fredag 4. juni 2010

Herlige Kristiansand!



Det må fyrst seiast: Desse bileta har ingenting med Kristiansand å gjera! Desse er av ein liten og veldig uskuldig broremann, ein sommardag på Halsnøy.

Men akkuratt nå er me i Kristiansand -og her kjennes det ut som ein fantastisk midtsommarsdag på vestlandet! Kristiansand har vist seg frå si beste side. Varmt og herlig! Nesten ei kjensle av syden! Me har kost oss så masse at det blir nesten litt hardt å reisa heim på søndag.

I dag var me vore i Dyreparken. Me har kjørt "Nilen" og bob-bane, besøkt Kardemommeby, Kutoppen, Skomakergata, Kjuttavika og alt det som burde sjåast. Eg har møtt ein kjekke blogg-lesar (hei til deg!!!). Me har vore på handel og me har vore på ei strand der ungane fekk bada. Sikkert ikkje den stranda som vanlegvis blir brukt til bading...det kom nemleg nokre digre svaner å "skremte" oss vekk...:-)

Grunnen for eit Kristiansandsbesøk i travel jobbetid, er eit kjekt oppdrag for BO design & foto. I morgon er det derfor jobbing for ho mor, men gler meg veldig til det også!

Merkar at eg rett og slett er litt "høg" her eg sit å bloggar. Men så er jo hotellet eg bloggar frå ganske så stilig også! Ref. storesøster: Hotellet er FANTASTISK! Seier meg heilt einig...

Ha ein knallfin kveld! 

Over frå Kristiansand! :-) 

3 kommentarer:

Vivian sa...

Så flott at du koser deg her i Kristiansand. Vi har hatt det sånn sommerlig hele uken. H E R L I G.
Nyter det så lenge det varer:)

Ha en fortsatt god helg!
Klem Vivian

Hjemmekjær sa...

Ja, Kristiansand er trivelig:)
Så skjønne bilder:)

Tove sa...

En herlig liten krabat...
Ha en fin sommerhelg
Klem Tove