torsdag 30. oktober 2008

Ei gåve







Flinke, flinke Trude har sydd desse på bestilling frå meg. Fall pladask når eg såg dei på bloggen hennar, blant masse andre ting eg også gjerne ville bestilt.
Ettersom mammo til Johanpusen kom susande rett etter eg opna pakken frå Trude, så har ho allereie fått sett hjarta som vesleguten hennar skal få på dåpsgåva si. Eg har nemleg fått æra av å vera fadder! :-)
Millejento bur i Oslo, og skal få sitt hjarta når ho kjem heim til jul! Veit at iallefall tantene til Millemor er innom bloggen, så då kan dei nyta synet av det knallskjønne hjarta.
Trude: Eg er knallfornøyd! Du er kjempeflink!
Så er dykk i beit for julegåvetips, besøk denne bloggen!

onsdag 29. oktober 2008

Bollefisen og Dustefjerten























På laurdag opnar utstillinga Bollefisen og Dustefjerten m.fl. av Torun Hunnes og klasse 1a og 1b frå Rommetveit Skule, på Galleri Giga.

tirsdag 28. oktober 2008

Happy Diwali!























Happy Diwali everyone. Today is Diwali day for Hindus and in India they celebrate it with lights all around their homes, much like Christmas here. The tradition is to celebrate with friends and family and of course as any Indian festival, lots of great food, with emphasis on Indian sweets. Indian business treat Diwali also as their business New Year. So, if you come across an Indian today, wish him/her a Happy Diwali!


Eg er ikkje indisk, viss nokon fekk den ideen av dette. Men min kjære ven, Jem, er indisk (iallefall halvt), og derfor ynskjer eg han ei very happy diwali!!! :-) (Hi mate - miss you!).

I mine tre år i England, så hadde eg flatmates frå ulike land. Cherissa frå Jamaica, to frå Kina (guri, nå hugsar eg ikkje kva dei heiter - men hugsar godt at dei stod å hoppa når dei åt?!) og Jem frå London (med indiske aner). Heime hos Jem i London, fekk me eta ekta sterk indisk mat, laga av faren, og drikka bøttevis med vin!. Hehehhehe...dei gode gamle dagane!


Bilete er ikkje frå India eller England (mine studentbilete må sensurerast), men av mi vesle håpefulle si heimelaga smykkekolleksjon. Desse smykka kunne nok så absolutt blitt brukt i ein Bollywood film, med tanke på fargar!


Hmmm...er litt usikker om Diwalien var i går...sjit å padda -me seier hipp hurra i dag!

mandag 27. oktober 2008

Rett Hjem







Sist fredag var eg på fotografoppdrag for det inspirasjonrike bolig- og interiør magasinet, Rett Hjem. Bladet har eit opplag på heile 125.000 eksemplar! (Til samanlikning så har Vakre Hjem & Interiør eit opplag på 70.000 stk). Rett Hjem blir utgitt gratis til alle husstandar i Bergen, Fjell, Askøy, Stavanger, Sola og Sandnes. Dei som ikkje bur i desse kommunane kan lasta bladet ned på heimesida (der ligg alle utgåvene). Bladet er framtidsretta og stadig i utvikling!
Min jobb var fotografering til neste nummer; JULENUMMERET! Oppdraget var heilt fantastisk kjekt!!! Eg fekk nemleg jobba saman med ein utrulig dyktig stylist. Motiva bugna og fristelsane var store... :-)
Bilete øverst viser desse knallfine adventstala som eg fekk av stylisten. (Eg ville kjøpa dei altså!).
Det blir spennande å sjå kva bilete redaksjonen ynskjer å bruka. Eg skal gi eit lite vink når bladet er ute til distribusjon...eg både gler og gruar meg! Mest gledar meg altså... :-)
Ha ein kjekke mandag!

