tirsdag 9. juni 2009

Har hatt ein `lig kjekk dag på Lysekloster med ein skjønn konfirmant og ei skjønn mamma! Kjempekjekt å treffa dåke! Nydelig modell!!! :-)
(Klikk på mamma, og du kjem inn på bloggen til oppdragsgivaren min, og ser bilete av meg sjølv i action -skrekk og gru :-) !).

Nå får eg førbu litt bursdagsfeiring, ettersom det er MIN tur i morgon! Muffinsar på fatet er pynta med sink i frå frk.Lande!

mandag 8. juni 2009

:-)

Kven har sagt at ein alltid skal vera blid? Synes denne vesle tøtto var så fortreffelig skjønn om ho
var lei seg... Stakkars pusen fekk kos av mammo si, så smilet var raskt på plass igjen. Men kjekt med både blid og sur når ein fotograferar. OBS! Det betyr ikkje at eg med vilje gjer at ungane blir lei seg under fotografering... :-)

søndag 7. juni 2009

Emmeline


Mange har sikkert fått med seg at det var skrive om Emmeline i VG fredag. Til dei som ikkje leste artikkelen; Her er link! Kjempekjekt! :-) Klem til deg Emmeline! :-)


I denne artikkelen er Blogglisten nevnt, ang. plassering i forhold til popularitet. Eg hadde faktisk aldri høyrt om denne lista før eg leste dette innlegget i bloggen til Annettes Hus. Denne lista består av bloggar som er registrerte på denne lista -derfor oppmodar eg alle som har blogg til å registrera seg! Eg registrerte meg på fredag, og i dag så kunne eg sjå at bloggen min BO, ligg på 48. plass av dei 100 mest populære bloggane (ja, som vel og merka er registrerte då...). :-)


Kanskje dette var ein ide til Norske Interiørbloggar? Å lage ein URl som kan kopierast i kvar enkelt sin blogg, som ei registrering? (Huffameg, kjære NIB-damer, eg har ingen aning korleis ein gjer dette -heller ikkje om det er av interesse...!). MEN viss mogeleg så kunne ein på denne måten inne på NIB sine sider lett finne dei mest besøkte bloggane, med f.eks. ei 10 på Topp liste? (Sjølvsagt i tillegg til måten det er gjort nå, med dei ulike kategoriane -slik at ein ser kven som har oppdatert). Hadde vore litt greit ettersom det nå er SÅ mange bloggar nå, at eg ikkje klarar å ha oversikten og dermed sikkert går glipp av mange kjekke og dermed ofte populære bloggar!


Jaja, eit lite innspel frå meg på søndagen! Bilete til ære for Green Gate damo Cecilie -som har gitt meg den tvilsomme æra av å ha sett ho på GreenGate sporet... :-)

Ordføraren

På vegne av SKL, fekk eg i oppdrag frå Alf Gundersen, æra av å ta bilete av ordføraren her på Stord. Bilete skulle brukast i "Magasinet", eit kundemagasin frå SKL. Det var ynskje om eit bilete med miljøprofil, så då måtte ordføraren og eg ut i "markjo". Ei kjekke og sympatisk dama, som med tett tidsskjema og høghelte sko, villig la seg ned i kvitveisen for mi skyld! :-)


Bilete øverst er nå på trykk i bladet som dykk ser her. Samstundes er det blitt bestilt på lerret, som gåve frå SKL til ordføraren. Det tyder på at oppdraget var vellukka, og då blir eg så kjempeglad!!! :-)

lørdag 6. juni 2009

Klubben




Me er ein gjeng kjekke og travle damer som har verdens kjekkaste klubb (hehe, synes vel dei fleste om akkuratt sin klubb)! Men klubben vår er kjekk! Me ete, me tyte og me kosar oss. Her er ingen krav til kakebaking eller kaffikoking! Me kjem som me er! Å er nokon trøtt, så er det heilt lovlig å ta seg ein blund på sofaen -sjølvsagt!


Denne gongen var me hos meg, og det vart ingen tid for soving -tida gjekk diverre så altfor fort!


Bilete viser litt av maten som vart servert -me vart mette, denne gongen og! :-) Gler meg til neste gong!


God laurdag!

fredag 5. juni 2009

Sist helg...



...hadde me strålandes ver og kos i hagen! Her er litt mimrebilete, slik at me kan lengta tilbake til strålandes sol, barbeint i graset og snacks på plenen!
Best av alt med denne årstida er jo at mine overgrodde hagebedd er fulle av blomar. Eg snakkar ikkje om slike romantiske overgrodde hagar, men enkelt og greit, stygge overgrodde hagebedd! Derfor (utan at det på nokon måte er synleg) raskar eg med meg både planter, ugras og anna (dvs. sniglar, åmer), og plasserar det både inne og ute!Altså sniglane får ikkje komma inn... :-)
Eg ynskjer god helg til alle saman!
Her håpar me på friske ungar, opplett og søvn... Masse søvn! :-)

tirsdag 2. juni 2009

Indian Summer


SÅNN som dette hadde me det i går. Frukost, lunch og middag vart inntatt på dette teppet frå IKEA. Herlig korg til puter og tepper (som eg angra at eg ikkje kjøpte to av) frå ACHome.
*Forresten kan nokon gi meg eit tips kor eg kan kjøpa ei fin putekasse med lokk?

lørdag 30. mai 2009

Solreven


Når mammo kom heim att frå bryllaupsfotografering i ettermiddag, så hadde solreven vitja veslebror. Etter ein heil dag med sol og bading (da er jo sommar -jippi!) hadde vesle pusen sovna på sofaen.
Så knakandes god (heilt sånn objektivt, sjølvsagt!) at mammo kjenne da knitra i hjarta! :-)


Ha ein strålandes gode pinse!


Og at guten sovna på ettermiddagen gjere at han så absolutt IKKJE vil sova nå!!! Veslepusen er blitt ei lito brølapa... :-)

søndag 24. mai 2009

Lopper


Absolutt ingen lopper i blodet eller andre stadar... Var på loppemarknad på Sæbøvik, Halsnøy, på laurdag. Kjøpte denne mugga for kr. 10,-. Eg fell jo alltid for det blå, og denne ingen unntak! Så nå er sikkert nokon knallglad for å bli kvitt skrotet sitt, mens eg er nøgde med kjøpet! Håpar dei som kvitta seg med mugga ikkje angrar seg når dei ser kor fin denne vart med hageblomar i... :-) God natt!

fredag 22. mai 2009

Min favoritt


Dette (over) bilete er mitt favorittbilete frå denne utgåva av Rett Hjem. Eg er jo veldig glad i blånyansar, men dette bilete var både rått og litt blått. Å kven kunne tru at det var fotografert i Bergen? Eg byrjar faktisk å lura om eg egentlig var i Frankrike på fotoshoot... :-) Takk for kjekke motiv!


God laurdagskveld (er visst fredag- ja eg er litt ør) til alle saman! I morgon er det to stk bryllaup som skal fotograferast. Me får satsa på at dei som har dei rette kontaktane ordnar med opplett. :-)