har fått vore ein del av interiøret vårt i sommar/haust. Kjekt med ein liten sånn fargeklatt som gjere seg godt i lag med kvite, grå og svarte nyansar.
Tenkte eg fekk ta litt bilete før jula tek over. Fire skjønne reinsdyr kjøpt på Berthas har allerede komme på plass. Ettersom ørten store kassar står stabla i stova med meir pynt, så trur eg dette var i siste liten...
Veska (kjøpt på H&M) frå sommarturen i Akvariet i Bergen, har fått lov å vera til "pynt". Lysestaken kjøpte eg på tilbud hjå Gåver & Leiker. Den hadde eg sikla på lenge... :-)
Den tøffe kalenderen står fortsatt på den 16. Då kom vetleguten vår til verda - tenk allereie 2 veker sidan! Kalenderen fekk eg i frå denne tøffe dama! :-)
På hylla står sennepsgul lysestake frå ByNord, kjøpt på Ølen møbler. Ved sida står herlig duftelys frå Kobo, kjøpt på "nyopna" SvingenMøbler & Interiør.
Til og med er eg med på bilete i dag - i sennepsgul genser! :-)
H a e i n g o d e s e n n e p s g u l k v e l d ! :-)
I dag prøvde eg å fotografera den vetla stjerno vår. Eg er egentlig utrulig imponert over dei som får fotografert sine små håpefulle innan den fyrste veka. Her er det blitt så som så med biletetaking, men kan ikkje skylda på veslepoden. Me har fått ein utrulig gode og snill gut. Han søv, et og søv. Natt og dag! :-)
Nokre bilete fekk me tatt i dag, men satsar på ny frisk i morgon. Kryssar fingrane for at pappen er einig... :-)
Kyrkjevandring på laurdag og utdeling av 4-årsbok på søndag.
Vetlebror synes det var veldig stas med både omvisning i kyrkja og utdeling av bok.
Me har ei beskjeden dotter og ein "frampå" liten kar. Så når kyrkjetenaren lurte på om ein 4-åring ville fram å opne skattekista i ei fullsatt kyrkje, var vetleguten raskt frampå...