søndag 26. oktober 2008

Kyrkjetid













































































I dag var det kyrkjetid for vår vesle familie. Mollemor (som fortsatt er 3,5 år) fekk i dag utdelt 4-årsboka. Etter at me fekk brev og CD i posten om dette, så har huset vårt vore "prega". CD-spelaren på full guffe med "måne og sol, vindar og hav" kan gå, men orgelmusikk på repeat kan gjera ein litt ør...
Etter kyrkjevandring i går (fireåringane skulle bli kjent med kyrkja), var me på plass igjen i dag, til den STORE dagen! Masse skjønne små 4 åringar prega kyrkja, nokre meir "vågne" enn andre. Skjønnast var vel barnekoret, der nokre levde seg inn i songane med liv og lyst! :-)
Frøken dings hadde pynta seg i 17. mai kleda sine, kjøpt hjå Min Engel i Bergen (bloggen til butikken er denne). Hua er frå snille Linda, Den gode feen.
Etter kyrkjetid gjekk me heim, og åt middag, kl.13.00!!! Komlemiddagen som han far sjølv laga i går, vart for fristande... Så nå er klokka 14.10, og ettersom me er tilbake på 1940-talet, så er det vel snart tid for nons. God søndag frå gamlemor!!! :-)

fredag 24. oktober 2008

Kjekka jento!








































I avisa til Husnes Storsenter så var det eit oppslag om "Lilla" ting og tang. I oppslaget blandt lilla sko og vesker, hadde eg også fotografert ei veldig kjekke jenta i lilla Wesc genser.

Her er ho ikkje i lilla, men i svart-kvit. Denne unge damen er jo ei av mine favorittjenter! Har kjent ho sidan ho var i mammo si, sin mage! :-) Ho er beviset for meg at me menneske kan bli lika glad i andre sine ungar som i eigenfødte born! Eg var heilt tussete etter ho, goa, skjønna mollo!!! Nå er ho blitt større og lika skjønn, kjekk og snill! Og eg er fortsatt tussete etter ho, men må jo tolma meg litt... :-)

P.S: Eg er tussete etter veslesøstera og... Klem til deg!!! :-)

God helg!
























Ein liten blomekvast til alle besøkande, og ynskje om ei god helg!
:-)

torsdag 23. oktober 2008

Inspirasjon = konkurranse























Dette bildet viser mammo mi saman med tvillingsøstera og storesøstera hennar. Mamma står til høgre i bildet, så skjønn og god! Ettersom mamma er tvilling så fins det ein god del bilete av dei som små. Dei hadde søskenbarn som også var tvillingar, og dermed fins det veldig mange bilete av desse to tvillingpara i saman.
Dette bildet tenkte eg måtte inspirera kledesignarar, og passa godt i stilen til MeMini. Eg kunne nemleg absolutt tenkt meg eit sånt klesett, med strikkebukse, leggvarmarar, bomulls/linkjole og strikkegenser, viss det fanns i butikken. (Altså ikkje til meg sjølv viss nokon tenkte det, men til mine søte små!). :-)
Eg sendte derfor bilete med tanke på inspirasjon for ein designar i haustmørket! :-)
Nå er dette bilete blitt starten på ein konkurranse. Så sjekk denne og denne bloggen, så kan du lesa meir om akkuratt det!
Ha ein god dag!
(Antrekket som mamma hadde på seg som lita jenta, hadde absolutt vore det perfekte antrekk i gufseveret som me har her i dag!).

onsdag 22. oktober 2008

Husnes Storsenter





I morgon, torsdag 23. oktober er det offisiell opning av Husnes Storsenter på Husnes. På oppdrag frå marknadsavdelinga i Kvinnheringen, har eg tatt mange av bileta i opningsavisa til senteret. Senteret blir samanlikna med operaen i Oslo, pga. arkitekturen. Eit spennande bygg å ta bilete av, både utvendig og inne. Og eit spennande prosjekt å jobba med, saman med ein veldig kjekk og grei journalist! (Hei til deg!).
Så til dykk som bur for langt vekke for opningsfest, og som ikkje får avisa i postkassa, dykk får kikka litt på desse bileta her...

Ha ein kjekke dag!!! :-)

torsdag 16. oktober 2008

Variert arbeidsdag


I mitt nye liv som sjølvstendig næringsdrivande, så er dagane absolutt meir varierte og spennande enn før. Eg viser derfor eit bilete av meg sjølv, korleis eg hadde det på jobb i dag.
På oppdrag for JYSK, så er eg faktisk på toppen av ei plattform!!! Hjelm, vernebriller, vernesko og dress er ikkje mitt kvardagsantrekk, og det er på ein måte bra... Det å ta bilete med hjelm på hovudet og vernebriller er nemlig ikkje det lettaste! Kjekt var det likevel, i øsepøsevær og med ein god dose høgdeskrekk! Litt godt var det å komma ned og... :-)
Ha ein kjekke kveld!

onsdag 15. oktober 2008

Lykkelig!



