fredag 22. juni 2012

D Y R



Eg har fått nokre mailar ang. dyra me brukte til dåpen til minstemann. Dyra vart brukt som bordkort og som litt pynt både her og der. Fortsatt står dyra framme i stova vår. Inni favoritten min i mange år, Tine K lykta (kjøpt på AC Home), står nokre dyr i ring rundt lyset. Kjekke dyr som krever lite stell...:-)

Dyra kjøpte eg på ein leikebutikk. Det var 6 stk dyr i ein pakning (sau, geit, esel, hest, ku og stut). Det fins masse fine og ulike leikedyr i butikkane nå for tida. Valget fall på desse for min del, grunna dyra sin størrelse og ein OK pris. Dyre dyr eller billige, fargen måtte endrast! Dyra vart dermed spraymalte kvite. Ein jobb pappen tok seg av - heldigvis!

Nå er det fredagskveld med ein sveip av laurdagsfølelse! God kveld! :-)