lørdag 18. august 2007

God helg
































Ynskjer at alle får ein fin laurdagskveld og ein kjekke søndag!

Her er eit bilete av lyng plukka på hytta. Mmmm, fin farge og god lukt!
God helg!

torsdag 16. august 2007

Boktid






























På mandag, etter å ha vore til fjells utan nokre slag av butikkar, hadde eg ein ting eg MÅTTE ut å ha! Det var siste boka til Anne B. Ragde. Viss de ikkje har lest Berlinerpoplane og Eremittkrepsane, så vil eg anbefala det. Nå er tredje boka lansert, og det har eg gledd meg til!

Sveipa innom Lindex på vegen, der eg fann ein haug med kjekke og billige nattklede og basisplagg til dei små. Lurt å handla nå, ettersom butikkane må ha plass til alle haustvarene...

TUSSALUSO (sjå link på sida mi) viser hausten med å visa lyngen som ho har teke inn. Eg drog med meg inn litt roser, som heng nesten under jorda, pga. alt regnet.

Nå skal eg nyta haustkjensla, og kosa meg med bok og te! Berre tulla, eg drikk Cola Light! Heheheheeh :-)

mandag 13. august 2007

Blåbærskog



















Våre søte små, med mamma og pappa på blåbærskog. Mammo litt meir ivrig å fotografera, "på grunn av da fina lyset" (høyre meg sjølv), enn å plukka bær.

Ser idyllisk ut, men bileta kan lyga... "Store og farlige" maur gjekk til angrep på frøken fjong og stakkar vesleguten (som måtte ligga på bakken pga at eg skulle ta bilete), og me måtte rømma!


Er vel ikkje farlig med litt maur synes mammo...skulle jo ønskt at eg berre kunne tatt eit bilde til... Huff, kjenne meg litt som ei dårlig mamma. Men berre litt... :-)


Eng: Our children in the wood, picking blue berries.

Sjarmøren vår




Her er vetlepusen i nya huo si, kjøpt på Evanger den og! Er han ikkje god! Mmmmmm...seie mamma! :-)

Eng: Our little sweetheart in his new hat. Cute...

lørdag 11. august 2007

Litt reklame


































På Evanger, mellom Dale og Voss, fins ein kjekk butikk som sel både gammalt og nytt. Ein shabby, vintage aktig mix, med gamle møblar, handlaga "krimskrams", klede og ein del frå Lisbeth Dahl + mykje anna. Her var eg, og gjorde eit godt kjøp! Rosa hov, stolar (skal visa dei ved ein seinare anledning), liten trekomfyr, serviettar, knaggar osv. vart med meg heim. Ta turen innom, viss du er "on the road". Dei har eigen nettbutikk, for dei som bur langt vekke:
http://www.evanger.net/default.htm
Eng: Items bought in the summer.

Kvister og sånt...





Trenden er å ta naturen inn, i form av vatn, tre, kvister og dyrekranie...hmm... Me blir alle påvirka, om me vil eller ei! Så her sit eg, og angrar litt på at eg ikkje tok med meg det daude treet i elva -hadde nemleg vore fin å hengt smykker på. :-)

lørdag 4. august 2007

Badestampen vår





























Nå har me vore på hytta, der me har badestamp. Det er husbonden sjølv som har laga den, etter broren si oppskrift(?).
Uansett, alle likar eit bad i den varme stampen, spesielt i snø eller regn! Veldig kjekt har det vore i ferien, ettersom det ikkje har vore så fristande med bad i elva eller vatnet...brrrrrr...
Mollemor storkosar seg i stampen, og vil helst ikkje ut...
Eng: Pictures from our cottage in the mountain.

torsdag 26. juli 2007

Riviera Maison













































Eg har ein yndlingsbutikk, nemleg Riviera Maison, plassert i Alexandrium, i Rotterdam. Ein heilt fantastisk butikk! Huset i logoen er fysisk bygd opp inne i butikken. Det tre-etasjers murhuset bugnar av fantastiske interiør opplevelsar, og alt i dette utrulige "showrommet" kan kjøpast. Butikken MÅ opplevast! (De kan sjå den virituelle visninga frå akkuratt denne butikken, inne på Riviera Maison sine nettsider).

Bror min bur der, ikkje i butikken -det hadde eg gjort :-), men i Rotterdam. Så når han kom heim til sommaren med sin familie, så fekk eg dette frå Riviera Maison (pluss noko til, som ikkje er fotografert).

Veska kan nyttast på begge sider, og er sommarslig og kjempeskjønn. Serviettane matchar veska, så nå kan eg kanskje ha desse i veska, i staden for vipes, for skitne barnekinn...? :-)

Tusen takk!
Eng: Gifts from Riviera Maison, bought in Rotterdam.

onsdag 25. juli 2007

Lilla











Dilla på Lilla!
Nå MÅTTE eg oppdatera, etter diverse truslar... :-)
Ferietid gjere at bloggen ikkje akkuratt er i fokus. Nå er me heimom i nokre dagar, så nå får eg finna på noko som eg kan dela med dykk, her på bloggen!
Her er Frøken fjong i sine nye lilla Crocs, fått av tante og onkel i Nederland.
Fuglen er frå Lindex nattdrakten. "Du ta bilde av den til bloggen min!" Sa min kjære toåring. Skal tidlig krøkast, som god...

tirsdag 3. juli 2007

Skjønne!




Nå er det på tide å ynskja god sommar til alle som er innom her! Det gjer eg med å visa desse skjønne muggene som er nye i huset vårt. Fekk den minste pluss duken av Den Gode Feen. Tusen takk! Den største måtte eg berre ha, ettersom det er sommar og ferie!
God sommar!
Eng: Mugs and jugs from Green Gate. Looks nice in my kitchen!