mandag 13. september 2010

Breaking news!!!

Trommevirvel!!!

Eg har fått det ærefulle oppdraget,
 å få lov til å lansera denne STORE nyheten:



I SEPTEMBER 2011 VIL DU FÅ OPPLEVA: 
Design, kvalitet og karakter
Kulturelle overraskelser Den sosiale
praten Den gode opplevelsen Stue
Kjøkken Bad Soverom Barnerom

Klikk her for lesa meir om
INTERIØR & BOLIGMESSEN 2011!


Spre budskapet til alle!
Dette kan bli kjempekjekt!
:-)

onsdag 8. september 2010

Jordan vet hvordan





Vil du ha ein oppvaskbørste?

:-)

Frå Jordan har eg fått fleire oppvaskbørster med klutar til,
frå deira nye kolleksjon "Home Collection".
Den raude serien beheld eg sjølv,
men nokre andre fargar kan bli dine.

Så viss du ynskjer deg ein ny børste, legg igjen ein tåredryppande kommentar
om kor sterkt du ynskjer deg ein flott fargerik oppvaskbørste! :-)

Alle kan delta!

tirsdag 7. september 2010

Feeling blue

 

Litt Blått frå meg i dag...

*Til dei som lurte på kor eg hadde fått tak i korgene i forrige innlegg:
Dei er kjøpt på Sæbøvik Gåver & Leiker. :-)

mandag 6. september 2010

Det flyvende teppe



Laurdags morgon stod eg tidlig opp, slik at eg kunne (tenkte eg) klara å rydda, få orden på huset i helga. Ja, ettersom det er mandag i dag, så kan eg meddela at det klarte eg ikkje...

Mitt stripete teppe fekk iallefall æra av å ligga på reint gulv. Teppet har ikkje landa heilt, for eg trur det snart tek turen til gangen nede, viss ikkje det blir ei landing i stova...
Rett og slett eit flyvende teppe.

Teppet som er kjøpt på frk. Lande, likte eg så godt, at det allerede er blitt kjøpt inn, og overrekt i gåve til ei kjekke veninna. :-)

Ha ein gode dag!

tirsdag 31. august 2010

Raff Design 2010 & Dundelina



I Bergen var det Kick off for Raff Design 2010 i går.
Les  H E R  kva Raff Design er!

Blandt designarar som Moods of Norway, T. Michael,
FLO Scandinavia, Siv Støldal,
finn ein

Utrulig flott og inspirerande!
...og eg er knallstolt på hennar vegne!!!

I samband med Raff er Dundelina sin vinterkolleksjon utstilt i butikken En Gul Knapp i Skostredet.

Denne kolleksjonen fotograferte eg i sprengkulde i vinter. I minus 13 grader gjorde heile "teamet" ein knalljobb. Skjønne modellar, som klarte seg (heldigvis) utan varige mèn! :-)

Eg storgledar meg til å kle dotter mi opp i denne kolleksjonen!
Den kjem til MANGE butikkar i oktober.
:-)


Ha ein gode dag!

torsdag 26. august 2010

Folk & Røvere


Den 31. juli opna ein fantastisk butikk på Lillehammer!

 Folk & Røvere

Folk & Røvere finn ein i gågata i Lillehammer.

I huset til Folk & Røvere budde tidligare politimester Larsen,
som var den fyrste politimesteren i Lillehammer.
Larsen blir omtalt som ”politilovens far”.
Derfor det tøffe navnet!

BO design & foto fekk æra av å laga logo og grafisk profil til denne utrulig spennande, kreative og engasjerande butikken.
Kjempekjekt oppdrag for ein skikkelig vitaminbombebutikk!
Ein butikk nett sånn som eg likar...
:-)



Til butikken har eg levert gavekort, postkort, tilgodelappar, byttekort osv.
For oss som diverre bur eit stykke frå Lillehammer;
Sjå på desse bileta som er lånt frå Folk & Røvere sin blogg!
Eller best av alt: Besøk bloggen deira!

*Folk & Røvere er også på facebook, sjå link på bloggen deira.




Åååå...eg vil til Lillehammer!!!

mandag 23. august 2010

Livets under


Før du var unnfanget ønsket jeg deg

Før du var født elsket jeg deg

Før du hadde vært her en time ville jeg ha gitt livet mitt for deg

Dette er livets under.

