onsdag 20. januar 2010

Stord Vidaregåande Skule



I går leverte eg messeløysing til Stord Vidaregåande Skule. Ein veldig fin og kjekk skule, som byrjar å bli heilt "ny" etter ein lengre bygge/oppussing- periode. Flott "kinosal", stilig kantine, kreativt rom(!), råbra lydstudio og splitters nye klasserom!

Eg fekk telefon før jul om at SVS ville bruka BO design & foto til utvikling av nytt messekonsept. Då vart Bodil både glad og takksamd! :-)

Skulen er veldig elevretta, og har "Eleven i fokus". Dette brukte eg som basis for mi grafiske løysing. Ei grafisk løysing som er formspråkmessig retta mot ungdommar. Teksten utvikla eg etter gjennomgang av rammeplanar og feedback frå skulen. Då kom eg fram til dei tre headingane: DU ER, DU FÅR, DU KAN. (Ettersom skulen også tilbyr tegneline og media/komminkasjonsline valgte eg eit fargespråk som eg rekna med dei ville setja pris på. Nemleg bruk av primærfargane cyan, magenta og yellow...).

I tillegg til fotografering som er synleg på roll-upane, så har eg vore innom alle liner å fotografert dei. Så masse kjekt ein kan gå på i dag, samtidig som ein kan få studiekompetanse! Sånn var det ikkje i gamledagar... :-)

Fotografia på roll-upane er ein collage av mange, mange elevar. Den skal vera litt morsom samtidig som den skal skapa merksemd. Ettersom Utdanningsmessa starta i dag, så har eg allereie fått svar på dette.  Ein tur oppom messa gjorde meg iallefall glad. Kunden er strålandes nøgde og roll-upane er lagt merke til. Ingenting er kjekkare eller gjer meg meir glad! :-)
Her er roll-upane i bruk...



På messa fann eg også mykje anna med BO sitt stempel på...


Kurskatalog for Aker Stord Opplæringssenter.


Brosjyre for Aker Solutions.


Fotografering til Sunnhordland Folkehøgskule sin brosjyre.

Pluss at eg har laga KVV, Fitjar Vidaregåande Skule, OK-fag, Ytre Sunnhordland Opplæringskontor osv. sine standar, i hine hårde dagar...
:-)

16 kommentarer:

Kickcan & Conkers sa...

These are fantastic -well done!

mi-rachel sa...

flink du er!!!
kjekt å se!

Fru Fly * Heidi sa...

Jeg er utrolig imponert, fantastisk bra!!! Heidi

spindelmaker sa...

Så bra collagane for Stord Vdg vart! Bra slagord, og bra plakat. Eg skjønnar godt at dei vart godt moteke :-)

Therese sa...

Jeg synes du er utrolig dyktig på det du gjør så jeg er ikke forundret i det hele tatt over at kundene dine er så fornøyde som de er. Godt jobbet nok en gang Bodil :)

Noamaja sa...

Smukke billeder, smuk blog! Tak for kigget!

A

Anonym sa...

DU E SÅ FLINK, BODIL!!!

Heidi sa...

Så fin profil skolen fikk! Veldig moro å se.

Fargebarn sa...

Så flink du e! Skulle likt å gått på fotokurs hos deg :)

Janne sa...

SÅ flink du er, kjempe masse fint;)

HønePøne sa...

Du er helt utrolig flink!! Kreativt og nydelig utført!
Madeleine

ANETTESHUS.COM sa...

Så stilig!! Du er flink:)

Klem
Anette:)

Rosemary and thyme sa...

Du er utrolig talentfull!
Klem Tove

Lilli@Home sa...

Skikkelig flott profilering av skolen. Jeg gikk første året på Handel og Kontor der, og siden jeg begynner å dra litt på årene så tror jeg jammen santen det var i 1985/86..Herreminhatt trodde ikke det var så lenge siden...men..men..uansett var det skikkelig flott arbeid du har levert. Hilsen Lilli

Mari sa...

Så stilig det blei!
Fekk sjå bildene fra fotoshoten hos Monica også, der var masse fint, kunne nesten kjenne kulden gjennom bildene;)
Ha ein flott torsdag!

Anonym sa...

Heldige kundar har du..., som får så mykje tøft og stiligt for pengane... du e dyktige :-)


klem frå Putti:-)