søndag 6. juni 2010

Rått hotell



Rått i positiv forstand!

Sidan torsdag har me budd på
Clarion Hotel Ernst i Kristiansand.
Hotellet er nyoppussa (ferdig i april).

Interiørstilen er rett og slett litt rå!
STORE lysekruner, STORE krukker, revolverlampar, lysdioadar, marmor og blanke flater, tjukke tepper, ornament og søyler. 
Glamour meets mystikk og rock `n roll!

Om dette er langt frå min personlige stil så syntes eg det var rågøy!
Eit interiør som nesten er på kanten til å vera "to much",
men som klarte for min del å utfordra og engasjera.
Rått og kjekt!


Men...kva med heisen? Var pengane oppbrukt eller vart den gløymt...
Ei avdanka gammal korketavle limt på veggen som dekor var alt den hadde å by på.
Sjølvsagt så kan jo dette vera ein oppmoding om heller bør gå trappene,
men eg syntes ikkje at trappeavsatsane heller
"hang" heilt med etter det førsteinntrykket...
Vil tru at da ordnar seg nok!
:-)

Øverste bilete er frå matsalen. Vil tru gulltrappa er frå det "gamle" hotellet?
Nederste bilete er ved utgangen -me har sjekka ut!  




fredag 4. juni 2010

Herlige Kristiansand!



Det må fyrst seiast: Desse bileta har ingenting med Kristiansand å gjera! Desse er av ein liten og veldig uskuldig broremann, ein sommardag på Halsnøy.

Men akkuratt nå er me i Kristiansand -og her kjennes det ut som ein fantastisk midtsommarsdag på vestlandet! Kristiansand har vist seg frå si beste side. Varmt og herlig! Nesten ei kjensle av syden! Me har kost oss så masse at det blir nesten litt hardt å reisa heim på søndag.

I dag var me vore i Dyreparken. Me har kjørt "Nilen" og bob-bane, besøkt Kardemommeby, Kutoppen, Skomakergata, Kjuttavika og alt det som burde sjåast. Eg har møtt ein kjekke blogg-lesar (hei til deg!!!). Me har vore på handel og me har vore på ei strand der ungane fekk bada. Sikkert ikkje den stranda som vanlegvis blir brukt til bading...det kom nemleg nokre digre svaner å "skremte" oss vekk...:-)

Grunnen for eit Kristiansandsbesøk i travel jobbetid, er eit kjekt oppdrag for BO design & foto. I morgon er det derfor jobbing for ho mor, men gler meg veldig til det også!

Merkar at eg rett og slett er litt "høg" her eg sit å bloggar. Men så er jo hotellet eg bloggar frå ganske så stilig også! Ref. storesøster: Hotellet er FANTASTISK! Seier meg heilt einig...

Ha ein knallfin kveld! 

Over frå Kristiansand! :-) 

onsdag 2. juni 2010

Memory lane



Denne veska kjøpte eg for fleire år sidan, men den er fortsatt så inderlig bra!
Nå når eg tenkte å visa den på bloggen,byrja det å demra for meg...
Denne er vist før!

Ein surferunde i gamle innlegg førte meg til dette i 2007:

Veska var utgangspunktet for fargane så vart brukt i oppussing av kjellarstova vår.
Mitt knallgule bord vart kjøpt på IKEA i 2006, for 29,- kr!!!
Hugsar eg hadde veska med meg på ulike butikkar for å
finna interiørartiklar i knallgult og rosa,
men var visst litt tidlig ute...eller kanskje for sein? :-)

Forrige epoke gult var hot var når eg gjekk på skule på Voss i -92(?).
Mi knallgule tekanne (som eg ynskte meg over alt på jord),
puter og koppar er fortsatt med meg...ein eller annan plass.
Forskjellen er ein nyanse i gulen. Dagens gul er klarare enn den "forrige".
Iallefall er det mi vurdering...

Ha ein fargerik og knallgode dag!
:-) 



mandag 31. mai 2010

Sitron


S I T R O N tre

Ikkje ein einaste plante har overlevd i heimen her hjå oss.
Alt dør!
Eg skylder på varmepumpa...
Men veit at vatn og litt omtanke hadde gjort susen.

Ser derfor heller på bilete av flotte oliventre.
Eller kva med eit nydelig sitrontre?

Hmmm...skal - skal ikkje?
Med tanke på det stakkars treet så bør det bli
-SKAL IKKJE!

(Bilete tatt for Rett Hjem).

lørdag 29. mai 2010

L O V E



Eg er ikkje den som drikk mest te.
Varme drikker er liksom ikkje "my cup of tea".

Likevel...
TEutvalg, det har me!

Fine boksar, skjønn innpakning
-DET likar eg nemlig veldig godt...!!!

:-)

Nå skal eg koka vatn,
slik at det blir litt
L O V E

God laurdag!

fredag 28. mai 2010

Blondehuset





God morgon!
Ei god natts søvn har gjort godt!
Når eg vaknar grytidlig kvar morgon er det eit teikn på at det er travle tider.
Fortsatt mykje å gjera, men søvn gjer så inderlig godt!
:-)

Bileta eg viser er frå ein kjekke jobbedag for Rett Hjem 
i Arboretet på Milde i Bergen.

Me var inne i det skjønne Blondehuset, som faktisk er ope som kafè til tider.
Ein kjempefin og sikkert veldig populær plass for bergensarar...reknar eg med?!

Viss du ikkje har vore der, så bør du iallefall ta med familien på ein tur!

Ha ein kjekke dag!

torsdag 27. mai 2010

Berthas shot by BO











Eg (BO design & foto) vart den heldig utvalgte fotografen
som fekk vera med inn i "Berthas" leikne verden!
:-)

Så ingen skudd (ref. overskrift)
-berre gjennom linsa!


Knallgode amerikanske pannekaker,
skjønne ungar,
fargar og livsglede!

Ei kjempeinspirerande hytta med eit
interiør som eg kjenner meg veldig heima i!

Bileta er tatt til bladet Rett Hjem.
Klikk inn til
og til
for fleire lovord...
:-)

mandag 24. mai 2010

Heil


Å vera kameralaus er ikkje like lett.
Iallfall ikkje for meg.
Før avreise til Nederland innleverte eg
apparata mine på ein liten sjekk
-litt rens og stell fortjener dei.
På fredag fekk eg det eine tilbake.
Åååååå...
Eg føler meg heil!

Her er eit bilete frå 17. mai.
Tatt med pappen sin kamera.
Duger det også, men...

torsdag 20. mai 2010

Back


Me er tilbake på Stordøya  etter ein kjempekjekke tur til Holland!
Amsterdam, Rotterdam, tantebarn, dyrehage, knallgod mat og shopping... :-)

Bilete er frå den flotte "portalen" me har her på Stord.

tirsdag 4. mai 2010

♥


♥

*Gla` i deg heilt til månen, til Afrika, til syden og heim igjen... :-)


H A   E I N   G O D E   D A G  ,   A L L E   S A M A N !