fredag 24. februar 2012

V I N T E R F E R I E M O D U S




Sjarmøren til mammo fekk fri frå barnehagen i dag
- vinterferien er offisielt i gang!

Guten var dermed kjekke hjelpesgut med ymse utfall...
Velting av handlekorg x 2 var kanskje eit av dei "ymse" utfalla!

Nå pakkar me for vinterferie og tøffen dask i raude bukser hjelpar til!
Velkommen Vinterferiemodus!
:-)

* Raude bukser og knallgode sailorjakke (det er vår!!?) er kjøpt på Polarn O Pyret.
Tøffe sko (arvegods frå storesøster) og skjerf kjøpt på Zara.
  

torsdag 23. februar 2012

L Y S E B L Å - L Y K K E




...litt lyseblå lykke frå meg...

...samt litt pappalykke...



mandag 20. februar 2012

L O V E


Litt    l O V e   på mandagskvelden!

:-)

søndag 19. februar 2012

P A N N E K A K E T I R S D A G








Pannekaketirsdag... på ein søndag!

På førstkommande tirsdag er det "pannekaketirsdag" (viss du ikkje var klar over det). Her vart det pannekaker/lapper til frukost/lunch i dag. Ei kreativ pannekakerøre som bestod av det eg fann i kjøleskapet, som t.d kefir og vaniljesaus!  Egentilg synes eg det er eit herk med pannekaker. Kjekt å lage røre, men uendelig laaaang tid å steike...
MEN - Pannekakene vart faktisk meget, meget gode... :-)

Blåbær, bringebær og lønnesirup på toppen gjorde også susen. I desse forkjølelsestider er det lurt å få i seg blåbær. Då må jo pannekaker med blåbær og kald blæbærte vera supert for helsa! Ikkje noko minus at flaskene er ganske så fine... :-)

*Blått servise merke Green Gate - Eg har kjøpt mitt på Sæbøvik Gåver & Leiker og på Ølen Møbler. Teflaskene finn du i ulike daglegvarebutikkar - eg har kjøpt mine på Ica.

lørdag 18. februar 2012

D I T T E



Eg ELSKAR den skjønne vasen frå Ditte Fischer.
Den har ei nydelig form og fins i ulike storleikar og fargar. 
Utrulig yndig og fin med brudeslør!

Heldige oss fekk gåvekort til bryllaupet frå Galleri Giga.
Der har dei masse frå Ditte Fischer,
deriblant denne vasen, som nå er min vår!
:-)

fredag 17. februar 2012

P I K E K Y S S





I dag har besteveninna til storesøster bursdag. Bursdagsbarnet ELSKAR pikekyss! I dag tidlig vart derfor storesøster utstyrt med pikekyss i handa, så dei to tøttene kunne ha litt bursdagsfeiring på skulevegen. Sikkert ingen tannlege som likar det påfunnet, men, men...

På desse bileta sit storesøster klar til å gå i bursdag. Klokka går så alt for sakte når ein gler seg til å gå i bursdagsbesøk, men eit par pikekyss korta ned ventetida. Det at ho fekk gå 15 minutt før selskapsstart, korta sikkert ned ventetida enda meir... :-)

Gratulera med dagen, skromlemor! :-)

*Kjolen er frå MeMini - deilig lyseblå/grå ullkjole som passar godt i vinterbursdagar.

D Å P by Feen


hjelpe meg" var det eg tenkte når eg såg Den Gode Feen sitt innlegg i går!
:-)
Snille fadder Linda hadde laga eit innlegg i frå dåpen her hos oss, sist søndag.
Utrulig underlig, skummelt, men også kjekt, å sjå huset sitt gjennom andre sine auge og kamera. Skrekkblanda fryd! :-)

Mine kritiske auge klarar ikkje å ta bilete av "heile" stova, heile kjøkkenet, eller i heile tatt av heilheten her i huset...

