Eg synes desse kremmerhuso er for fine til å pakkast ned i lag med julapynten...
Ettersom julastjerno vår fortsatt heng i vindauga, så let eg nok desse passera ei veka og to til! Har vore mykje jobb i januar, så huset kjem litt i fjerde eller la oss vera ærlege å sei, femte rekkje! Svært mange ting let eg derfor berre skli rett forbi...som f.eks. at det står god jul på utedøra...
Kremmerhusa let eg derfor med godt samvit henga litt til på lysekruna. Saman med eit 3 tal og eit 5 tal, som vart lysekrunepynt når det var fødselsdagar.
God kveld!