onsdag 30. september 2009

Fram i lyset




Ein kjekke kunde av meg, frk Lande, har hatt blogg
heilt sidan butikkoppstart i mai.


Likevel, bloggen har vel vore i ein liten skuggedal. :-)


I dag etter eit utrulig koselig lunchbesøk
(eg bakte brød og steikte kjøttboller før kl. 08.00!!!)
lovte sjølvaste frk Lande meg at bloggen skal bli meir aktiv.
Eg gler meg!



Dette bilete i frå butikken hennar tok eg til ei annonse som kjem i avisa i morgon.
Ta turen innom ettersom det er fleire bilete der frå ein rett og slett utrulig fin butikk.


God kveld!

måndag 28. september 2009

Beskjed

Beskjed til deg: Bileta er sendt! :-)


Denne søte fyren har kanskje nokon lagt merke til i avisa Kvinnheringen i dag.
Laurdag den 3. oktober kan dykk nok bli meir kjent med han...
(Legg merke til datoen -utsatt frå 1. til 3.).
:-)
To be continued...

fredag 25. september 2009

torsdag 24. september 2009

onsdag 23. september 2009

H


Home is where the Heart is.

H èn vår er det fyrste du møter i gangen vår.


Den kan stå for både HEIM, HOME eller HEART
(akkuratt her fins det Hundrevis av alternativ,
som f.eks. HELLSKÅTO kor rotete
-noko som slår meg ofte når eg kjem inn gangen...).
Vår H vart innkjøpt i januar, i Horten, der me var i eit trist ærend.
H er førebokstaven til gutebassen vår sitt kongelige navn.
Han er oppkalla etter begge sine bestefedre.
Noko eg er så glad for... :-)


Her er trollemor i full dans framfor kamera!
Herlig!
:-)


+ litt kritt-teikning til slutt...

tysdag 22. september 2009

Bloggen plassert på kartet


Jeg har plassert min blogg i kartet, på Leirvik, på norske bloggkart. Fann dette på Den Gode Feen sin blogg, og tok utfordringa! :-)


Rykk fram til start



Ein liten del av stova vår er fortsatt ryddig etter helgas ryddefokus. Når det gjeld det å rydda, så synes eg mange gonger at det er som å vera med i eit brettspel. Ein kjem til eit visst punkt på rundgangen, tråkkar på feil eller rett (alt ettersom) brikke for så å rykka (i revers) fram til start! Ved "ny" start ser det nett likt ut som forrige start...
Så blir det påàn igjen, som Eggum syng...

Har derfor eit stort ynskje om at løypa kunne vore gjennomført uten revers, og hadde vore prikkfri ved ny start!

Da går an å drauma! :-)

måndag 21. september 2009

Strå



Me ser ikkje skogen på grunn av trær.
Me ser ikkje strå på grunn av strå...
:-)
Uhyre morsomt...

Eg tok tre bilete av nokre visna blomsterstrå etter eit fotooppdrag i går. Alle bileta fungerar så godt i svart/kvit, så dei deler eg med dykk. Trur eg skal ta fleire bilete av desse blomster/busk/stråvekstene, samt plukke nokre til min "ta naturen inn" fasinasjon...

Ha ein fortreffelig dag!

søndag 20. september 2009

Rognebær



Me fortset å ta hausten inn i huset.
Greiner med rognebær friskar opp i stova.
God søndag!

laurdag 19. september 2009

Smask

Denne vetle karen besøkte oss i går.
Gjennomgjekk bileta eg tok av han nå, og måtte berre dele godingen med dykk.
Smask og knip, seier eg!
god!

Haust i heimen





Bøtter (løgn -me har visst berre ei bøtte, og den lek!?), kostar, filler og spann er i sving i huset i dag. Malerkosten får me ta i neste steg. Den store vårreingjeringa (ja, eg veit det er september) kallar eg det. Travle jobbdagar har gjort at ting har sklidd ut såpass mykje, at ein til slutt overser haugen med nyvaska (var iallefall det) klede i stolen, i gangen, på vaskerommet osv. Så nå skal da bli orden! (Jada...me fåor nåo sjåo...-farlig å lova for mykje).

Gangen vart iallefall vaska og rydda i går, så då har me iallefall byrja i eine ende. Ser sjølvsagt at talgen på lysestaken skulle vore fjerna, men, men... Ynsk meg lukke til -det trengs! :-)

*Knalltøffe nye korger (elska di!) med lillamønstra trekk, kjøpt på Sæbøvik Gåver & Leiker! Lilla knallfin veske kjøpt på frk. Lande. Minigresskar frå Kvist & Kvast.
Ha ein god laurdag, med hausttendensar i heimen! :-)


fredag 18. september 2009

Vakker




Nydelig vakkert brudepar i regnfult sommarver!
Regn er ikkje noko hinder for lykkelige bilete, berre ei utfordring for fotografen.
...kven kunne tru at bileta er tatt i eit parkeringshus! :-)
God fredag!

