torsdag 28. januar 2010

Til gave og interiørmessen... :-)


I morgon reiser BO design & foto til Gave og Interiørmessen i Lillestrøm.

Gler meg til vårlig inspirasjon!
Kanskje du også skal der?

Mykje å gle seg til, for i kveld er det klubb!
:-)
Ha ein kjekke dag!

*Bilete er frå mollemor sitt rom -ein dag det var ryddig...

onsdag 27. januar 2010

Sånn vart julekortet produsert...


Tusen takk for så utrulig mange kjekke
tilbakemeldingar ang. julekortet.
Så snille dykk er!

Her nokre  s v a r  på korleis kortet vart produsert:

*Frå Rosa:
"...og så lurar eg sjølvsagt på... kva materiell brukar du når du lagar noko slikt? Papir, skjæring, bretting... you name it."
Hei Rosa - Eg har eigen printer som printar opp mot 270 gram papir. Har skjerar som er kjøpt på Clas Ohlson. Er på jakt etter større skjerar (så kom gjerne med tips!)! Brettaren min er min kjære! Snille far i huset! Teamwork! :-)

*Frå Ulla:
"Kan jeg spørre hvilken printer du bruker? Regner med den tar ganske tykt papir? tilogmed tykt papir i a3?".
Hei Ulla! Printaren min er ein stor Bizhub frå Konica Minolta. Kortet vart printa på A3 papir, 250 grams papir.

*Frå Victoria:
"og det jeg ble nyskjerrig på nå var, hvor mange slike kort ble laget?".
Hei Victoria! Eg lagte 120 kort i år. Trur eg...(kanskje fleire...).

*Frå Merete:
"Kan jeg få komme på julekort-listen din i år?? Pliiis!".
Hei Merete! Send meg adressa di, så skal du få deg eit kort! :-)

*Frå Anonym:
"Jeg bare lurte på en ting, hvor trykket du det? Har du et sted å anbefale?".
Hei Anonym! BO design & foto trykka desse korta! Absolutt til å anbefala... :-)


I dag har me vore på barneturn! Endelig kjem kjolen til sin rett! Masse skjønne jenter i full fart! Med mammo på sidelinjo som synes alt virkar litt vanskelig...heehehehe!
Gode kveld!

Julekort Anno 2009!!!



Nå er nesten alle julekort sendt avgårde
(ligg fortsatt nokre att),
for her i det BO`ske heim,
så varar jula heilt til påske!

Kortet for 2009 hadde temaet
tid

Korta mine er kanskje blitt litt for innvikla med åra,
så dette blir ein julekortgjennomgang MED bruksanvisning!

Konvolutten:
Dei som ikkje hadde tid til å opna kortet,
kunne sjå rett gjennom konvolutten...
(Skremmande morsom når eg er trøtt).


Grunnideen
 bak kortet var det å telja ned til noko. 
Som ein kalender. Eller det å ta tida...eller bruka tida.
Eller rett og slett ikkje ha nok tid...
Ordet tikk takk var også sentralt i skissene
(for sjølvsagt må julekort skissast!). 


Banda:
Banda som eg då fann på Stoff og Stil passa
perfekt til denne tal og teljeideen min.
*Dei passa så bra at eg trur at "Stoff og Stil" 
trudde eg hadde skrive feil anntal meter i bestillinga mi...
maaaaaaaaaange meter...

Puter:
Kva passar betre til tema tid enn ei klokka!
H&M solgte dei perfekte "julekortklokkene"!
3 klokker vart dermed bestilt til herjeleik i fotostudio!

Framsida klipte eg rund som i ei klokkeform,
med ein flipp som kunne vippast ned.
Her kom bileta av dei to små pompelompane våre fram...



Då kjem me til innmaten i kortet, flipp 2 :-).
Julebudskap:
Tid for håp
Tid for glede
Tid for omtanke
-å  t a  s e g  t i d  t i l  k v a r a n d r e !


