fredag 28. september 2007

Trollskog










På tur i skogen med små og store vogner. Litt trolsk stemning!

Haust i primærfargar




Haustfargar i primær: Gul, cyan og magenta (nesten iallefall)!
Me tutla oss ein tur i skogen, som er rett her me bur. Fint å gå nå når endeleg slusene i frå himmelen er stengte... La oss få ha sol litt til! Please!

onsdag 26. september 2007

Gold





















Gulljento i gullklede! Cherox (?) skoa er ikkje det dei ein gong var! Eg hugsar godt mine brune. Stive og harde, men mjuke inni. Tidene har endra seg! På min utkikk etter denne typen sko, datt eg over desse gullfarga! Dei lyste og ropte til meg! Så fine! Jippi! Solgt! :-)

Eng: Our darling daughter in her new golden boots!

mandag 17. september 2007

Fotograf?







































Veldig mange spør i kommentarane om eg er fotograf. Tusen takk for det! (Betyr vel at de likar bileta mine?). Eg er ikkje fotograf, men utdanna grafisk designer. Under studiane mine har eg hatt foto som fag, og nyttar ofte mine eigne bilete i grafisk produksjon.


Nå vil eg dela nokre få av mine prosjekt med dykk, gjort då eg jobba freelance:


Dagbladet sitt laurdagsmagasin "Magasinet", nytta mitt bilete og handskrift på framsida. Eg illustrerte også fem sider inne i bladet. Veldig kjekk jobb. Litt stolt over denne, ettersom eg er så glad i å lesa Magasinet på laurdagen.


Den norske Bokklubben si utgåve av Gunnar Staalesen si bok "Falne engler" er det eg som har illustrert. Her er dei blanding av foto, maling osv... Kanskje de har boka i bokhylla?


Cd-cover og promoposters for Emmerhoff & the melancholy babies. Kjempekjekk fotografering med mykje gjørma og sur raudvin! Alt for den rette looken! :-)


Der fekk de veta litt om meg, og det faktum at eg IKKJE er fotograf, men veldig glad i å ta bilete! :-)

onsdag 12. september 2007

...på håve!



























Her står da på håve! Me pussar opp kjøkkenet, og da betyr rot! Kassar med kjøkkenting står inne i stova, i gangen osv. Ting tar tid er det noko som heiter...men nå må me få farten opp!
Sant kjære...??? :-)

onsdag 5. september 2007

Barnedåp



På søndag hadde Den Gode Feen http://blogg.hobbyboden.com/dengodefeen/ barnedåp. Sjå dei skjønne boksane ho laga til gjestene!
Mmmmm...og kven kan motstå sånne deilige rosa muffinsar...nammenam! :-)
Me var på kaffibesøk og smakte på alt det gode og søte som vart servert.
Sjå fleire av bileta eg tok, på bloggen til Den Gode Feen!