torsdag 17. september 2009

Agurknytt


Sidan overskrifta handlar om agurk, så er det heilt naturlig at fyrste bilete viser ein tomatetande gut! Livretten for bromlebassen er tomater (ja, i tillegg til sursild og sjølvsagt;tomatsild...)! Han elskar tomat, såpass mykje at guten kan grina i butikken etter desse raude bombene! Cherrytomater er derfor fabelaktig laurdagsgodt! La oss håpa det varer...
Tomatene eg viser kjem frå farmor sitt drivhus. Knallgode og søte. Agurken kjem i frå samme drivhus, og var så stor at den kan metta ei heil grend...nesten. :-) God torsdag!

onsdag 16. september 2009

Ny slekt


Tok bilde av ein skjønn ny liten slektning, i sist veke.
Han fekk "kongelig" transport frå den eine settingen til den andre.
"Så då fotografera me da og!" (Om mammene vil eller ei...). :-)


Ein annan liten kar fyller 1 år i dag!
Gratulera med dagen!
Her er han i ministudioet mitt, med ei avkledd Maileg kanin.
Skjønnas!


Ha ein god dag!
*Eg har klipt meg, og synes derfor at livet er herlig!!! :-)



måndag 14. september 2009

Godt val!

Om du røyste blått eller raudt, grønt eller gult(?), nytt deg av røysteretten din!
Godt val!
Bilete har ikkje så mykje med valget å gjera...eller?

laurdag 12. september 2009

UHUU

Ei skjønn ugla frå den gode feen, på bokbesøk i fjor,
i dei "Stordske" skogar!
:-)
TUSEN takk for alle dei utrulige kjekke kommentarane eg fekk i forrige innlegg (og andre innlegg).
Desse kommentarane gledar meg så mykje og gjer det ekstra kjekt å visa noko til dykk, dvs. blogga!
KnallGod laurdag, alle saman!

torsdag 10. september 2009

Bak ryggen på

...brudepar skjer det mykje.
Så kjekt å vera vitne til unike og naturlige motiv,
som denne vesle barføtte engelen i ei eng av roseblad.

Brudeparet er på bryllaupsreise, så dette innlegget er
også gjort bak ryggen deira...men eg veit eg blir tilgitt! :-)

onsdag 9. september 2009

09.09.09


09.09.09
var ein sabla kjekke dag!
Bilete har ingenting med dagen å gjera,
men minnar meg på at den eine kvite
vasen min manglar i frå heimen...
God natt!

tysdag 8. september 2009

Dreams (med link) :-)

Må berre legga inn ein link til ein av dei nydelige songane som kjem på plata "The Bubble Burst". Songen "Dreams" var den mest spelte songen på Norges største radiostasjon i forrige veke! Til dykk som ikkje har høyrt den, klikk inn på denne linken! Her kan dykk høyra "Need to know" også!

Plata er ute i butikkane den 28. september, men kan som sagt førehandsbestillast både på Cdon og Platekompaniet.

*Nå sit eg å nyt Anne si vakre røyst, og er faktisk litt rørt! Dette kjekke prosjektet har gjort meg kjent med ei utrulig kjekke dama! Anne har ei vakker stemme, eit nydelig vakkert ytre, og best av alt eit inderlig varmt og vakkert indre! :-)

The Bubble Burst


Hugsar dykk radiohiten "Need to know"?
Det gjer eg, for den likte eg så godt!
Derfor vart eg veldig glad når artisten
tok kontakt for at eg skulle laga CD-coveret
til den nye CDèn hennar, "The Bubble Burst".
Plata kjem snart i handel, så løp å kjøp!!! :-)
Du kan t.d forhåndsbestille den HER!

måndag 7. september 2009

SOLGT!

Huset vart solgt etter fyrste visning!
Kjekt i desse tider, om det betyr at mi gode veninne flyttar... :-(
*Det som gjer meg mest fornøyd er at alle hus/leiligheter
eg har styla/fotografert er solgt etter fyrste visning.
Litt kjekt og pittelitt stolt av da. :-)

laurdag 5. september 2009

Lystest


Her er min lille testkanin, som er så snill å hjelpe mammo si i jobben sin. I dag hadde eg det siste sommar (seinsommar) bryllaupet mitt. Ettersom det ofte regnar her på vestlandet (neeei, seie du da?), så hadde eg i samråd med brura bestilt Halsnøy Kloster som "fotostudio". Så lenge det ikkje skjer noko arrangement der, så er det fullt mogeleg. Veldig greit! :-)

Heldigvis så vart me velsigna med nydelig fotover, det vart rett og slett ein knallfine dag!!! Likevel, sidan klosteret var booka, så vart "studioet" brukt. Sjølvsagt av brudeparet, men tidligare i dag av storejenta som måtte i ilden som lystestar. Ein god grunn til å få lov til å bruka skjørt (+ underskjørt = du hildrande du) og det nye nuuuudelige skjerfet/huesettet (med gulltrådar=lykke) kjøpt på frk. Lande. Støvlane som eg kjøpte på MollyMo i fjor, passar endeleg... Her har mammo vore svært fornuftig og tenkt laaang levetid! :-)

Lystesten førte til mange kjekke bilete av gojento + kjekke lunch frå Tofte`s Bakeri i Klosterhagen med pappen og minstemann etterpå. Eg håpar og trur (pluss kryssar ein del fingrar og tær) på at ungane gler seg over bileta av dei når dei blir vaksne! Gode odds på at kjæristane deiras gjere da iallefall... :-)