: Statist, bærar, sjåfør og han som måtte varma kalde tær... 2.fotoshoot: Lykkelig langt vekk frå heile greio, på jobb!
Mamma: Fotograf og grafisk designer, samt lokkedama (berre 2 sekund til, så skal du få litt godt) og kjeftemamma (du får ikkje godt når du oppføre deg sånn...) :-)
Eg skal visa heile kortet over helga! Det ligg nemlig fortsatt ein del kort igjen som ikkje er blitt sendt... Viktig å følga julatradisjonar - nemlig!
God Jul!
:-)