lørdag 11. oktober 2008

Eplekjekt besøk




Eg har hatt haustferie! Ein litt sånn "halvfrivillig" ferie pga. sjuke ungar og storfint besøk! Å få besøk krev nemleg eit ryddig hus! Ettersom eg har oversett rot i nokre månedar så tok det meg heile tre dagar å rydda, sortera, kasta og vaska. Det betyr ikkje at me har levd i ein sump (eller, kanskje det?), men ting hadde hopa seg "litt" opp her og der, for å seia det fint...

Det gode med mitt besøk var at nå vart det både fart og ekstra full fart i sakene. (Min kjære måtte ufrivillig vera med i operasjon ryddig hus, og er derfor reist på rekresjon aleine på hytta denne helga...).

Deadline var torsdag kl. 19.00, då kom nemleg 4 damer på besøk. Tre av damene styrer denne butikken, og alle saman er vel over middels interessert i interiør. Damene er snille, knallkjekke og greie, men eg hadde nerver!!! På tross av åtvarningar ang. korleis det egentlig ser ut hos meg, så følte eg eit lite snev av forventningar...
Dette forventningsproblemet (mitt problem altså) hadde eg aldri før eg starta blogg! Nå merkar eg at mange har ei formeinig om at eg har det SÅ fint heime... Neeeeeiiiiii, eg har ikkje det! Eg viser berre litt! Eg viser ei stemning. Eg viser ikkje alt...

Uansett, besøket kom, før eg var ferdig. Ei stor panne havna derfor under nokre klede inne på vaskerommet, handklede som skulle henga på toalettet låg i tørketrommelen (oppdaga jo sjølvsagt det etter at besøket var gått -dåke måtte jo seia i frå!) og kanskje aller verst (fins egentlig ei heil liste med punkt her) var at spisestuebordet flaut. Mange byrjar jo kanskje heilt logisk å rydda i dei romma der gjestene er. Det gjer ikkje eg. Det rommet kom sist i rekkja... Uterommet hadde eg ikkje rørt, og ergrar meg fortsatt kvifor ikkje mi bønn om snø vart høyrt.

Men uansett rydding og rot, me hadde det kjekt! Mat fekk dei og mette vart dei! Knallgode reker etter superhemmlig oppskrift frå Den gode feen, og raudvin og tapas. Til og med kaka...takk frysedisken (på ein butikk eg ikkje besøker igjen -det er ein annan historie).

Denne nydelige skåla full av epler var gåve til meg frå dei kjekke damene! Knallfin! Tusen takk!
Dåke er velkomne igjen. Men kom fort, for nå er det ryddig...nesten! :-)

11 kommentarer:

sandra sa...

nydelige bilder altså!

sandra sa...

å det er jo deeeeilig etter en real opprydding i huset!! skulle også hatt det snart...

Rosa sa...

åhja, kjenner GODT følelsen av ryddenoia når ein ventar besøk. Og desto lenger det er sidan den eller dei personane har vore der, desto meir ryddar eg.

Men rot eller ikkje rot - det viktigaste er jo at ein har det kjekt. Og med så freistande epler i ei så fin skål, og det som høyrdest ut som ein super" meny" måtte det jo vere ein god kveld?

God helg vidare, Bo!

Skatan sa...

Det är alldeles för länge sedan jag var här och lät mig inspireras av din stilsäkerhet och dina vackra bilder!

Trevlig helg,

Skatan

Hem och Lycka sa...

Jösses vilken helt underbar skål..! Vet du vilket märke den är utav så kanske den går att få tag i här i Sverige? kram!

Henriette sa...

Thihi......Kjenner meg igjen eg altså:0) Eg plar sei at me burde hatt besøk av "sjeldne" gjester minst ein gong i veka sånn at eg får rydda skikkeleg. Og panna under kler på vaskerommet, er eit like bra triks som papir i lekekassen;) Trur dei fleste av oss har det sånn. Kanskje me sku starta ein utfordring med å visa stova el kjøkenet i kvardagsprakten, men da tør me vel ikkje( Må verfal rydda litt først...)

Ha ein stråland søndag, og ei flott veka.

Klem:)

MeyBiMe sa...

:-D
Jeg kjenner meg utrolig godt igjen her jaaa!!!!!!! :-)
Vaskerommet og datarommet og og og..... er forbudte soner når besøket kommer!!!
Her hiver jeg inn ting...som jeg ikke vet hvor jeg kan gjøre av i farten :-/
Men enig med deg....godt å endelig få farten opp å ta i et tak....når det virkelig er fare på ferde...BESØK :-)
Utrolig bra innlegg...og skåla var kjempe flott!!!
Ha en fin søndag BODIL :-)

Kleine Schätzchen sa...

Hi! I do not understand a single word of what you are writing, but I love love love your pictures. They feed my soul. Thanks for that!
Have a very nice sunday.
Jeanny

Astrid sa...

Herleg innlegg:)
Måtte le litt då eg las at du gjer litt slik som meg; dei roma som gjestane mest sannsynleg skal opphalde seg i, dei kjem sist i rydderekkja. Har ikkje aning på kvifor det vert slik, men av ein eller annan grunn så byrjar eg alltid å rydde på vaskerom, kontor, garderobe FØR eg ryddar stove, kjøken, bad. Kanskje fordi eg synest eg må ta dei mest rotete roma først?
Det er ikkje alltid eg kjem i mål før gjestane kjem, og kjem eg nokonlunde i mål med ryddinga, ja då ser eg ut som ei raud og oppkava vaskekjerring i det gjestane kjem inn på tunet. Då er det godt å ha mannen i huset til å ynskje velkomen medan eg rekk å ordne meg i full fart på badet;)

Nok ein gong viser du oss nydelege bilete... Dette kan du! :)
Ha ein fin søndag!

Anonym sa...

..storfint besøk fra gaveroglekerdamene og noen til, :). de er jo bare såå hyggelige, og om du har rot bodil så er jeg sikker på at rotet ditt blir til kunst i fotoverdenen :)
tusen takk for titten hos meg og ha en fine søndag

Den gode feen sa...

He he he, nå ler eg. Så koseleg med besøk altså. Skulle ønska eg budde nær nok til at eg og kunne ha sneke meg med. Nydeleg gåve du fekk av dei! Sånn ønske eg meg også.

Kjekt at du har det ryddig og fint, nå kan du ta ferie ei veke til og komme til Stavanger og rydde hjå oss også, hehe. Det var jammen ein god idè :) Kjekt at rekene i den hemmelege sausen fall i smak. Eg har fleire hemmelegheitar på lur til neste besøk :) Klem!!