lørdag 25. september 2010

MiniHaustJobbeHageGutt




 








Epler i gras og på grein.
Sopp som poppar opp rundt tre og i mose.
Sollyset gult og skarpt.
Skuggar på hus og i gras.

I blandt dette, ein liten jobbegut som er ute med pappen sin.
Oppkledd av pappen (slår til, vettù :-)!) 
i skjønne nye MeMini klede frå knallflinke Kristine Vikse.

Kjekt med bestemor som bur på Halsnøy, som
hadde mykje kjekt i posen sin frå butikken Litle Blå!
Tusen takk, bestemor!

fredag 24. september 2010

Peek-a-boo



PEEK-A-BOO

Little monkey hiding low;
Now where, oh where, did that monkey go?
Under the basket or the kitchen chair?
Little monkey found no where.
Listen close, there goes a giggle
And did I see that blanket wiggle?
Little monkey, peek-a-boo,
I think it's over, I found you!

Mara Kingfield


Denne vesle, skjønna tøtto fotograferte eg i mitt ministudio.

S  Ø  T

:-)

 

torsdag 23. september 2010

Til Emmeline


God jul
til Emmeline frå Bodil! :-)

*Ettersom eg er så sabla grei, så tenkte eg at du sku`få oppfylt
julegåveynskje sånn med ein gong!
Ei herlig olivenkrukka til deg...


P.S: Ikkje er eg tynn, men eg ELSKAR oliven! :-)

Ta en potet!


Hausttakkefest

Måtte berre visa litt fleire bilete i frå Ulvikoppdraget for bladet Rett Hjem.
Bak eit sånt oppdrag er det utrulig masse arbeid, dvs. bering av ting og tang, tilberedelsar av mat, samt sjølvsagt alle timane det tek å førebu, planlegga, henta varer med meir.

Denne dagen var det høsttakkefest på "menyen". Bordet ser utrulig "jummi" ut! Men kva trur dykk me åt? Eller kva var etandes etter MANGE timar i sola... :-)
Jo, alle så ein, dvs. svultne modellar, fotograf, redaktør og andre involverte nytte potetene!!! Ta en potet! Nam! :-)

Alle bilete, foto: BO design & foto/ Bodil Haga

tirsdag 21. september 2010

Me skulle plukka...



Me skulle plukka plommer epler i Hardanger!
Å da gjorde me!
Lassevis!
Massevis!
:-)

Eit lite utdrag av bileta i frå flotte Ulvik.
Desse samt mange, mange andre, finn du i det siste Rett Hjem.
Veldig, veldig kjekt oppdrag med overnatting på flotte Brakanes Hotell.

Ha ein fine dag!

*Nå fekk eg lyst på eple! Mmmmm... :-)

tirsdag 14. september 2010

Hyttebad


I helga reiste eg og ungane på hyttetur aleine. Etter eit døgn aleine i fjellheimen kom pappen susande. Då vart det orden på det ho mor ikkje klarar (les: ikkje gidd), som vatn i stampen og fyring i timavis for å oppnå ein viss tilfredstillandes temperatur. Trur ikkje at det hadde vore behov for noko oppvarming for desse to badedukkene, ettersom dei synes det er heilt passelig uansett temp...

Deilig er det iallefall med stampebad, spesielt når regnet ausar ned. Med flott natur rundt, ro og elvesus, så kjenner ein faktisk at det er berre godt å vera til. Kanskje det var desse tankane våre to håpefulle også hadde der dei bada i strekk i fire timar... :-)

 


Ha ein fine dag!

mandag 13. september 2010

Breaking news!!!

Trommevirvel!!!

Eg har fått det ærefulle oppdraget,
 å få lov til å lansera denne STORE nyheten:



I SEPTEMBER 2011 VIL DU FÅ OPPLEVA: 
Design, kvalitet og karakter
Kulturelle overraskelser Den sosiale
praten Den gode opplevelsen Stue
Kjøkken Bad Soverom Barnerom

Klikk her for lesa meir om
INTERIØR & BOLIGMESSEN 2011!


Spre budskapet til alle!
Dette kan bli kjempekjekt!
:-)

onsdag 8. september 2010

Jordan vet hvordan





Vil du ha ein oppvaskbørste?

:-)

Frå Jordan har eg fått fleire oppvaskbørster med klutar til,
frå deira nye kolleksjon "Home Collection".
Den raude serien beheld eg sjølv,
men nokre andre fargar kan bli dine.

Så viss du ynskjer deg ein ny børste, legg igjen ein tåredryppande kommentar
om kor sterkt du ynskjer deg ein flott fargerik oppvaskbørste! :-)

Alle kan delta!

tirsdag 7. september 2010

Feeling blue

 

Litt Blått frå meg i dag...

*Til dei som lurte på kor eg hadde fått tak i korgene i forrige innlegg:
Dei er kjøpt på Sæbøvik Gåver & Leiker. :-)

mandag 6. september 2010

Det flyvende teppe



Laurdags morgon stod eg tidlig opp, slik at eg kunne (tenkte eg) klara å rydda, få orden på huset i helga. Ja, ettersom det er mandag i dag, så kan eg meddela at det klarte eg ikkje...

Mitt stripete teppe fekk iallefall æra av å ligga på reint gulv. Teppet har ikkje landa heilt, for eg trur det snart tek turen til gangen nede, viss ikkje det blir ei landing i stova...
Rett og slett eit flyvende teppe.

Teppet som er kjøpt på frk. Lande, likte eg så godt, at det allerede er blitt kjøpt inn, og overrekt i gåve til ei kjekke veninna. :-)

Ha ein gode dag!