Frukost i det BO`ske hjem!
Nei, egentlig ikkje... Me pleier aldri eta frukost i stova, men kva gjer ein ikkje for bloggen! :-) For to dagar sidan fekk eg nemlig ein svært kjekke pakke i posten. Då kom koppane eg hadde bestilt hjå Ølen Møbler. Super service i frå snille Anita - (sjekk hennar blogg her). Ein kopp til kvar og ein i familien. Til og med lillemann (som ser ikkje ut som vil eta anna ein mammamelk til han blir konfirmert) har fått sin eigen fine kopp! Koppane er sjølvsagt DESIGN LETTERS med font designa av danske Arne Jacobsen.
Eg har vel aldri skrive kva ungane våre heiter her på bloggen, men nå ser dykk at storesøster byrjar på K, mens dei to gutane våre har H som fyrste bokstav. :-) Så kan dei som gidd, gjetta kva navn dei har... :-D
Frukosten i dag var heller av det slunkne slaget, ettersom det var nokon som ikkje hadde handla. Men med pesto, ost, egg, reker, skinke og oliven så vart me mette og gode. Dvs. storesøster åt kun rundstykke og mellombror åt sin vanlige dose reker, eggekvite (scroll litt ned så ser dykk tallerken med gul eggeplomme) og skinke utan rundstykke... Veldig greitt med to stk ungar som alltid et nett det motsatte av kvarande! :-)
Søndagsfrukosten vart gjennomført utan at koppane velta (tusen takk for godt koppedesign). Var nemlig litt i tvil om eg skulle ta vekk den kjempefine lyslenka vår, som var ei bryllaupsgåve. Litt kjedelig med lyslenke full av mjølk og grøn pesto! :-)
Eg har hatt ein del lyslenker opp igjennom åra, men det må seiast at denne er den finaste! Lenka er kjøpt på Halsnøy, Sæbøvik Gåver og Leiker (dei har eigen blogg, samt er på facebook), for dei som kjenner trangen til "løp å kjøp".
"Båten" med oliven er også ei gåve. Den er kjøpt på Galleri Giga (som også er på facebook!). Fasett lysestakar er Tine K, kjøpt både her og der! :-) Viss eg har gløymt å nevna noko av det andre på bordet, gi ein lyd!?
TAKK FOR MATEN
...smuldreguri = meg...
FØR
(Frukost som på ein måte er staaaaiiiila!)
ETTER
(Frukost som på ein måte ikkje er staaaaiiiila...)
GO`SØNDAG TIL DEG FRÅ MEG!
:-)