



Mine små håpefulle går i ein kunst og kulturbarnehage, og har nok som i dei fleste barnehagar tema som dei jobbar med. Før ferien var det sommarfuglar opp og ned i mente! Til og med dyrking av små larver var på tapetet. Larvene vart til flotte sommarfuglar, som flaksa rundt i barnehagen... Om dei enda sine dagar der, eller fekk komma ut i live, veit eg ikkje.
Øverst ser dykk sommarfuglen som mollemor hadde laga, og som nå fyk rundt i stova. Denne var jo svært fin, synes mammo. Litt verre med desse ørten teikningane ho tek med seg heim, der ho brettar arket ca. femten-tjue gongar etter teikninga er ferdig. Ser faktisk ut som dei er klar til boss-spannet, men sjølvsagt ikkje; Teikningane skal brettast opp, som ein presang... Så skal det skrukkete papiret med dei små krusedullane nytast. Kanskje strykast!!!?
Dei tre nederste bileta er frå sommarfuglfesten i barnehagen. Ein flott og rørande fest! :-)
Så, takk kjære
Emmeline for så flotte og snille ord!!!
For nokre veker var eg nemleg heime hos Emmeline på konfirmasjonsfotooppdrag, etter fotografering for bladet Vakre Hjem & Interiør i ein annan Bergensheim. Å komma heim til Emmelinefamilien, var rett og slett som å komma heim!!! Der kom eg rett til middagsbordet, med knallgod mat! Egentlig fantastisk morsomt å sitja der å eta middag i lag, for me kjenner jo ikkje kvarandre "live". Det viser vel at me gjennom bloggane blir kjente me kvarandre og kan få gode vener! Da var iallefall utrulig kjekt å møtast, om den stakkars familien hennar vart stua inn på soverommet for at me skulle få tyta i fred! Hehehehehehehehe! :-)