torsdag 9. desember 2010

Luke 9: Julemagasin


I dag kom avisa Sunnhordland sitt
kjempeflotte julemagasin ut i postkassane.
Kjekt å sjå i! Kjekt å lesa!

Mitt bilete av denne skjønne danse/nissejenta
fekk æra av å pryda framsida.
:-)

Klikk HER
kjem du inn på link til magasinet.

Eg har tidligare nevnt at mine arbeidsdagar sjeldan er like.

Eit lite døme på ein "vanleg" mandag...:
  • Foto og design lærar på KVV
  • Kundemøte
  • Ferjetur
  • Kontortid
  • Fotografering av eit mannafotballag i dusjen... 
*Bilete av dei barske karane finn du også i julemagasinet!

La det bli fleire slike mandagar! :-)

Ha ein kjekke kveld!

onsdag 8. desember 2010

Luke 8: Jobbejobbejobbejobbe...



I desse juletider møter eg på masse skjønne små!
Det er jobbejobbejobbe tid!

Her er to av dei mange knallskjønne ungane som har besøkt meg.
*Desse to hadde med seg både dinosaurar og prinsessesko!
I like! :-)

tirsdag 7. desember 2010

Luke 7x2: Vinnar av Walthers hus!



V  I  N  N  A  R 
av Walthers hus
vart...




Nr. 56

Astrid
*Du må senda meg adressa di,
så vil du motta eit nydelig zinkhus frå frk Lande!


Må også dela dette diktet som ein av elevane mine la att som kommentar.
(BO har nemlig vore vikarlærar i foto og design på KVV!)

Korleis kan eg få eit slikt vinter hus?
Eg treng ly mot slik ein vinter sus
Eg søker hjelp fra Bodil bo
For jeg trenger varme og sjele ro


Synd du ikkje vant, for dette var så utrulig skjønt og sjarmerandes!
Dette må det bli pluss i karakteren av! :-)


Luke 7: Reinsdyr/ Hjort/ Dådyr...




Luke 7: Reinsdyr/ Hjort/ Dådyr...

Eg er ikkje så god på dyrearter. Rudolf var vel eit reinsdyr, eller var han ein slektning av Bambi? Alle med samefedre kan nok takka vår herre for at eg ikkje vart noko svigerdotter som skulle vore på vidda å passa på reinen...:-)

Denne kvite karen hadde nok kanskje ikkje passa inn på vidda med sin kvitlakka kropp.
Han vart iallefall med meg heim, i det som er blitt ei litt kvitfarga stovejul. Det kjem meir fargar, men akkuratt nå når det var nyvaska og fint så var dette faktisk veldig godt for kropp og sjel!

"Dyret" kjøpte eg på Sæbøvik Gåver & Leiker. Dei er ein kjempekjekke kunde av meg,
og har også gitt ei gåve til kalenderen!Gled dykk!



Vinnar av Walthers hus frå frk Lande blir kåra i kveld!

Ha ein kvite dag!
Dvs. ein god dag!






mandag 6. desember 2010

Luke 6: Vil du ha Walthers i ditt hus? :-) Oppdatert med vinnar av kopp!

Litt blåstemning i desse Månetopptider...



Luke 6: Vil du ha Walthers i ditt hus?

Frå BO design & foto sin gode og kjekke kunde,
kan du vinna eit flott
Walthers zinkhus!
Gjer som følgande:
1.Legg att ein kommentar.
2. Legg frk Lande til som ven på
3. Samt inviter vennene dine til å gjera det samme!
*Trekning av koppen i luke 4 kjem litt seinare i dag!
Nå må eg nemlig hyla avgårde til ferja!
G O D E  D A G !

------------------------------------------------------------------------

Oppdatert kl. 15.00:


VINNAR AV NYDELIG KOPP:

...trommevirvel og klappsalver...

:-)

Nr. 4

Hipp hurra for deg!
Send meg adressa di på mail,
så sender Galleri Giga koppen i posten til deg!
Heldige du!


søndag 5. desember 2010

Luke 5: Walthers i vårt hus




Alle foto: Bodil Haga


Luke 5: Walthers i vårt hus

Det er blitt ein del produkt frå Walthers dei siste åra.
Lukka var stor når eg opna juleeskene i går,
og fann mykje fint frå denne produsenten!
T.d den flotte store svarte fløyelssokken
(som eg skal visa i eit annan høve)
samt anna snacks som gjer ho mor glad,
og han far fortvila... :-)

Walthers husa er så knallfine med lys i,
så nå brenn dei frå morgon til kveld.
At stova blir eit lite sothull får me fortrenga til våren...

