Når ein er interessert i interiør, så startar det ofte i tidlig alder. Hos meg er iallefall det tilfelle. Derfor har det alltid vore ei sann glede for meg å gå i butikkar, også når ein er på russetur. Vår russetur gjekk til Danmark og Jomfru Anes gate. Mykje fest og basar kan ein vell sei... :-) (Ei helsing til alle gode og gamle studiekameratar på KVS!).
Heldigvis så er det også butikkar i Danmark. BILKA sitt store utvalg var for meg den beste rus! Her fekk eg med meg pakningar med telys (ja, men pakkar med 250 telys fantes ikkje i Norge i dei dagar, og så var dei så jysla billige!), eit rosa trilleskap(?)((det er faktisk i bruk av mamma på vaskerommet)) og sjølvsagt mitt beste kjøp: Eit gullbelagt "barock" speil! Kjøpte sikkert meir også, men det er jo måte på kva ein skal hugsa 18 år etter...
Speilet har vore med meg på hybel på Voss og i Bergen. I dag er det fortsatt i bruk, som speil på gulljento sitt rom. I rommet laga me nemleg eit "leseskap" ved å ta vekk ei skapdør. Tapet inni, mange puter og vips; ein sitteplass i skapet. Med det dyrebare gullspeilet mitt på hedersplassen så er det jo ei lito prinsessa verdig...eller ein bamse og ti! :-)
Litt fleire gulldetaljar i frå rommet:
7 kommentarer:
Så god ide med det skapet, gullspeilet var fint det, har nesten et maken selv som eg kjøpte i min ungdom:)
Ha en gullfine kveld du og!
For et søtt barnerom, speilet kom til sin rett i det koselige skapet!
klem, Ingvild
Så flotte bilder! Gull er nice. :) Ha en god kveld!
Hi, hi, tror mitt gullbarokkspeil havnet på bosset. Synd det, tipper prinsessen ville hatt det på rommet sitt. Hun elsker alt som glimrer!Ellers er det mye rosavarianter her og, ruter, striper og bomber. I helgen skal prinsessen og prinsens rom males ferdig. De gleder seg mest til å ta i bruk de små hemsene pappaen har snekret under skråtaket. Mammaen gleder seg mest til å style og stæsje med bl.a. Green gate puter og tepper. Og Mailegene selvsagt. Mammaen elsker de! Ha en forsatt gullig kveld!!
Hei Bo!
Lurte på om du har mottatt mail fra meg?
Aina
Nå ler eg så eg ristar!!! :-)Huskar godt russaturen våres og Bilka! Me hadde jo knappt vore utenfor Halsnöy, så kjöpesenteret tok nesten knekken på oss (me gjekk oss ville og fant nesten ikkje igjen rett utgong...huttemegtu)! Og i bussen var det trångt på heimveien! Eg hadde blant anna kjöpt meg eit kvitt korgspeil. Det brukte eg som bord i bussen og sölte fält med cola og boller...Nå henge speilet på doen heime hos mamma! Stor klem, Ingrid
ehh.. *kremt* du glemte ein viktig detalj! ken hadde gullspeilet på fanget fra Ålborg til Norge??
helge knip fra meg;)
Legg inn en kommentar