tirsdag 13. oktober 2009

In the shops



er kleda frå Dundelina på plass i ei rekkje butikkar...

Ha ein kjekke dag!

mandag 12. oktober 2009

Underexposed


Eg tutlar (dvs. kosar meg) veldig med testing av under- og overeksponering av bilete. Veldig kjekt med eigne bilete då ein kan verkeleg draaaa strikken i forhold til eksponering. Desse bileta er undereksponert såpass mykje at eg måtte "lyfta" dei pittelitt i photoshop. Men dette kjem jo an på kva skjerm du ser dei på...faktisk.


Å fotografera menneske og vatn er noko som gjev meg mykje. Blir rett og slett gira. Så stakkars mann og barn når me er på hytta, og badevatnet i stampen er i rett temeperatur. For då MÅ eg ta bilete! Livredd for kameraet er eg (kan jo bli vått...), men etterkvart så er det gløymt. I redsle for at eg ein dag dukkar under med det, så ynskjer eg eit vanntett kamera til jul! Firmagåve? Yes! :-)

søndag 11. oktober 2009

Frostperler


Nydelige frostperler frå naturen sitt kunstgalleri.
Me kosar oss på hyttetur.
Fin søndag!


onsdag 7. oktober 2009

Pakkar


Nå pakkar me snippeskene våre for ein liten haustferie, med litt fotooppdrag og møter innimellom. Gledar meg til både litt ferie og fotograferinga, ja, møtene også! :-)

God "ferie" til alle saman!

tirsdag 6. oktober 2009

Apekatt


Denne vesle apekatten kjøpte eg i London for 6 (trur eg...eller er det 7?) år sidan.
Den har gått litt i arv her i huset, og er nå busatt på minstemann sitt rom.
Diskusjonen var høglytt i går, når minstemann nekta at storesøster hadde
"eigd" apekatten i "gamledagar".
Mykje tårer og snørr, før mammo greip inn å sa at apekatten tilhøyrer meg...
:-)
Ha ein kjekke dag!

søndag 4. oktober 2009

Lilla haust


Haust i lufto, haustfargar i naturen og haustklede på kroppen!

Mammo synes at denna "snedne" karen er veros beste gut
-sjølvsagt heilt objektivt...men han er veldig goè altså...Knallgo ;-).

Syntes han minna litt om ein engelsk liten "jeger" på bilete til høgre.
God søndagskveld til alle saman!

Lilla vest og sjerf er frå Zara (kjøpt i Oslo når Madonna vitja hovudstaden). Hatt og bukse frå H&M.

Kva skjer...


...viss du legg kameraet forsiktig ned på golvet. Du legg deg sjølv ned, så stille så det lar seg gjera. Så fotograferar du dine søte små som ser laurdagsbarneTV. Du fotograferar dei med tanke på at nå skal du fanga blikka, smilet, latteren....bla bla bla. Utan at dei ser deg.

Kva skjer!?
Jo då skjer dette:

Pluss det som dykk ikkje ser på desse bileta. Ein liten gut manglar etterkvart. Han sit sjølvsagt på ryggen til mamma. Eg er nemleig blitt ein hest...

P.S: Sminke på augo til 4-åring jente er restar av teatersminka ho hadde i fjeset samme dag (sjå forrige innlegg). I tilfelle nokon byrja lura... Trur eg burde ta denne på engelsk også! :-)

Kleda til mollemor er kjøpt på Litle Blå!

lørdag 3. oktober 2009

BRAVO!

I dag hadde me ei utrulig kjekk og rørande stund i Stord Kulturhus. Dramagruppa for 4-5 åringane i barnehagen til goajento, hadde framsyning av "Gabriella og Månen". Stykket var opningsinnslaget på Eldredagen, som vart feira mange plasser i landet i dag.
Ungane var så flinke at me var knallstolte, heile haugen av mammaer og pappaer som satt i salen. Jentene som hadde hovedrollene imponerte med all teksten dei kunne på rim! Heilt utrulig!

Vår vetle trulta var ei stjerne frå himmelen (som dykk sjølvsagt ser). Me lo og me tørka tårer!
Mamma og pappa er stolte over deg vennen!

Litle Blå





Hugsar dykk den vesle fuglen som eg viste i eit innlegg litt lengre nede på sida her?

Her er plassen som fuglen høyrer heime! Absolutt ikkje noko Twitter fugl... :-)
Den nye butikken på Halsnøy, har det sjarmerande navnet "Litle Blå".
BO design & foto var så heldig å få det kjekke logooppdraget.
Tusen takk!

Litle Blå sel barne- og ungdomskle, samt litt damekle! Pluss litt ting & tang!
*Nett sånn som me likar...


I dag har eg montert folie på vindaugo, pluss levert ein del trykksaker til butikken.
Men vinninga går vel litt opp i spinninga når eg dreg derifrå med to posar fulle av varer...
Vurderte sterkt å snika det inn bakvegen her heima!
Men da er jo så utrulig masse fine barneklede der ute i verda!
Å då berre klikke eg...på ein kjekke måte!!! :-)




Viser ein pitteliten flik av skissene i logoprosessen. Kanskje det er av interesse?
Skissa som merkte seg ut i mitt hovud var der eg leikte med forma på sirkelen i åèn.
Den starta som ein ballong, endra karakter og vart ein fugl
(eller sel -alt etter auga som ser...hehehehe).
Fugleforma vart inspirert av desse filtfuglane me klipte ut når me var små.

Kjenner dykk igjen det endelege resultatet?



God laurdag!

Gratulera med dagen, Litle Blå!

fredag 2. oktober 2009

Coveret på TV!


I dag kom CD-coveret til Anne Hvidsten på TV.
Pluss at utrulig flinke Anne sjølvsagt song! :-)
Eg satt derfor trykt inn i skjermen for å sjå,
mens eg gjentok meg sjølv til det kjedsommelige:
"Det coveret har mamma laga! Det coveret har mamma laga!".
Som dykk sikkert forstår så var ungane tilhøyrarane,
(tvunge til å sjå God Morgen Norge, i staden for NRK Super...),
og då det kom tørt frå frk. Fryd: "Me har hørrt da mamma!",
så tidde eg stilt, men smilte stort!
Moro å sjå at arbeidet ein gjer i si eiga vetle bedrift når "nyhetene"!
Ha ein kjekke dag!

*Plata "The Bubble Burst" er komme i butikkane, så unn deg litt ny musikk til helga! :-)