Maureen Hawkins




Mi fyrste gravidfotografering enda til skogs!
:-)
Kjempesporty høggravid mamma
(som såg forbaska spreke ut!)
gjorde nett som eg ønska!
Barnåler og maur er ingen hindring...
Knallkjekt oppdrag!

Lykke til i dei siste vekene fram til termin!
Klem!

*Den skjønne modellen har godkjent publisering av bileta på bloggen.

torsdag 19. august 2010

Kul pute


Denne puta synes eg er så kul. Egentlig så var det skulejenta vår som såg den fyrst, når me var på shopping i Rotterdam i mai. Men kva er betre enn når mor og dotter fell for det samme? :-)

Merket Pakhuis Oost har knallmasse tøft. Eg angrar fortsatt på at eg ikkje kjøpte bilputene som låg der saman med denne puta! Grrrr... 
Likevel, litt knaggar osv. kom også i handlekorga. Skal få det opp på veggane ein dag, men dykk som har fulgt bloggen min frå byrjinga, veit at akkuratt knaggar, det tek tid å få opp!!! :-)

Ei puta derimot, er det berre til å slenga i ein sofa...


Ha ein kjekke dag!  :-)

onsdag 18. august 2010

1. klasse




Ein stor dag og ein ny epoke!
Vesle mollemor er blitt skulejenta!

Med sjøstøvlar i øsepøse vèr, samt ballerina skjørt (ein uslåelig kombinasjon),
tok skulejento vår fatt på sin aller, aller fyrste skuledag!
Mammo fekk så vidt ta nokre bilder, før ho smatt rundt hushjørna!

Ei rørte mamma.
Ei nervøse mamma.
Men ei skulejenta som berre gledde seg stort!

Den knallfine ranselen kjøpte me når me var i Kristiansand i byrjinga av juni.
Både mor og datter synes den er kjempefin! 
Å nå vart det endeleg lov å bruka den!

*Skjørt og støvlar (Noa Noa) frå Lukas og Linnea (Stord)
**Nydelig bluse (Wheat) frå Mitt Rom (Nestun)
-Hei til deg, på Mitt Rom! :-)

søndag 15. august 2010

Hermegås


Det er ikkje så kjekt å herma. Men av og til MÅ me...
Ved forrige oppdrag for Rett Hjem besøkte me denne personen si fantastiske hytta.

Fotograf (meg) og journalist fall pladask for (blant anna) tv-skapet i hyttestova.

Eg fall sånn at eg måtte spørra om eg fekk lov til å herma!!!

Hermetut. Hermegås.

Kall det kva du vil!

Eg fekk nemlig lov
-Ja, berre herm, var svaret!
:-)


Etter endt oppdrag for dermed ferden direkte til IKEA.
(Ja, vart du og overraska nå?).
Dette er nemlig eit IKEA-skap!!!
*Solgt i brunfarge med andre knottar, vel og merka!


Så til den triste delen av denne historien:
IKEA sel ikkje slike skap lenger!!!

Så til den positve:
Men på www.finn.no solgte nokon nett det samme skapet!

Frå å vera halvdeprimert etter ein intens søk hjå IKEA,
vart eg svært lukkeleg etter ein rask søk på Finn.

I Stavanger var det nokon som faktisk ville kvitta seg med mitt ynskje nr. 1:
Det ultimate tv-skapet!

Dagen etter fotooppdraget, var eg (hermegåsa) dermed eigar av
samme skap som eg hadde beundra så grenselaust dagen før!

*Ferden heim frå Stavanger tok eit knallkjekt brudepar seg av!
Tusen takk til dåke, atter ein gong!

Til slutt eit bilete som viser kva skapet rommar:
Fjernsyn, DVD, decoder og alt slikt "skit" som er herlig å lukke inn!

*Nå må det seiast at eg er nok den største tv-slaven her i huset. Hadde det vore opp til min kjære, så hadde nok desse dørene vore konstant lukka.


Tusen takk for at eg fekk lov til å herma!
:-)

P.S: Eg har tenkt lenge å blogga om dette skapet, ettersom det er nokre månedar sidan det vart sett på plass, ferdigmåla. Nå har eg lovd den gode feen å blogge meir interiør!
I promise! ;-)