Har hatt ei god frihelg, der det har vore kjekt å vaska (?).
Det vesle juletreet er allereie blitt pynta...
Kanskje litt tidlig, men når me ikkje feirar jul heime,
så blir det litt forseint å følga tradisjonen
med pynting veslejulafta.

*Ang. Walthers hus: I luke 6, dvs. i morgon,
kan de vinna eit slikt hus i frå min gode
kunde frk.Lande!
Heldiggris, den som vinn!

P.S: Du kan fortsatt vera med i tevlinga om den
nydelige keramikkkoppen frå Galleri Giga!
Den er nydelig!!!
Berre legg ein kommentar i luke 4!!!

lørdag 4. desember 2010

Luke 4: Englekopp - som kan bli din! :-)



Alle foto: BO design & foto/Bodil Haga

Luke 4: Englekopp - som kan bli din! :-)

Galleri Giga er ein kjempekjekke kunde av meg.
Eg lagar alle plakatane til galleriet, samt andre trykksaker.
Eit flott galleri som dykk bør vitja viss de er på Stord!


Viss du legg att ein kommentar,
samt legg Galleri Giga til som ven på
kan du vinna denne nydelige koppen!
Var ikkje det ei flott gåve?


Englekoppen er laga av kunstnaren Sarah Reed,
og verdien er 450,- kr!
Eg og vil vinna... :-)

* Vinnar av koppen blir publisert på mandag.
Du kan derfor legga inn kommentar og bli facebookven i dag og i morgon!

** BO design & foto har MANGE kjekke kundar,
så det vil dryppa mykje flotte gåver på dykk
fram mot jul...

:-)

fredag 3. desember 2010

Luke 3: Kvit jul + kjolevinnar!


Litt kvit keramikk frå Västergården er satt fram i stova.
Synes desse er så fine!

Den vesle føytemugga er blitt ein grei vase. 
Sviblar synes eg nesten er finast når dei er heilt "nye".
Derfor klipper eg av dei lengste greinene når dei poppar opp.
Som avklipt i vase, så er dei jo nesten finare...
synes eg. :-)




Masse knallfine kommentarar på Luke 2!
Om du ikkje er på facebook, så har du sjølvsagt nett like stor sjangs å vinne!

Gle`dykk til i morgon,
for då kjem premien frå ein anna av BO design & foto sine kundar,
nemlig Galleri Giga!
*Nesten så eg vil vinna sjølv... :-)




Så...
trommevirvel...

Vinnar av knallfin kjole frå Dundelina vart:
Nr. 23

Dvs. Loppeline!
Gratulera!!!

 Send adressa di på ein mail til meg,
så oversender eg denne informasjonen til Dundelina!

(Trekning gjer eg på www.random.org).


Ha ein gode dag!

torsdag 2. desember 2010

Luke 2: Vinn ein kjole! :-)


Alle foto: BO design & foto/Bodil Haga

Luke 2: Vinn ein kjole!

Dundelina har vore ein kunde hos meg sidan oppstart.
Nå har dei booka fotografering til vinterkolleksjonen
som kjem i butikkane i 2011. Kjekt! 
:-)

Desse bileta av årets kolleksjon vart tatt i -13 grader.
Brrrrr...
Stakkar ungar.
Stakkar foreldre.
Fotografen overlevde!
(Ungar og foreldre også!).

Viss du ynskjer ein kjole frå Dundelina
(Str. avtalar du viss du vinn)
så skriv ein kommentar,
samt legg Dundelina til som ven

Viss du ikkje sjølv har ei lita jente,
kjenner du kanskje ei som hadde likt ein  ny kjole til jul?


Designer bak Dundelina sender kjolen til vinnaren! :-)

T R E K N I N G   I   M O R G O N !

BO`s julekalender kjem til å ha mange
kjekke vinnarsjansar årets kalender,
så følg med...






onsdag 1. desember 2010

Luke 1: God gammaldags jul




Alle foto: BO design & foto/Bodil Haga
For tredje år på rad satsar eg på julekalender på bloggen.
For tredje år på rad så kan det vera at eg mislykkast...
(OBS: Etter eit flott motivasjonsseminar på KVV
så var det ein heil feil ting å sei i følge OL-vinnar/politimann Egil!).
Derfor retting:
I år lykkast eg med kalender! :-)


I år vil kalenderen ha litt ulike gåver innimellom.
Kjekke og spennande ting!
Gle`dykk!

Luke 1:
Bilete frå oppdraget for Rett Hjem.
God gammaldags jul med graut og skjønne ungar!

Håpar dykk får den kjensla av bileta!

Ha ein knallfin, om altfor kald dag!