Men kan iallefall dykk sjå korleis me har det ved å klikke dykk inn her:

Det får kanskje bli litt meir heilhetsbilete her i frå etter dette, viss eg tørr!
:-)

God fredag!

torsdag 16. februar 2012

T I D E R


Pusekatten Knosken Moskeper Lillemann Momsen
er
3 mnd.
i dag


T i d e r

Av Haldis Moren Vesaas

Snart må eg vel kunne tru at eg ber deg.
Eg eig ikkje fred til nokonting no,
driv berre kring her og ventar og vonar
at du er til og har byrja å gro.
Eg reknar kvart teikn og kvart varsel eg får.
Så smått som dagane går!

Snart må eg vel kunne vente deg no,
så ferdig eg er, så tungt som eg ber.
Få sjå deg, få kjenne di form og din varme,
auga ditt, håret ditt, alt det du er.
Snart må ho vel vere komen, mi tid.
Så smått som dagane skrid!

Du må vel snart til å kjenne meg no,
smile imot meg kvar gang eg kjem nær.
Eg sviv her ikring deg og speiar og ventar,
vaknar du snart, tru, og ser meg, og ler?
Først då får du verkeleg liv og blir vår.
Så smått som dagane går!

Eg synest du lærte for tidleg å gå.
Stuttføtt og ustø spring du og spring
bort frå meg, heim til meg heile dagen,
alltid i større og større sving.
Eg når deg så lett som eg vil, eg kan fange
den sprelande kroppen din, løfte deg høgt
og bere deg med kvar eg vil, og dele
di glede – men dagane går så for snøgt!

Eg øygnar den tid då dei vegar du trør
ikkje har meg til endepunkt lenger.
Barn, ja no gir du meg sæle dagar.
Dei flyg berre bort på for snare venger!

onsdag 15. februar 2012

K A K E R



Bodil gjere ting ho ikkje kan!

Ved kakebaking gjere me som følger:
  • Handlar inn masse ulikt som ein trur ein kan få bruk for i ei kake (eller rettare sagt oppå ei kake?).
  • Tek sikte på å lage Cake-pops og kjøper til og med eigne Cake-pops stenger!
  • Set alt på bordet.
  • Finn fram pc og finn nokre favoritt nettsider.
  • Søker på X-anntal kakenettsider.
  • Tar sats (mentalt) og byrjar kakeproduksjon.
  • Mikser og triksar litt masse med oppskriftene.
  • Bakar/vispar/steiker med litt hell og litt uhell.
  • Ringer ho mor om me må ha sukker i kremfløyten når ein lagar krem. Mor er ikkje heime, men far (som er slagramma og har problem med talen) svarar svært tydeleg med irritert stemma at SJØLVSAGT skal du det :-D
  • Finn ut midt i marengslaging at maizena mjøl eller vineddik ikkje var handla inn.
  • Brukar bakepulver og eddik i staden for maizenamjøl...


  • Ryddar så vekk alt som ikkje vart brukt (ca. 2/3 deler).
  • Vaskar og stablar alt inn i skap og hyller.
  • Legg på duk og latar som om dette aldri har skjedd.
  • Forstår når eg ryddar vekk at Cake-pops har eg gløymt å laga... 

Kakebordet vart sånn.
*Og nei, eg lagde IKKJE alle kakene.

:-)

tirsdag 14. februar 2012

1 0 0 Å R




Dåpsguten vår i pappen sine armar på veg i prosesjon i kyrkja.
Storesøster fekk lov å gå ved sida, litt beskjeden, men rørande fine syntes mammo!

Dåpskjolen er over 100 år, og kjem frå pappen si slekt.
Kjolen er sydd av dåpsbarnet si tippoldemor,
og søsken, pappen, farmor og oldemor er alle døypt i den.
*Kjolen er brukt i 5 generasjonar til nå. 



Slenger på eit til hjarta - det er jo valentine i dag!