tirsdag 19. oktober 2010

Lisboa


 Små glimt frå fantastiske Lisboa!

Etter mange års lovnader til ein av mine beste "Englandsstudiedagarvener", om å komma til hans heimland og by, slo me til i haustferien. Me budde ein halv time utanfor Lisboa, på eit fantastisk 5-stjernes hotell. Berre detaljen som venta på rommet når me kom der seint på kvelden var verdt opphaldet!  På sølvfat stod det fat med varme sjokoladekjeks og store glas med jorbærmjølk til ungane... Nok til at mammo måtte setta seg ned på sengo å berre smila! :-)

300 meter frå hotellet var togstasjonen. Der tok me toget til Lisboa for å møta mine gamle vener frå England. Var så inderlig kjekt å sjå dei igjen!!! Så altfor, altfor lenge sidan sist!
Sidan dette var fyrste gong me var i Lisboa, så var det utrulig kjekt å bli vist rundt av ein "innfødt". Som min kjære sa: "Det var ei uforgløymelig oppleving!".

Deilig temperatur. Spennande arkitektur. Herlig bading i Atlanterhavet. Nydelige menn! (Hehehehehe). Me vil tilbake til Lisboa og omegn! :-)

mandag 18. oktober 2010

*****


Tilbake til haust og jobb.
Men lengtar tilbake til dette... 


Herlige Portugal!
Nydelige Cascais!

*Skal fortelja meir om vårt opphald i HEILT andre omgivelsar enn det me pleier... :-)

lørdag 2. oktober 2010

Utan tittel


Rett og slett utan tittel.

Eller:
Grafisk
Sebra
Gul
Striper
Laurdag
?

Ha ein knallgode laurdag!
:-)

torsdag 30. september 2010

Nerver : Weddingday


Lenge sidan eg har vist bryllaupsbilete,
enda det har vore utrulig mange brudepar i år!
Har bestillingar til og med i 2012! :-)

N E R V E R

Desse bileta visar ei nydelig brud i dei
hektiske siste timane før kyrkjetid.
Champagne og hårspray!  
Nerver og kjensler!
Klokka som tikkar! 

*Det nederste bilete likar eg så godt...

Ha ein fine dag,
med nerver eller ei!
:-)

onsdag 29. september 2010

tirsdag 28. september 2010

Epler og pærer, de vokser på trærne...



...når de blir modne så faller de ned...

Gode, raude prinseepler frå hagen har fått hedersplass i stova.
Eit saftig innslag i interiøret!

Ha ein eplekjekke dag!
:-)

mandag 27. september 2010

Pink lemonade


Pink lemonade
...and elephants, dear Jessie hear the laughter...

Nydelig lemonade i kjempefine flasker er blitt eit fredagsrituale her i heimen.
Når fredagen kjem har nemleg vesle frk. Rosa eit STORT ynskje;
-At me skal opna ei ny flaske fransk lemonade, for å feira at det er helg!

Litt gleder i kvardagen unnar me oss!
Dermed blir det lemonade i stetteglas.
Nøyaktig oppmålt av den tannlause skulejenta vår!

Rett og slett litt boblande  R O S A  lykke!


Lemonaden som alle tannlause jenter elskar :-) er kjøpt på frk. Lande!

På kjøkkenbenken



LIQUID HANDWASH

Alltid kjekt med nye såper grunna fine emballasje.
Denne syntes eg var både tøff og fin.
Så fine at den har stått ubrukt i ein del veker nå... :-)

Ettersom eg aldri får tak i det blårutete House Doctor såpegreiene, så får vell dette duga.
:-)

H a   e i n   k j e k k e   d a g !

*Handvask kjøpt på frk. Lande. Krukker fra SGL. Løk frå Spar... :-)

søndag 26. september 2010

Kål i stova


Det er jo så nydelig vèr for tida, at det burde vera ei skam å vera inne. Likevel, einaste gongen eg har vore utomhus i helga var ved kjøp av lyng og kålplanter. Eg har styrt på inne (kanskje litt pga. at spysjuka var så venleg å vitja oss!) med å vaska, mala osv. Spesielt stor jobb er å vaska desse kvite sofatrekka til Ektorpen. Nå var dei det eg kallar Sebrafarga, så det var på tide! Med eit "wundermiddel" mammo mi hadde med seg sist ho var på besøk, så skal visst alle flekkar flykta med expressfart! Hmmm...me fåor nåo sjåo... :-)

Litt hausstemning er det blitt i heimen. Merkar at det er kjekkare å tutla inne, når hausten er på veg. Desse avskårne kålgreinene er litt haust for meg (dei har sikkert eit fancy navn?), både pga. at dei er fine fargen og at dei har ei fin form. Men lukta er ikkje så fin. Kål har vel strengt tatt aldri slått til som noko parfymevinnar? Roser er vel litt greiare sånn.

Heldigvis har eg opparbeida meg eit lite lager med knallfine duftelys. Dette pb lyset er kjøpt på Sæbøvik Gåver & Leiker i sommar. Gjorde eit lite kupp då lysa var til halv pris på sommarsalget :-). Lukta er vel strengt tatt ikkje så intens at den slår deg ut, men i duftkampen mot kålen, så vinn den!

Nå er planen, i vår velduftane kålstove (!) å få på reine trekk, heilt krittkvite på sofaen... Men akkuratt nå, presis i dette sekund hyler frk Fryd at ho har klart å søla i sofaen. I den reine sofaen. Den eine som har fått på reint trekk... Ho mor til unnsetning. Å så er det vel berre til å bruka wundermiddelet ein gong til...aaaaaaaaaaaa...............

lørdag 25. september 2010

MiniHaustJobbeHageGutt




 








Epler i gras og på grein.
Sopp som poppar opp rundt tre og i mose.
Sollyset gult og skarpt.
Skuggar på hus og i gras.

I blandt dette, ein liten jobbegut som er ute med pappen sin.
Oppkledd av pappen (slår til, vettù :-)!) 
i skjønne nye MeMini klede frå knallflinke Kristine Vikse.

Kjekt med bestemor som bur på Halsnøy, som
hadde mykje kjekt i posen sin frå butikken Litle Blå!
Tusen takk, bestemor!