lørdag 19. september 2009

Haust i heimen





Bøtter (løgn -me har visst berre ei bøtte, og den lek!?), kostar, filler og spann er i sving i huset i dag. Malerkosten får me ta i neste steg. Den store vårreingjeringa (ja, eg veit det er september) kallar eg det. Travle jobbdagar har gjort at ting har sklidd ut såpass mykje, at ein til slutt overser haugen med nyvaska (var iallefall det) klede i stolen, i gangen, på vaskerommet osv. Så nå skal da bli orden! (Jada...me fåor nåo sjåo...-farlig å lova for mykje).

Gangen vart iallefall vaska og rydda i går, så då har me iallefall byrja i eine ende. Ser sjølvsagt at talgen på lysestaken skulle vore fjerna, men, men... Ynsk meg lukke til -det trengs! :-)

*Knalltøffe nye korger (elska di!) med lillamønstra trekk, kjøpt på Sæbøvik Gåver & Leiker! Lilla knallfin veske kjøpt på frk. Lande. Minigresskar frå Kvist & Kvast.
Ha ein god laurdag, med hausttendensar i heimen! :-)


4 kommentarer:

Anonym sa...

Ønsker deg lykke til, skjønner hva du mener....sommå greiån her å!

inkala

(måtte bare klæsje på litt dialekt siden du er så god på det..)

Anonym sa...

Dei korgene likte eg og! Va dei dyre eller? Elisabeth, nabo :-)

Mari sa...

Lykke til med vårreingjeringa:)
Det er godt å høre at det kan være slik hos andre også...
Høsten er ei herlig tid og jeg må si jeg er ganske svak for lilla. Det er på en måte ro over den fargen, og det trengs på travle høstdager!

Ønsker deg en fin helg:)

Haust sa...

Flotte korger og nydelege foto frå gangen! Skulle ynskje min gang også var vaska og rydda...