fredag 27. april 2012



S O R G


Veit du -
lufta syng der du smilte

Veit du -
jorda bevar der du gjekk

Veit du -
havet tie der du var taus

Veit du -
ilden fortære ikkje der du tente

Sorg
fordi du var god

Sakn
fordi det er du som saknast

Fordi du likevel er
i lufta
i jorda
i havet
i ilden


Sorg, og sakn
fordi du likevel er.


*Eg kjeme frå ei øy. Ein plass alle kjenner alle. På godt og på vondt.
I går delte me ei sorg. Ei kone, ei mor, ei bestemor, ei tante,
ei svigerinne, ei veninne, ei som alle kjente gjekk bort.
Me deler sorga og saknet med dei næraste.
Tenke`på dåke!



 

torsdag 26. april 2012

B A R N



B A R N  A V  R E G N B U E N

En himmel full av stjerner,
blått hav så langt du ser,
en jord der blomster gror,
kan du ønske mer?

Sammen skal vi leve
hver søster og hver bror,
små barn av regnbuen
og en frodig jord.

Noen tror det ikke nytter,
noen kaster tiden bort med prat,
noen tror visst vi kan leve
av plast og syntetisk mat,
og noen stjeler fra de unge
som blir sendt ut for å slåss,
noen stjeler fra de mange
som kommer etter oss.

En himmel full av stjerner,
blått hav så langt du ser,
en jord der blomster gror,
kan du ønske mer?

Sammen skal vi leve
hver søster og hver bror,
små barn av regnbuen
og en frodig jord.

Men si det til alle barna,
og si det til hver far og mor;
Dette er vår siste sjanse
til å dele et håp og en jord.

En himmel full av stjerner,
blått hav så langt du ser,
en jord der blomster gror,
kan du ønske mer?

Sammen skal vi leve
hver søster og hver bror,
små barn av regnbuen
og en frodig jord.

En himmel full av stjerner,
blått hav så langt du ser,
en jord der blomster gror,
kan du ønske mer?

onsdag 25. april 2012

G E R B E R A




Ein liten blomsterkvast på ein onsdag!

I dag har eg vore på den årlige Nyskapingskonferansen på HSH. Er blitt ein fast tradisjon å delta. Ein heller ny "tradisjon" var å ta med vetlebror. Å ha han med på laget førte til litt sein avgang frå heimen, og litt tidlig tilbaketrekking frå konferansen. Vart ikkje gulrotkake på meg i år altså...søren! :-)

MEN...møtte mange kjekke damer og menn, som det alltid er kjekt å prata med!
Gler meg til neste år!




tirsdag 24. april 2012

R E P R I S E * K I C K



 Eit lite fargekick på ein tirsdag!


Delvis reprisebilete frå april 2010.

:-)


mandag 23. april 2012

K O N K U R R A N S E * C O O P


Eg får mange forespørslar frå ulike aktørar som vil annonsera på bloggen min. I dag gjer eg eit unnatak, slik at du får anledning til å vinna noko! :-)

Anledningen er BARNAS UKER i veke 16-18 på COOP Obs Hypermarked.


Viss du har lyst å vinna eit gåvekort på 500,- kr. hos COOP Obs Hypermarked, kan du delta i konkurransen. Legg igjen kommentar med svar på spørsmålet under - og hugs å legga ved kontaktinformasjon (t.d. mailadressa di dersom du ikkje sjølv har blogg).

Frist...tikk takk: Legg igjen kommentar til og med onsdag 2.mai.
Vinnaren vil bli offentliggjort i slutten av veke 18.

Kan du kjøpa Hunter støvlar på COOP Obs Hypermarked?

Svaret finn du HER!


søndag 22. april 2012

S U M M E R



Eg er så kreativt gira for tida, at eg skulle ynskje at døgeret hadde MANGE fleire timar!
Blir nesten for mykje av det gode, for kreativiteten set i gang ein del prosjekt...(som om det ikkje var nok å gjera frå før). :-)

I dag har eg og storesøster vore ute å fotografert. Sommar (brrrr...ikkje heilt det nei), kjole (den som utløyste skredet av idear som førte til dette "prosjektet"), blomar (så absolutt!), fargar (MANGE!) og glede (jo, litt av det, kan ein sei :-) ).!

Ein kjapp snik-kikk på to av bileta, i super full fart. Skal visa meir ein annan dag!
*Blogging og amming passar ikkje saman - mamma komme, vetle ven! :-)

G o d e  s ø n d a g!

lørdag 21. april 2012

M U G T A I L S



Byblom til ungane frå mamma og pappa etter vår vesle mandag- til tirsdagsutflukt.
Kvar sin "mugtail" til tre stk. småtroll - ein fin harekopp til storesøster, skjønt dådyr til mellombror og liten ekornkopp til minstemann! Ein gode unnskyldning for ho mor å kjøpa dei fine koppane...

Vart ungane glade? Som forventa. Storesøster smilte og syntes den var skjønn. Babybror berre gurgla og smilte med si vetle fyrste tann. Mellombror himla med augene, såg på meg og sa tørt: "Ka e`da der? Meget merkelig presang å gi - ka ska`eg me àn!". Å kva seier ein då? Ingenting. Absolutt ingenting...

:-)

Fine koppane er kjøpt på Svingen møbler & interiør, www.svingenmobler.no

fredag 20. april 2012

L Y S L E N K E



 * L Y S  l e n k e *

...i dagslys og på kveldstid...

