torsdag 10. september 2009
onsdag 9. september 2009
09.09.09
tirsdag 8. september 2009
Dreams (med link) :-)
Må berre legga inn ein link til ein av dei nydelige songane som kjem på plata "The Bubble Burst". Songen "Dreams" var den mest spelte songen på Norges største radiostasjon i forrige veke! Til dykk som ikkje har høyrt den, klikk inn på denne linken! Her kan dykk høyra "Need to know" også!
Plata er ute i butikkane den 28. september, men kan som sagt førehandsbestillast både på Cdon og Platekompaniet.
*Nå sit eg å nyt Anne si vakre røyst, og er faktisk litt rørt! Dette kjekke prosjektet har gjort meg kjent med ei utrulig kjekke dama! Anne har ei vakker stemme, eit nydelig vakkert ytre, og best av alt eit inderlig varmt og vakkert indre! :-)
Plata er ute i butikkane den 28. september, men kan som sagt førehandsbestillast både på Cdon og Platekompaniet.
*Nå sit eg å nyt Anne si vakre røyst, og er faktisk litt rørt! Dette kjekke prosjektet har gjort meg kjent med ei utrulig kjekke dama! Anne har ei vakker stemme, eit nydelig vakkert ytre, og best av alt eit inderlig varmt og vakkert indre! :-)
The Bubble Burst

Hugsar dykk radiohiten "Need to know"?
Det gjer eg, for den likte eg så godt!
Derfor vart eg veldig glad når artisten
tok kontakt for at eg skulle laga CD-coveret
til den nye CDèn hennar, "The Bubble Burst".
Plata kjem snart i handel, så løp å kjøp!!! :-)
Du kan t.d forhåndsbestille den HER!
mandag 7. september 2009
SOLGT!

Kjekt i desse tider, om det betyr at mi gode veninne flyttar... :-(
*Det som gjer meg mest fornøyd er at alle hus/leiligheter
eg har styla/fotografert er solgt etter fyrste visning.
Litt kjekt og pittelitt stolt av da. :-)
lørdag 5. september 2009
Lystest







Heldigvis så vart me velsigna med nydelig fotover, det vart rett og slett ein knallfine dag!!! Likevel, sidan klosteret var booka, så vart "studioet" brukt. Sjølvsagt av brudeparet, men tidligare i dag av storejenta som måtte i ilden som lystestar. Ein god grunn til å få lov til å bruka skjørt (+ underskjørt = du hildrande du) og det nye nuuuudelige skjerfet/huesettet (med gulltrådar=lykke) kjøpt på frk. Lande. Støvlane som eg kjøpte på MollyMo i fjor, passar endeleg... Her har mammo vore svært fornuftig og tenkt laaang levetid! :-)
Lystesten førte til mange kjekke bilete av gojento + kjekke lunch frå Tofte`s Bakeri i Klosterhagen med pappen og minstemann etterpå. Eg håpar og trur (pluss kryssar ein del fingrar og tær) på at ungane gler seg over bileta av dei når dei blir vaksne! Gode odds på at kjæristane deiras gjere da iallefall... :-)
torsdag 3. september 2009
onsdag 2. september 2009
Utdrikkingslag





I sommar gifta ei av våre beste veninner seg. Helga før den fantastiske ♥ bryllaupsfesten hadde me utdrikkingslag for ho. Som dykk ser på bileta: Masse knallgod mat og drikke! Samt masse tyting og latter, pluss ein utrulig konsert i Baroniet med Anne Grete Preus (ho var jo berre heilt fabelaktig!) og Herborg Kråkevik. I høg Champagnerus så vart dette ei stor oppleving, både før, under og etter konserten... :-) Ein gjeng flotte bergensarar på rada bak hadde hatt ein unik kveld pga. oss! Me skålar i bergensk kaffi, og seier HEI! :-)
Bruden skjølv ventar nå i spenning på bileta sine. Dei kjem til eit postkontor i Stockholm, pretty soon! Glad i deg Ingrid Pingrid Pøne! :-)
P.S: Takk for lån av naust, Linn!
tirsdag 1. september 2009
Mjølkegut
Elles så må me få ei ku i hagen!
Hadde han fått bestemt så hadde
han drukke melk heeeile dagen...
Her i eit tankefullt augeblikk, saman
med ynglingsdrikken sin.
P.S: Før han søke jobb, så bør han gå til frisør.
:-)
Frydefullt bestikk




Bestikket i "jordbær" innlegget mitt kjøpte eg på Fryd, i dei dagar dei eksisterte.
Fint bestikk, men svært sjeldent i bruk!
Det har blitt liggande i denne fine "boksen" som er kjøpt på Stemning i Rosendal.
Boksen/skrinet står på kjøkkenbordet vårt, så bestikket er vel ikkje akkuratt gøymt...

Men nå har eg iallefall tatt det i bruk!
Det etter at eg forstod at det tålte oppvaskmaskina.
Då vart det så mykje enklare å bruka det...
:-)
Ha ein kjekke dag, i ØSEPØSEveret!
Abonner på:
Innlegg (Atom)