Klem frå oss
torsdag 3. september 2009
onsdag 2. september 2009
Utdrikkingslag





I sommar gifta ei av våre beste veninner seg. Helga før den fantastiske ♥ bryllaupsfesten hadde me utdrikkingslag for ho. Som dykk ser på bileta: Masse knallgod mat og drikke! Samt masse tyting og latter, pluss ein utrulig konsert i Baroniet med Anne Grete Preus (ho var jo berre heilt fabelaktig!) og Herborg Kråkevik. I høg Champagnerus så vart dette ei stor oppleving, både før, under og etter konserten... :-) Ein gjeng flotte bergensarar på rada bak hadde hatt ein unik kveld pga. oss! Me skålar i bergensk kaffi, og seier HEI! :-)
Bruden skjølv ventar nå i spenning på bileta sine. Dei kjem til eit postkontor i Stockholm, pretty soon! Glad i deg Ingrid Pingrid Pøne! :-)
P.S: Takk for lån av naust, Linn!
tirsdag 1. september 2009
Mjølkegut
Elles så må me få ei ku i hagen!
Hadde han fått bestemt så hadde
han drukke melk heeeile dagen...
Her i eit tankefullt augeblikk, saman
med ynglingsdrikken sin.
P.S: Før han søke jobb, så bør han gå til frisør.
:-)
Frydefullt bestikk




Bestikket i "jordbær" innlegget mitt kjøpte eg på Fryd, i dei dagar dei eksisterte.
Fint bestikk, men svært sjeldent i bruk!
Det har blitt liggande i denne fine "boksen" som er kjøpt på Stemning i Rosendal.
Boksen/skrinet står på kjøkkenbordet vårt, så bestikket er vel ikkje akkuratt gøymt...

Men nå har eg iallefall tatt det i bruk!
Det etter at eg forstod at det tålte oppvaskmaskina.
Då vart det så mykje enklare å bruka det...
:-)
Ha ein kjekke dag, i ØSEPØSEveret!
mandag 31. august 2009
Jordbærpiken



som lagar verdens beste
jordbærsyltetøy!
At me mindre husmoraktige naboar
får smaka litt av dette vidunderet,
det er rett og slett fabelaktig!!!
Syltetøyet er faktisk så godt, at i går så byrja
mollemor å grina i redsle for at me var tom!
:-)
Dette innlegget kan nok reknast som reinspikka smisk,
men eg har sagt det mange gonger:
DU må selga dette syltetøyet! Du kan bli rik!
Ha ein gode dag!
søndag 30. august 2009
Me bruka BRUKA

Til søndagsfrukosten.

Til laurdagsgodt.

Til popcornkos.
Me bruka BRUKAdesign
også til mange andre etegilder.
"Serviset" har jo det meste av tekstar på seg,
som chips, potatis eller salat...
(til opplysning: eg ynskjer meg den med saft på).
Dei velkjente Brukaskålene mine er ofte framme i bruk.
Det fine med dei er at dei er litt enkle i forma,
samstundes som dei passar i lag med andre fat og skåler.
Egentlig ei ypperleg julegåve!
*Eg må jo seia det, ettersom eg gav slike i julegåve til nokre veninner i fjor...
Dei sa iallefall at dei vart glad, og då stolar eg på det!
:-)
Skålene mine er kjøpt ulike stader, og mugga hugsar eg faktisk ikkje kor eg kjøpte!?
Chips, godis osv. kjøpte eg for lenge sidan på Room 4 more,
mens sistemann i familen, popcornskåla,
kjøpte eg nå nyleg på frk. Lande.
(Der var det komme MASSE nytt i dette merket...sikle...)
For endeleg så har BRUKAdesign landa på Stord.
Me bur jo nemleg i ein by!!!
:-)
lørdag 29. august 2009
Best for Birds



Best for Birds
gjeld sikkert også for dei i plast, stoff og porselen...!?
Fuglekassa fall eg pladask for ein dag eg suste forbi
butikken Kvist og Kvast. Den måtte jo bli mi!
Nå heng den på vesleguten sin vegg. Sjølvsagt på grunn av at det er mykje fuglar på akkuratt dette rommet...
Fuglen som eg har tillatt å overvintra er svært rolig, samarbeidsvillig og grei.
Her er han i eit anna oppdrag (du ser han kanskje...)! :-)

I dag har me hatt ein veldig fin familiedag, med vasking av klede
(eg ser lyset -og det er kjekt)
og deilig lunch på koselige Bruncheriet med to kjekke vener!
Likevel...♥
fredag 28. august 2009
For SALE
Fyrste visning på mandag.
Er det nokon som er på husjakt på Stord,
så er dette eit veldig bra kjøp.

Noko heilt anna:
I dag opnar Pihls Paradis på Paradis, Bergen.
Veldig flott livsstilsbutikk!!!
Vel verdt eit laurdagsbesøk der du også kan stikke innom Colonialen...nam...
:-)
onsdag 26. august 2009
Røvarkjøp!

Hadde ein veldig kjekk Bergenstur i går, der arbeid og moro gjekk hand i hand!
Kjekt oppdrag med veldig kjekt følge!
Etterpå var eg på handletur i byn.
Var på mine ynglingar i Bergen by, Min Engel, Birte Bo m. fleire.
Diverre oppdaga eg at butikken Mint rett bak strandkaiterminalen skulle leggast ned
-rett og slett trist.
Men så er det jo noko med andres død...blabla...
-for der i opphørssalget gjorde eg eit kupp!
Eit regelrett Røvarkjøp!
BTC lampe nedsatt frå 3500,- kr til kr. 500,- er vell berre heilt fantastisk!
:-)
Sånt gjere oss bønder på bytur veldig glad...
Abonner på:
Innlegg (Atom)