Viser innlegg med etiketten Dåp. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Dåp. Vis alle innlegg

fredag 17. februar 2012

D Å P by Feen


hjelpe meg" var det eg tenkte når eg såg Den Gode Feen sitt innlegg i går!
:-)
Snille fadder Linda hadde laga eit innlegg i frå dåpen her hos oss, sist søndag.
Utrulig underlig, skummelt, men også kjekt, å sjå huset sitt gjennom andre sine auge og kamera. Skrekkblanda fryd! :-)

Mine kritiske auge klarar ikkje å ta bilete av "heile" stova, heile kjøkkenet, eller i heile tatt av heilheten her i huset...

Men kan iallefall dykk sjå korleis me har det ved å klikke dykk inn her:

Det får kanskje bli litt meir heilhetsbilete her i frå etter dette, viss eg tørr!
:-)

God fredag!

tirsdag 14. februar 2012

1 0 0 Å R




Dåpsguten vår i pappen sine armar på veg i prosesjon i kyrkja.
Storesøster fekk lov å gå ved sida, litt beskjeden, men rørande fine syntes mammo!

Dåpskjolen er over 100 år, og kjem frå pappen si slekt.
Kjolen er sydd av dåpsbarnet si tippoldemor,
og søsken, pappen, farmor og oldemor er alle døypt i den.
*Kjolen er brukt i 5 generasjonar til nå. 



Slenger på eit til hjarta - det er jo valentine i dag!



mandag 13. februar 2012

B A R N E D Å P ♥







Eit lite knippe bilete frå dåpsfesten, før gjestene kom inn dørene.
*Det ein på ekte kallar snapshot!

Kvite dyr (pappen malte og malte) var "bordkort"
- alle kunne få setja seg med det dyret dei kjente seg mest heima med...
F.eks. viss du syntes at du er sta som eit esel, sit deg med eselet!
:-) 
...her var det sauer, stutar, hestar, esel, kyr og bukkar, altså litt å velga i.

Brudeslør var blomepynt, skjønne og yndige blomar som mjukar opp det svarte.

Eg skal visa litt fleire bilete, men akkuratt nå må eg gjera klart til restekalas.
Masse kaker att...kom og et! :-)

♥  Og korleis gjekk det med dåpsbarnet?
Han var berre kjempesnill og god!
I dag totalt utsleten - guten har nesten sove i eitt frå kl. 17.30 i går!

torsdag 9. februar 2012

F O R B E R E D A R


...blant vaskebøtter og rot, står finsko med perler.
Ved sida av støvsugaren heng finkjolen til storesøster.

Me forberedar dåp til helga, så her flyt det!
...men eg vel å fotografera det fine i staden for rotet!
:-)

*Kjempefine sko kjøpt på Lukas & Linnea.
Kjole frå Monsoon.

onsdag 1. februar 2012

D Å P S I N V I T A S J O N 2




 Nå trur eg at alle dåpsinvitasjonane har komme fram til mottakar. Kryssar fingrane for det, og viser derfor litt meir av invitasjon og konvoluttar! 

Dåpsinvitasjonane til veslebror er kvite invitasjonar med kun tekst. Som t.d at det blir tapas på menyen... - nammmmm...eg gler meg!!! Kvar invitasjon har eit påheng av ein svart hyssing med ein rund "lapp" i enden. På lappen er det anten spørsmål om ein vil vera fadder eller ei velkommen helsing.

Invitasjonar med sirkelforma lapp la eg opp i svarte konvoluttar. Med mi nyinnkjøpte Dymo-maskin (kjøpt på Clas Ohlson - etter tips frå Den Gode Feen) produserte eg navneklistremerker som eg klistra på konvoluttane. Dei svarte konvoluttane vart så plassert i frosta konvoluttar der adressene var handskrivne. Skjønne små lam fekk også vera med i kvar sin konvolutt. *Håpar dei søte små blir behandla godt og tatt vare på... :-)

Etter å ha pressa både lam og konvolutt oppi ein konvolutt, kunne me klistra igjen å ta på "eigenproduserte" frimerker. Frimerka har bilete av vesleguten sin søte fot. Gå inn på posten sine sider så kan du også laga dine eigne frimerker: http://www.posten.no/

Heldige meg har eigen postmann (dama) på butikken som har mitt etternamn?! Postdamo mi fekk orden på denne postsendelsen, slik ho alltid hjelper meg med alle mine postsendelsar. Det er vel ho eg kan takka for at ting kjem fram... Hei til kjekke deg! :-)
  

lørdag 28. januar 2012

D Å P S I N V I T A S J O N 1


Tida tikkar mot dåp. Ettersom det viste seg at det særs sjelden er dåp i kyrkja heime på Halsnøy, kom dåpen pittelitt raskare enn planlagt. Jaja, like greitt å hive seg i det før dåpskjolen blir for liten til vesle klumpen vår! :-)
Nå er iallefall dåpsinvitasjonane klare til sending. Nådde ikkje posten så invitasjonane kjem fram (kryssar fingrane) på tirsdag.

Har hatt eit tema i dei to andre dåpane. Storesøster sin dåp for 7 år sidan hadde tema sommarfugl. Nestemann hadde dåp når det var påske, så tema den gongen var påskeegg og påskeharen. Bilete frå "påskeharedåpen" var faktisk eit av mine fyrste blogginnlegg. Klikk HER så kan du lese om det! Denne gongen så har det vesle lammet noko med festens tema, iallefall på ein måte... :-) (Nei, det blir ikkje smalahåve eller lammalår på menyen...).  :-)

Endelig kom all tapen eg hamstra på Ølen Møbler til nytte. Var så glad når eg endelig fann tape (som alle andre i blogglandia har), at eg måtte kjøpa mange! Kjøpte nokre med farge og...

Ha ein gode laurdagskveld! Nå er det tid for laurdagskos her i heimen. Nam!!! :-) 

onsdag 5. september 2007

Barnedåp



På søndag hadde Den Gode Feen http://blogg.hobbyboden.com/dengodefeen/ barnedåp. Sjå dei skjønne boksane ho laga til gjestene!
Mmmmm...og kven kan motstå sånne deilige rosa muffinsar...nammenam! :-)
Me var på kaffibesøk og smakte på alt det gode og søte som vart servert.
Sjå fleire av bileta eg tok, på bloggen til Den Gode Feen!

tirsdag 17. april 2007

Dåpsgåver - TUSEN TAKK



























































Litt av dåpsgåvene vetleguten fekk. Sølvbestikk, gyngehest, bøker, album, smykker, armband osv. Tusen takk!



mandag 16. april 2007

Barnedåp








































2. påskedag var det barnedåp for pompen vår. Påskeegg og påskeharen var tema som eg brukte til pynting av bord.

Alle som kom fekk kvart sitt lyseblå påskeegg, med ei søt overrasking!