fredag 12. mars 2010

Tull & Tøys

Litt tøys og tull på morgonkvisten før levering i
barnehagen kan vera kjekt å dokumentera
for framtida.
Med bringebærtrut så ser vel minstemann ikkje så
veldig happy og nystrøken ut,
men skinnet bedrar (iallefall humøret)...

...ingen får iallefall daddo til å le meir enn han!

Mange gonger (iallefall før eg fekk ungar)
så tenkte eg at det er foreldra som formar ungane 100 %.

Å nei du...
Mi erfaring er at ungane som kjem til verda har
sin eigen personlegdom.
Våre to er så ulike. 
Unike heiter det! 

Av og til ser eg på dei (spesielt vetle poden)
og lurar på om eg verkeleg har fødd han!!!
Storesøster kan eg kjenna meg meir igjen i,
om det kan nå skurra der og...
 :-)

Den knallfine buksa daddo har på seg er av merket MeMini.
Eg har kjøpt mi på den knallkoselige butikken Litle Blå.

Ha ei god helg!

torsdag 11. mars 2010

Kvit eller blå?

Store og viktige spørsmål her i dag...
Det må seiast at dette ikkje er den største bekymringa mi i livet, men:
- Skal eg ha blå eller kvite knottar på mitt vitrineskap?

Skapet vart kjøpt for konfirmasjonspengar for ørten år sidan,
og har "stand by my side" sidan.
Nå oppbevarar det (nesten) alle mine blå kjørler.
Dei er det blitt ein del av, sidan fargen
B L Å
har vore ein favoritt i alle mine leveår. 
Knottane har også vore inne i skapet ei stund...
Dei ligg liksom å godgjer seg,
før ho mor kan ta dei store beslutningane i livet.

H a   e i n   f i n e   d a g !

onsdag 10. mars 2010

Gamle kjøkkenbilete


På leit etter nokre bilete kom eg over mappa som inneheld bilete av kjøkkenet vårt. Bileta vart tatt av meg i samanheng med at kjøkkenet
vårt var på trykk i bladet Vakre Hjem.

Sjølvsagt så vart ikkje alle bileta brukt, eller levert til bladet.
Nå har eg hatt nasa heilt i skjermen for å sjå gjennom heile bunken.
Knallartig å sjå kor små ungane var!
Tida går så fort...altfor fort!
*Det andre eg legg merke til med bileta er at kjøkkenet virkar så ryddig...
Det ser ikkje slik ut i kveld, for å seia det mildt! :-)


tirsdag 9. mars 2010

Magnetar etter min smak!

Magnetar etter min smak!
Lekre!
Skjønne!
Fine!
Kvite!
Å ganske så rimelige... (29,- kr pr ord!!!).
(Så absolutt ikkje knallgule, grøne og blå! ref. DETTE innlegget). ;-)

Desse kjekke magnetane som fins i MANGE variantar har dei på
(Berre klikk på link - Sæbøvik Gåver & Leiker sender til deg
viss du ynskjer å bestilla slike magnetar over telefon).

Eg vart så glad når desse vart mine i går,
når eg var heime på Halsnøy i kjekt klubb-besøk
Litt leik med nye magnetar, for så å hjelpa til med bordekking.
Her i huset har me nemlig "Den gode hjelpar".
(Vidareføring av gode barnehagerutinar).

Det er STAS å vera den gode hjelpar.
(Den gode hjelpar=Den som dekkjer bord, finn bestikk og vatn).
Rett og slett så stas at det lett fører til ein liten
krangel om kven som er den gode hjelpar...

Ein sidrompa liten kar vil også finna glas i skapet... :-)

søndag 7. mars 2010

Going Green


Plutselig så vart da vetleguten som vant det store lotteriet:
Kven skal få ha litt grønt på rommet sitt...?

Den knallfine grøne fargen på desse boksane dykk ser på bileta gjorde nemlig at mammo berre MÅTTE ha di...ei sånn inderlig intens trang... :-)
Spørsmålet var: Kor i all verdo skal dei plasserast?
Storesøster sitt rom? Jo, det går vell an, tenkte eg, heilt til eg kom heim å fekk bekrefta at det går absolutt ikkje an... Der var det meir enn nok frå før. Både av boksar og anna.

