Her kjem litt fjas og mas frå Interiør & Gavemessen. Bilete har eg lånt av Nenna (med løyve sjølvsagt-Tusen takk!). Eg hadde nemlig ikkje med meg kamera. At I-phonen min fungerar godt som kamera fortrengte eg... Uansett, Nenna sitt bilete fungerar flott. Kikk gjerne inn på hennar blogg for å sjå fleire bilete frå messa. (Det må faktisk nevnast at eg trur dette er fyrste gong eg viser nokon andre sine bilete på min blogg! Kryss i taket!).
På fredag reiste eg altså tidlig om morgonen med ferje og så fly til Oslo. Med knallkjekt reisefølge så kjørte me taxi til dørstokken på messa i Lillestrøm.
Med fyrste augekast er messa overveldande, for den er STOR! Etter ei stund så får ein jo på ein måte oversikten, om eg så absolutt ikkje rakk over alt...Hall E, hall D -eg har ingen kontroll! :-)
Messa har mykje, dvs. mykje drit og absolutt mykje fint! :-) Mine favoritt standar (basert på korleis standen såg ut, ikkje naudsynt innhaldet) var House Doctor, PB Home, Green Gate, ib Laursen, Rice, Bruka, Lama, Miljøgärden sin vinbar :) og to tvillingjenter frå Bergen som eg ikkje hugsar navnet på...
House Doctor vart ein favoritt hos meg, for dei har mykje eg har lyst på!!! Bilete tatt av Nenna er frå den standen. Tøft!!?? Ser at denne standen også var hennar favoritt. Nenna, me skulle møtst!!! :-)
Mange standar hadde eit ikkje så flatterande fyrsteinntrykk, men på ein slik stand fann eg ein del møblar som eg gjerne ville hatt med meg heim... Det er altså lurt å leita etter godsakene, og ikkje dømma etter utsjånaden. (Dagens moral).
Likevel, heilt ærleg; Eg er glad eg ikkje er innkjøpar!!! Det kan ikkje vera lett, ettersom det ikkje er SÅ mykje nytt å sjå (Iallefall ikkje for dei som har vore på messa, år etter år...). Likevel, det bugnar (her snakkar me mot oss sjølv)! La oss seia det slik, det som er nytt lignar på det som ein allereie har sett. Det nye, det fargerike, har kanskje ikkje det salspotensiale som andre meir "kvite" produkt har. Eller dette "Urbanstyle" greio slår kanskje ikkje an hjå nokon som nett har mala veggane sine kvite... Oppdraget for innkjøpar må derfor vera litt utfordrande!
Messo gjev derfor eit svært variert og kanskje "rotete" inntrykk. Masse inntrykk gjorde iallefall at eg gjekk der i frå med eit ynskje om knallorange postboks frå Bruka, knallgul kaffikanne frå Rice, vitrineskap frå Henrik, lyseblå små skåler frå ib-Laursen og ein rosa puff i frå Bergensjenter som eg fortsatt ikkje hugsar navnet på! Eg er blitt ei forvirra interiørdama...
Turen var iallefall kjempekjekke! Eg fekk sjå Finn Schjøll (som gjere meg glad) og kjent litt luft under armane etter gammalt!
Og eg vil reisa igjen... :-)