


Flinke, flinke Trude har sydd desse på bestilling frå meg. Fall pladask når eg såg dei på bloggen hennar, blant masse andre ting eg også gjerne ville bestilt.
Ettersom mammo til Johanpusen kom susande rett etter eg opna pakken frå Trude, så har ho allereie fått sett hjarta som vesleguten hennar skal få på dåpsgåva si. Eg har nemleg fått æra av å vera fadder! :-)
Millejento bur i Oslo, og skal få sitt hjarta når ho kjem heim til jul! Veit at iallefall tantene til Millemor er innom bloggen, så då kan dei nyta synet av det knallskjønne hjarta.
Trude: Eg er knallfornøyd! Du er kjempeflink!
Så er dykk i beit for julegåvetips, besøk denne bloggen!