+ avklypte greiner frå tre og buskar i vasar
- tida for dette nå!
:-)



( Fina lyslenko får du kjøpt på Sæbøvik Gåver & Leiker )



torsdag 19. april 2012

S V I N G E N



Svingen møbler og interiør held til på Tysnes. Butikken midt i Våge sentrum, har vore ei familiebedrift i tre generasjonar. I fjor vart BO design & foto/eg kontakta av siste generasjon ang. ny grafisk profil på butikken. Frå å vera ein "rein" møbelforretning skulle Svingen også tilby interiør frå mange flotte leverandørar, samt klede, smykker og det som høyrer til (og som me likar så godt :-)!).

Mykje har skjedd på det halve året "nye" Svingen har eksistert. Det aller, aller siste er nettbutikk, som etter planen opnar i dag, torsdag 19.04!!! Spennande! :-)

Stikk innom denne adressa til nettbutikken:

Svingen møbler og interiør har også blogg. Legg deg til som følgar og sjekk ut kva som skjer: http://svingenmobler.blogspot.com/

Du finn dei også på facebook! :-)




Øverst visar ny logo/profil på ulike trykksaker for butikken.
Under kan du sjå nokre få snapshots frå butikken.
Kanskje du ser litt sånn "Bare må ha!" :-)








mandag 16. april 2012

H E I L T * N Y



I dag er det
5 mnd.
sidan vetleguten
var heilt
 NY

Og sidan eg aldri legg bilete ut av meg sjølv på denne bloggen, og mislikar sterkt å bli fotografert, så viser eg dette bilete av meg sjølv liggande på operasjonsbordet rett etter keisersnittet! For då var eg berre lekker! :-D

Mitt fyrste rørande møte med verdens beste babygut!
*Me feirar dagen med tur og hotell i Norheimssund!? :-)



søndag 15. april 2012

S Ø N D A G S * F R U K O S T









Frukost i det BO`ske hjem!

Nei, egentlig ikkje... Me pleier aldri eta frukost i stova, men kva gjer ein ikkje for bloggen! :-) For to dagar sidan fekk eg nemlig ein svært kjekke pakke i posten. Då kom koppane eg hadde bestilt hjå Ølen Møbler. Super service i frå snille Anita - (sjekk hennar blogg her). Ein kopp til kvar og ein i familien. Til og med lillemann (som ser ikkje ut som vil eta anna ein mammamelk til han blir konfirmert) har fått sin eigen fine kopp! Koppane er sjølvsagt DESIGN LETTERS med font designa av danske Arne Jacobsen.

Eg har vel aldri skrive kva ungane våre heiter her på bloggen, men nå ser dykk at storesøster byrjar på K, mens dei to gutane våre har H som fyrste bokstav. :-) Så kan dei som gidd, gjetta kva navn dei har... :-D

Frukosten i dag var heller av det slunkne slaget, ettersom det var nokon som ikkje hadde handla. Men med pesto, ost, egg, reker, skinke og oliven så vart me mette og gode. Dvs. storesøster åt kun rundstykke og mellombror åt sin vanlige dose reker, eggekvite (scroll litt ned så ser dykk tallerken med gul eggeplomme) og skinke utan rundstykke... Veldig greitt med to stk ungar som alltid et nett det motsatte av kvarande! :-)

Søndagsfrukosten vart gjennomført utan at koppane velta (tusen takk for godt koppedesign). Var nemlig litt i tvil om eg skulle ta vekk den kjempefine lyslenka vår, som var ei bryllaupsgåve. Litt kjedelig med lyslenke full av mjølk og grøn pesto! :-)
Eg har hatt ein del lyslenker opp igjennom åra, men det må seiast at denne er den finaste! Lenka er kjøpt på Halsnøy, Sæbøvik Gåver og Leiker (dei har eigen blogg, samt er på facebook), for dei som kjenner trangen til "løp å kjøp".
"Båten" med oliven er også ei gåve. Den er kjøpt på Galleri Giga (som også er på facebook!). Fasett lysestakar er Tine K, kjøpt både her og der! :-) Viss eg har gløymt å nevna noko av det andre på bordet, gi ein lyd!?



TAKK FOR MATEN
...smuldreguri = meg...

 

FØR
(Frukost som på ein måte er staaaaiiiila!)


ETTER
(Frukost som på ein måte ikkje er staaaaiiiila...) 





GO`SØNDAG TIL DEG FRÅ MEG!
:-)

lørdag 14. april 2012

H A L L O



YUBZ Talk is in the house!

:-)

Eg likar å snakka i telefonen. I gamledagse røyr som kan holdast under haka samstundes som ein legg saman klede, eller vaskar golv!
Yubzi-talken la eg merke til før jul. Lo litt med meg sjølv, men tenkte at ikkje le, ein dag så ligg den på kontorpulten din...
Å joda, eg fekk rett. I går kom dette røyret med meg heim, til mannen si undring og borna si glede!

Beskjed til min mann: Kjære, ta da med ro. Eg skal ikkje ta Yubzièn med meg i veska, for å å sitja å prata i den på ein kafè eller i bilen. Til det er veska mi allereie for full... :-) 


Veslebror syntes det var stas med både farge og form! :-)

Yubzèn min er kjøpt på Fadnes her på Stord.
Body til klumpen (sjekk låro :-) !) er kjøpt på Polarn O`Pyret i Haugesund.


 
G O D  L A U R D AG!

fredag 13. april 2012

A R T

 



Joggesko UTSTILLING
såpeBOBLER Dots  V Å R
FREDAG Egeberg L I F E  fargar
GIGA  mammatid tull & tøys




VÅR DAG VART
EIN ART(IG)DAG!
:-)



Storesøster i knallfin vårjakke kjøpt på www.samsofie.no
Ingri Egeberg utstilling på www.gallerigiga.no