Bakside av flipp 2.
Kalender:
Eg laga ein kalender som viste dei ulike dagane i desember,
og kva familien vår hadde gjort på i denne ventetida.

Størst av alt var sjølvsagt 5 års dagen den 15. desember!
Nedteljing:
Heile kortet bestod av ei rekkje med tal, frå 1 til 24.
Dei fleste tala fekk plass på denne 3-siders bildecollagen.



Luke 24:
Eit tal fekk størst plass, nemleg julafta.
Bak det talet fant ein to små julekledde ungar!
Liksom rosino i pølso (for gamle tanter) :-)
(Dei bileta har eg vist tidlegare på bloggen).

Til slutt;
På baksida ser ein faktisk kven kortet er i frå.
Og det ser også dykk!
:-)

tirsdag 26. januar 2010

Kvist og Kvast


På Vikjo har me fått ein kjekke blomabutikk som heiter
Denne yndige perleblombuketten kjøpte eg der før helga.
Så fiiiin...

Da er noko med fargen blå og meg!
Blir ikkje lei, vil berre ha meir!
:-)


mandag 25. januar 2010

På tide å hogge treet...



Å glade jul...!

Kanskje det er fordi eg er så elendig å sy?
Kanskje eg (me) er sløve?
Kanskje me treng ein synstest?

Kalendertreet vårt står nemlig fortsatt framme.
Treet som har sitt virke frå 1-24. desember.
Nå er det januar.

Kvitmaling som kamuflasjefarge fungerar iallefall svært godt.
Treet har sklidd inn i interiøret.
For å bli?
Har det slått rot?



Treet kremmerhusa vart sydd for nokre år sidan.
Les om det HER.

Eg syr ikkje så ofte. Symaskina har faktisk ikkje vore rørt etter dette påfunnet.
Min største problem under operasjon kremmerhus var undertråden.
Som du ser på bilete under, så var den svart.
Eg prøvde nemlig å kjøpa kvit undertråd.
Det var feil.
Du SPOLAR undertråd.
Korleis i all verda får ein det til?

Eg fekk det ikkje til. Iallefall ikkje til etter det var slutt på all svart undertrå.
Nøden lærer naken kvinne å spinne...eller noko sånt.
Iallefall fekk orda ei viss meining.


Har treet slått rot?
Hmmm...

Ha ein kjekke dag!

Takk for i går!
:-)

søndag 24. januar 2010

Nettmøte: SPØRSMÅL/SVAR


Eg får masse spørsmål på bloggen min, både på mail og i kommentarfeltet.
I dag skal eg prøva å svara på spørsmål, viss nokon har nokre då!
La oss kalla det eit bloggenettmøte!

NETTMØTE med BO
BO har pc i stova, og er nok på nett heile dagen...

Så har du spørsmål om noko
(bør vel egentlig ha noko med innhaldet i bloggen min å gjera!),
så skal eg svara.

:-)

Her er svar på nokre spørsmål som allereie er stilt:
Det var desse eg klarte å hugsa...

Dukkehuset øverst er kjøpt på Sandnes (Stavanger),
Veit diverre ikkje kven som er forhandlar.
'

Tallerkenhylle er kjøpt på Sæbøvik Gåver og Leiker.
Veldig kjekke damer som jobbar der, så berre ring til dei, kanskje dei har fleire?
Klikk HER så kjem du til bloggen til butikken.


Klokkeputer er kjøpt på H&M sin online butikk.
Bilete er tatt til julekortet vårt.
Skal snart visa kortet her, så fort eg får resten av korta avgårde...


Bordet i kroken er ikkje nytt, men eit arvemøbel.


HAR DU SPØRSMÅL, BRUK KOMMENTARFELTET
Eg skal svara så godt eg kan...

:-)

lørdag 23. januar 2010

Light my fire


Dette brettet er blitt eit oppsamlingsbrett for talgalys,
plassert midt på stovebordet.
Lassevis av halvbrente lys som ein gong hadde æra som adventslys,
utelys eller berre som eit innetalgalys endar sine dagar her.