I dag har boksane sklidd i frå rom til rom, på leit etter huslyd. Reisa varte så lenge at eg tenkte at hytta måtte vera plassen. Men så fekk eg ei openbaring: Dei passar her!!! I vetlebror si vesla håla!!! :-) Boksane var det behov for også. Til bilar, puslespel, gullmyntar, kort og teiknesaker! "Eggakorgo" vart omskapt til oppsamlingsplass for Noahs ark (+litt fleire).

Perfekt!


Etter "grønbølgo" slo innover rommet, så sklei mykje på plass! Gyngestolen som mammo mi hadde når ho var liten fekk plutselig perfekte omgivelsar! Lykke! Og så er det jo grønt i teppet...mmmm...nøgde! :-)

*Nye boksar og eggekorg kjøpt på frk Lande. **3-tal på kanonsalg hos Stemning. ***Benk/Speil og reile hos Sæbøvik Gåver & Leiker

P.S: Anbefalar sterkt Lille Gruffalo boka dykk ser i hylla... Løyen! :-)


torsdag 4. mars 2010

To the Zoo

Til sommaren så har eg har fått eit kjekt oppdrag som inkluderar hotellopphald for familien og billettar til dyreparken i Kristiansand. Kjekt!
(Eller rettare sagt: Fantastisk kjekt!!!).


I dag såg eg på TV2 at den nye giraffbabyen (kalven) i dyreparken har fått navnet Melvin.

Me gler oss til å sjå han!
:-)


Isbjørnane finn me nok ikkje i Kristiansand, eller?
Dyra er kjøpt på Sæbøvik Gåver & Leiker! :-)

torsdag 25. februar 2010

Konfirmasjonstid

Snart er det mai, vår og konfirmasjonstid!
Fotobestillingane tikkar inn hos meg, noko som er kjekt!
Her ei av dei flotte konfirmantane som vart fotografert i fjor.
Flott bunad og flott jenta!

Ha ein gode dag!

tirsdag 23. februar 2010

Lysranke

Stjernelysranken som eg kjøpte på Riviera Maison i Bergen før jul,
likar eg SÅ godt...
Dette bilete er tatt før jul, men om sviblar og mose er "gone",
så heng stjernene der enda.

Med vinterstemning ute så kan nok dei få henga litt til...

God vinterferietid!

fredag 19. februar 2010

Rett Hjem


Ny utgåve frå Rett Hjem er utgitt.
Her er eit knippe av bileta mine,
som er på trykk i bladet.

Location: LyseKloster på Os,
i lag med to kjekke søstre!
Hei til dykk!
Ha ei gode helg!
:-)

Nå lengtar eg etter vår...

torsdag 18. februar 2010

Karneval!


KaRneVal


I går var det vår tur til å senda "gjengen" på karneval i barnehagen. Alle som har barnehageborn, har hatt borna i barnehage eller kjem til å få barnehageborn må gjennom utkledning i februar.

Våre håpefulle var kledd ut som 90% av dei andre ungane.
Prinsessa og Kaptein Sabeltann!

Storesøster var nok den som gledde seg mest. Kvelden før låg alt klart til den store dagen. Halv sju ville ho legga seg slik at det vart morgon ganske kjapt!
Høgdepunktet er nemlig å få lov til å bruka sminke! Det er himmelen på jord! Rosa i kinno! Høghelte sko! Gid a`meg! Tryllestav! Sukk og stønn -eg er vakker!!!
*Det er i slike tider ei usminka mammaBodil lurar på om denne jentejenta er mi...
Eg var nemlig ei gutejenta. Bestevenen min var Gunnar. Håret var kortklipt og favorittplagget var ei revolverdongribukse! :-)

VetleKapteinen vår gledde seg også,
om han syntes han var så skummel at han nesten var redd seg sjølv...
:-)

God karnevalstid til dykk alle!