tirsdag 30. november 2010

Vinnaren er...



Trekninga kom i gong litt seinare enn planlagt,
men likevel tidsnok til at kalendern skal komma
heim til sin nye familie til den 1.des.

Gratulera HAUST!
Kjempekjekt at det vart deg,
om eg ikkje kjenner deg!
:-)

Send adressa di til meg,
så sender eg den til deg i dag!

Alle dykk som ynskjer ein slik kalender,
bestill den HER!

søndag 21. november 2010

Jobbemann




Skal tidlig krøkast som god krok skal bli.

:-)

*Kanskje ei framtidig svigerdotter vil takka meg?

fredag 19. november 2010

Mens me ventar...


...på trekning av julekalender, 
så får dåke ha ein kjekke dag!

I dag skal me høyra storesøster synga med klassen.
Då er det vel best å ha lommetørkle klart.
Hardt for gamle damer å høyra barnesong! :-)

Vetlebror skal få lov til å trekka vinnaren av kalenderen.
I morgon!

G O D E   D A G !


onsdag 17. november 2010

Vil du ha ein julekalender?



INNLEGG  nr. 600  PÅ BLOGGEN
blir feira med utloddning av ein flott julekalender!

Jippi!

Ivar Aasen-tunet har i år laga eit nytt
produkt som dei er veldig stolte av:
Ein adventskalender med 24 små songbøker,
med nynorske advents-, jule- og vintersongar.

Som nynorskbloggar har eg fått tilbod om å dela
ut ein slik kalender til ein av mine lesarar.
:-)

Knallkjekt!

SKRIV EIN KOMMENTAR I FELTET UNDER,
så er du med i trekninga!
 


Adventskalenderen er formgitt av Monica Egeli,
og du kan lese meir om han her:

tirsdag 16. november 2010

Boller i ovnen






På søndag var det farsdag
(vil tru dei fleste har fått det med seg).

Eg trudde faktisk i min feberrus
at det var farsdag søndagen før også...
FEIL.

Denne søndagen, derimot:
Rett søndag.
Rett farsdag.
Rett far.
:-)

Frukost på senga.
Varme boller til lunch.
Enkel glede.

Iallefall når pappen rydda opp griset etter oss...

Ha ein gode dag!
:-)




mandag 15. november 2010

Gift


Eg har vore sjuk.
Ikkje av fluesopp.
Heller ikkje av gift.
Om det nesten har kjent slik ut.
Nå skal ein hestakur gjera meg god igjen.
Heldigvis så er eg allereie betre.
Betre og betre dag for dag, stemmer faktisk!

Nå er eg berre glad for å kjenna at "livsgnisten" min er på veg tilbake!
:-)

Mi åtvaring:
Utanlandsk pencilin!
 Ikkje til å spøka med...

H a   e i n   k j e k k e   d a g !



Knallsøte Maileg fluesoppar frå frk Lande.

tirsdag 2. november 2010

6 days




"Det er lykke i lubne hender

det er lykke i barnekinn

Det er lykke å se at hun ligner,

at hun har fått nesen din"

Ukjent



Denne vesle snuppa fekk eg fotografera då ho var seks dagar.
Fotograferinga gjekk føre seg i ei god og varme stova,
i huset til den nye verdensborgaren.
Godt for babyen og godt for den nybakte mammo
(om ho var særdeles sprek)!

GODE dag!