Brettet har levande lys heile dagen.
Sotet legg seg som ei hinna over alt,
men det ser me fyrst til våren...

Det er derimot to stk skjønne talgdamer som slepp å bøta med livet...
Dei burde vel i det minste blitt pakka ned med julepynten!
Dei eg snakkar om er desse to:


Det går berre ikkje an å setja fyr på noko slikt!
Eller kva synes du?

I kveld brenn fatet slikt som dette:

Ha ein fortsatt god opplyst laurdagskveld!

*Vart så veldig lett å blogga når PCèn står rett ved sida av deg, i stova...

**Dei skjønne talgdamene vart kjøpt på Berthas før jul!

Helgebukett





For mange år sidan så jobba eg deltid i ein blomsterbutikk. Då kom mange innom på fredagen for å kjøpa seg ein helgebukett med avskårne blomar. Egentlig ein fin tradisjon. Det gjer iallefall for min del at det er litt kjekkare å vaska golv...

Om eg ikkje gjorde det i går, så tek eg iallefall ein helgevask i dag. Eller prøver på. Blir litt motlaus når haugevis av klede ligg framfor meg -reine klede -dei som ikkje finn vegen til skapa sjølv. Bøttevis av leiker som dukkar opp på dei mest rare plassar. Mengdevis av blader og aviser som må sorterast for kast eller ikkje. Da endar liksom ikkje!!!

Helgebuketten er heldigvis like fin, rot eller ei! Trur eg... :-)

God helg!

fredag 22. januar 2010

Styggfin





Møt min fantastiske lysestake! Den er verdens styggaste, men den absolutt finaste lysestaken som fins! Den er rett og slett  styggfin  ! Lysestaken kom i hus rett før jul. Firmagåve frå BO design & foto til sin ansatte -Meg!
Rart med slike kjøp. Noko ein synes var "ugly-bugly" for nokre år sidan, kan tala rett til hjarta nå! Trendene fyk avgarde. Personlig stil? Joda -men gu kor påvirka me blir (om me vil/bryr oss eller ei!). Den stygge lysestaken er brått blitt vakker! Eg elskar den!!!
Lysestaken vart kjøpt hos Berthas Oldebarn, saman med mykje anna... :-)



  Bilete er tatt på ein solskinnsdag med blå himmel -deilig! GOD HELG!

torsdag 21. januar 2010

Lovely



Eg har tidligare snakka varmt om Sarah Reed sine produkt, og det samme gjer eg i dag. Den nye koppen min er frå samme kunstnar, å eg fall berre sånn heilt pladask!

Innkjøpet vart gjort på veslegut sin fødselsdag. Lettare halvstressa for eg rundt på leit etter ei gåve til godguten på sjølvaste dagen hans, den 4. januar. Dette etter eit akutt anfall av dårleg samvit om at han ikkje hadde fått fin nok gåve på morgonkvisten...

Det er nemleg ikkje særleg positivt å vera fødd tidleg på året, skjønnar dykk. Alle (også mor og far) er mektig lei av feiring etter jul og nyttår, butikkane er "tomme" og lommeboka likeså! Fødselsdagen blir meir som eit slit enn ei gleda! Å då byrjar jo mammahjarta å skrika etter ein slag rettferd!

Mammo med dårleg samvit susar derfor inn på Galleri Giga. Smart! Knall-lurt! For der finn ein jo sjølvsagt den perfekte gåve til treåringen som ynskjer seg Kaptein Snabeltannsverd (Snabel=Sabel)...!!? Jada... 

Sjølvsagt, ingen sverd i sikte, men denne koppen lyser mot meg! I eit svakt augeblikk tenker eg høgt at denne kan jo bli ei flott og verdifull gåve - ja, til ein liten gut på tre år?!! Ingenting gale med det vel??? 

Hmmm...fornuften slår inn, eg stig ut av butikken med retning mot leikebutikken. I veska ligg den flotte koppen, innpakka - til meg sjølv...

Ha ein god koppedag!:-)