Happy
B I R T H D A Y
I går vart veslepusen vår 4 år. Den vesle store guten vår gledde seg sååååååå mykje. Klokka 05.10 var han vaken og illsint! Ei svært søvning mamma snubla inn til han for å finna ut av kva i all verda som var på ferde. Den sinte bursdagsguten lurte på kor tid me hadde tenkt å vekka han! Han ville ha bursdag... :-)
Bursdag vart det, med muffins og lys på sengekanten, vel og merka eit par timar seinare... Super feiring i barnehagen, henting tidlig av besteforeldre og pappen for enda meir feiring heime. Rett og slett ein koselig dag, med tidlig bursdagsmiddag og besøk resten av dagen.
Den 4. januar er kanskje ikkje den datoen der ein er sånn veldig klar for fest og basar... Pittelitt lei av kaker, snacks og jubalong...kanskje? :-) Jaja, mammo hadde vore tidlig ute i forhold til innkjøp av bursdagshattar og anna. Innkjøpt i Nederland i mai på HEMA.
Fornuftig! Rett og slett knallfornuftig! :-)
































