mandag 23. januar 2012

R A U D


Desse raude tulipanane heng utanfor inngangsdøra,
saman med litt anna som nok høyrer jula til... :-)
Men fine er dei og deler dei derfor med dykk!

G o d  m a n d a g !

søndag 22. januar 2012

P U T E T Å R N



I leikekroken på kjøkkenet ligg denne putehaugen.
Rett og slett eit putetårn (denne gongen styla av ungane)
som dekker kassen med kjøkkenleiker.

Fargerike
puter frå

onsdag 18. januar 2012

P L E D D


P L E D D  P Å  P L E D D

Da er deilig å tulla seg inn i eit godt pledd når ein er litt frostig.
Men å tulla inn den vetle gode babyen vår i eit varmt og godt pledd,
 da kjennes godt for både mammo og vetlepusen.

Det nydelige grå pleddet fekk eg på føden av ei god veninne.
Mange synes det er så fint og spør om eg har strikka det sjølv.
Kjenner meg til tider frista til å seia ja, men diverre, 
mine strikkeferdigheter hadde ført til at pleddet kanskje
hadde vore ferdig når guten vert konfirmant. 
Eg understrekar ordet kanskje!



mandag 16. januar 2012

N O M I N E R T


Synes det er veldig kjekt å bli nominert til
2011 mest estetiske mammablogg


Gå inn her å stem!
*Eg blir veldig, veldig glad om du stemmer på meg.
:-)

søndag 15. januar 2012

G O D ♥ N A T T


Tre stk. småtroll er lagt for kvelden.
Kryssar fingrane for at minstemann synes det er natt...
men ørlite skeptisk! :-)

G O D    N A T T

(Dette bilete er frå den 21.12.11.
Vetlekumpen er blitt ein enda større klump sidan denne dagen!).

torsdag 12. januar 2012

S T R I P E R + B A B Y


Eg kosar meg og nyt permisjonstida.
Vetle klumpen er ein veldig fornøyde kar som gjere alle glad!
Her "chille" han i sofaen...:-)



Når ein er heime på dagtid så får ein rikelig tid til å sjå det ein omgir seg med.
Dog i ulikt lys. Støvet er diverre svært synleg i sollys...



Ser at interiøret rundt meg er prega av striper.
Både tepper, puter, skåler, lampe osv. har striper.
Nå manglar eg berre ein stripete vase som også kan få lov til å bli støvete...
:-)

onsdag 11. januar 2012

B A B Y F E E T


Veslebror sine skjønne små føtter, fotografert inntulla i pappa si svarte collegejakka. :-)
Ikkje studio, ikkje planlagt, men berre eit lite sånt kvardagsglimt.

søndag 8. januar 2012

S T R I P E R



Vår nye lampe med stripete skjerm lyser her i kveld...

Julegåver er gøy!
:-)

* Tine K lampe er kjøpt her .

torsdag 5. januar 2012

L E G O B U R S D A G














Bursdagsguten
ynskja seg legobursdag eine dagen,
smurfebursdag andre dagen og
sjørøvar den tredje.

Kill your darlings...
eller finn fellesnemnaren og miks alt i ei smørje! :-)
Tilfør søtsaker, brus, ballongar og snacks i samme farge.



( Lego + smurf )
=
Gul & Blå

Gul legosmurfebursdag med gullpenger gjorde både gut og mammo glad! Nesten litt sommarkjensle. Iallefall når sola vitja oss! :-)

onsdag 4. januar 2012

5 ♥ Å R



H I P P  H I P P  H U R R A
for vetleguten
som nå er storebror og storeguten vår!

Gratulera med 5 års dagen,
kjekke og morosamme goguten!
Veldig glad i deg!!!

*Bileta er frå årets julekort. Julekorta som fortsatt ikkje er komme i posten...
Kanskje Kongen er byrja å venta...? :-)

Ha ein kjekke dag! Nå er me nesten klar for barneselskap.
Da luktar iallefall sjokoladekake i frå kjøkkenet...mmmmm...
(Akkuratt det me treng etter jul :-) ).