


Something old, something new, something...
For mange veker sidan, utfordra Karna meg til å vise 3 ting som eg er glad i. Synes det er vanskeleg, ettersom eg alltid har vore glad i ting, og dermed har ein del. Samstundes så byrja eg å setja spørsmål til dette med "døde" ting. Kva betyr noko? Kva betyr mest? Kvifor betyr dei noko? Betyr dei egentleg noko i det heile tatt? Hmm...kom i allefall fram med desse tinga, om det er masse anna eg får like mykje glede av, og likar nett lika godt! :-)
Nr.1: "Alteret" mitt, med bilete av dei som betyr aller mest i livet mitt, mine små og min kjære. Dette representerar alle bileta eg har, og fotografi, som eg elskar!
Nr.2: Skapet, ein representant for arvegodset frå mine forfedre. Eg har ein del "som ingen ville ha", men som eg syntes var fint. Dette skapet hadde bestemor & bestefar som "finskap" i stova.
Nr.3: Mitt nye fat som eg fekk til fødselsdagen min, av mamma og pappa. Eg vart kjempeglad, for eg hadde ønska meg det. Mamma er snill! :-)
Eg utfordrar: Den Gode Feen, Tussaluso og Hobbyhuset! Good luck! :-)