I dag er eg så glad, så rørt og så bliiid! Eg er nemleg overvelda over kva eg mottok i posten i dag, frå denne fantastiske designeren. TUSEN TAKK!
(Dykk skal få sjå kva eg har fått, men kikk innom MeMini, så får dykk ei aning...!). :-)
`
Glad er eg også over at foredraget gjekk fint i går. Mange kjekke folk hadde møtt opp, og kjekt hadde me det! Responsen var iallefall utrulig kjekk, ettersom at mange vart inspirert og fekk lyst til å ta bilete! Det er jo det viktigaste synes eg! :-) Takk til dykk alle, både duppedingsmannar og eplekakedamer! Eg kjem gjerne igjen!
`
Tusen takk også til mi kjære, snille veninna med to av mine favorittjenter, som gav meg desse tulipanane i sist veke! Du er så snill!
Øverste bilete er ikkje tilstyla, dermed ser dykk ein liten bit av ei godteskål, og ein korva (godt dialektsord) kvit duk i bakgrunnen!
`
Ha ein super dag!
`
Nå må eg roa ned det boblande humøret og jobba, slik at det blir litt pengar inn i kassa! :-)

tirsdag 14. oktober 2008

Putekrig



Nye puter som diverre ikkje er heimesydde, men kjøpt på Fryd.
Har vel etterkvart nok puter til ein hær. Så vekk med våpen, fram med putene!

mandag 13. oktober 2008

Stol

























I fjor skreiv eg om ein butikk på Evanger som er veldig kjekk. Her er innlegget: http://bodil-bo.blogspot.com/2007/08/litt-reklame.html

Der nevner eg ein stol (to stolar). Desse har blitt stua vekk, men fått komme fram i lyset nå når gangen fekk ein "ny start". Stolane er kun blitt skrubba med grønnsåpa, og eg er strålande fornøyd med dei!
Takk for kommentarar i forrige innlegg, som faktisk var mitt innlegg nr. 200!!! :-)

Foredrag
























I morgon skal eg halda eit inspirerande (er eg blitt fortalt) foredrag, i Kvinnherad Fotoklubb. Det skal ikkje handla om blomsten og bien som kanskje bileta indikerar, men om blogg og foto. Trur eg må byrja å førebu meg, for nå fekk eg eit lite "kvir meg stikk" i magen!
Ha ein kjekke mandag! I motsetning til Pusur, så likar eg mandagar! :-)

søndag 12. oktober 2008

"Ny" gang























Inngangspartiet vårt har fått eit lite ansiktsløft. Her hjalp ikkje botox eller kirurgi, men god gammal kvitmaling og treplankar på golvet. Gangen har vore kvit lenge, men hjelpe meg koss da gulnar! Eg har ikkje handla inn noko nytt, men prøvd å bruka det eg har.
(Utanom IKEArammene som vart hivne i vogna etter eit litt misslykka kommode(som ikkje vart noko)kjøp).
Skal visa fleire bilete, men nett nå vart det med dette utsnittet! God søndag! :-)

lørdag 11. oktober 2008

Eplekjekt besøk




Eg har hatt haustferie! Ein litt sånn "halvfrivillig" ferie pga. sjuke ungar og storfint besøk! Å få besøk krev nemleg eit ryddig hus! Ettersom eg har oversett rot i nokre månedar så tok det meg heile tre dagar å rydda, sortera, kasta og vaska. Det betyr ikkje at me har levd i ein sump (eller, kanskje det?), men ting hadde hopa seg "litt" opp her og der, for å seia det fint...

Det gode med mitt besøk var at nå vart det både fart og ekstra full fart i sakene. (Min kjære måtte ufrivillig vera med i operasjon ryddig hus, og er derfor reist på rekresjon aleine på hytta denne helga...).

