lørdag 23. juli 2011

S O R G

Det har vore vanskelig å sova i natt etter det ufattelige bombeangrepet i Oslo og den grusomme massakeren på Utøya i går.
Å vakna til oppdaterte nyheter på fjernsyn og nett gjer dagen sorgtung.
Trist, tragisk og vondt.

Me er alle i sorg i dag.

Alle tankar og medkjensle til pårørande, dei overlevande og heile landet som kjenner seg berørt av denne grusomme tragedien.
Ord blir fattige...

fredag 8. juli 2011

S T O R E R I N G H E I M

Eg har ikkje så mange bilete frå denne plassen enda, men i dag skjer det:
Høgtidleg opning av Store Ringheim Gjestetun på Voss.
Gler meg til å visa bilete i frå denne fantastiske plassen som opplevast!

Gratulera med dagen, kjekke kunden min!
:-)

*Her jobbar me intenst for å kunne nå opninga me er invitert på i kveld.
Kryssar fingrar for å klara det!

torsdag 7. juli 2011

S U M M E R F E E L I N G


Det er sol. Det er sommar.
Det er snart ferie...

*Herlig, nydelig og skjønn familie fotografert i deira eigen fantastiske strand!
Sand under føttene, salt sjø og ungar som ler.
Det er lukke det!