Deadline var torsdag kl. 19.00, då kom nemleg 4 damer på besøk. Tre av damene styrer denne butikken, og alle saman er vel over middels interessert i interiør. Damene er snille, knallkjekke og greie, men eg hadde nerver!!! På tross av åtvarningar ang. korleis det egentlig ser ut hos meg, så følte eg eit lite snev av forventningar...
Dette forventningsproblemet (mitt problem altså) hadde eg aldri før eg starta blogg! Nå merkar eg at mange har ei formeinig om at eg har det SÅ fint heime... Neeeeeiiiiii, eg har ikkje det! Eg viser berre litt! Eg viser ei stemning. Eg viser ikkje alt...

Uansett, besøket kom, før eg var ferdig. Ei stor panne havna derfor under nokre klede inne på vaskerommet, handklede som skulle henga på toalettet låg i tørketrommelen (oppdaga jo sjølvsagt det etter at besøket var gått -dåke måtte jo seia i frå!) og kanskje aller verst (fins egentlig ei heil liste med punkt her) var at spisestuebordet flaut. Mange byrjar jo kanskje heilt logisk å rydda i dei romma der gjestene er. Det gjer ikkje eg. Det rommet kom sist i rekkja... Uterommet hadde eg ikkje rørt, og ergrar meg fortsatt kvifor ikkje mi bønn om snø vart høyrt.

Men uansett rydding og rot, me hadde det kjekt! Mat fekk dei og mette vart dei! Knallgode reker etter superhemmlig oppskrift frå Den gode feen, og raudvin og tapas. Til og med kaka...takk frysedisken (på ein butikk eg ikkje besøker igjen -det er ein annan historie).

Denne nydelige skåla full av epler var gåve til meg frå dei kjekke damene! Knallfin! Tusen takk!
Dåke er velkomne igjen. Men kom fort, for nå er det ryddig...nesten! :-)

søndag 5. oktober 2008

I går haust...


























...i dag vinter!!!

Dette var synet som møtte to begistra ungar, ei "jaja, koselig dette" mamma og ein .....#**#(fyll inn sjølv)...pappa, i dag tidleg.

Før hyttefrukosten stod på bordet var me ute i snøen for å leika. Minstemann syntes snøen var "au-au", for hendene vart litt kalde... Kven tenker på vottar når ein pakkar og sola skin ute? Heldigvis så fungerar sokkar også som vottar, i trange tider! Heldigvis x 2 hadde me hugsa å ta med dressane frå barnehagen, og ein haug med ullklede.
Då vart heller mitt utval i "leike i snøen" klede litt sparsomt... Skrekkelig god unnskyldning for å gå inn, fyra i ovnen, rydda litt, lesa blader og nyta hyttefreden... :-)



lørdag 4. oktober 2008

Orange, raud, brun...























...gul, grøn og blå! Det er haust!

Me er på hyttetur, og merkar at hausten er komme litt lenger her enn heima. Litt råare luft, litt mindre blad på bjørka og overmodne tyttebær. I dag har me vore ute å plukka litt ymse, dvs. tyttebær, kongler, steinar og 4 stk blåbær. Så nå kan vinteren komma... :-)
`
Med mobilt breiband så er eg for fyrste gong på nett, her oppe til fjells. Føler meg eit hakk nærare sivilisasjonen. Fjernsynsskjermen har gått i svart, pga. at Hordaland nå er på "bakkenett". (Ikkje noko bakkenett her enda, og det synes min lite fjernsynsglade mann er herlig! "La roen og freden senka seg, Bodil...!"). Mannfolk! :-(
`
Såg på Oprah her i veka, der ein tek i frå ungar og foreldre (frivillig) fjernsyn og data. Resultatet blir gladare familiar, som snakkar meir med kvarandre.
Nå har jo eg øydelagt dette (i vår fjernsynsfrie sone), med å bruka dette trådlause mobile breibandet. Men litt sant er det, me snakkar meir i lag utan fjernsyn. Ikkje minst med ungane, fordi ein blir meir fokusert.
`
Gladare? Ja, nå sit eg her, utrulig lykkelig og glad, med svart skjerm og naso ned i pcèn. Mannen vaskar opp. Han er superlykkelig...
'
God helg! :-)
Øverst bilete viser utsikta frå hytta vår.