lørdag 31. oktober 2009

Red shoes


I går tok eg bilde av ei søte mamma med to flotte døtre. Ettersom me "damene" har gått i samme klasse sidan barneskulen, så synes eg at det er heilt utrulig å sjå på kor store dei to "småjentene" hennar har blitt!
Hjelpemeg koss tio fyyyyke! :-)


I dag har  frk. red shoes   fødselsdag, så gratulera med dagen! Ha ein knallkjekke dag og kveld! Håpar du dansar på bordet i kveld...med raude sko... :-)

fredag 30. oktober 2009

Flagget til topps!





       Åååååå for eit herlig kamera!      
Desse bileta tok eg i full fart i dag tidleg, berre for å testa kameraet for fyrste gong.
Visar seg at dette kameraet passar ein person som mislikar bruk av blitz ekstremt bra!
Rett og slett flagget til topps!
   :-)  

torsdag 29. oktober 2009

Nytt kamera!



I dag har eg fått meg nytt kamera, eit Canon EOS 5D. La oss kalla det ei tidleg julegåve!
Eg gler meg til å ta det i bruk på oppdrag, dvs. allereie i morgon. Nå trur eg at handboka må gjennomlesast! :-)

onsdag 28. oktober 2009

zzzzzzzzzzzzzzzz

Etter ei tøffe natt med ein astmasjuk gut, så kjenne ein søvnmangelen dagen derpå Nå er eg knalltrøtte!
Skiltet frå frk. Lande seier kor eg skal ta turen...zzzzzzzzzzzzzzzzzzzzz...

tirsdag 27. oktober 2009

Eg fekk ein telefon...


...frå ein far, med spørsmål om eg kunne oppfylla eit høgt ynskje den eldste dottera hans hadde. At familien deira skulle bli fotografert av Bodil.
Slikt blir jo eg rørt av! Spesielt det at det var ein pappa som ringte! Det er jo ofte me mødre som styrer og balerar vedrørande slikt, eller? (Men det må seiast at eg snakka med mammo også :-)).
Bileta tok eg heime i det utrulig koselige huset deira. Me nytta det naturlige lyset frå vindaugo som belysning. Ein flott familie som eg følte meg svært heime hos. Ikkje noko minus at eg vart møtt med jordbær, is og varm eplekake! Luksus! :-)


mandag 26. oktober 2009

Lita jenta i stor skog


Sov godt, og draum søtt...om nissar og troll.

God morgon!


God morgon, alle saman!
Herlig med denne ekstra timen me fekk i går.
Iallefall viss ein ikkje stiller klokka på nokre dagar...
Eg var tidlig ute i barnehagen i dag. Kryss i taket!
:-)
Ha ein kjekke dag!




søndag 25. oktober 2009

Monkey business



Apekatten til mammo leikar med ynglingsleika si, ein pinne. Pinnar, stein og kongler er supre greier. Nemleg!

Sjølvsagt må jo me vaksne vera einige at dette er veldig positivt i desse forbrukstider, men... Det er alltid eit men. Ta til dømes bilen min. Kvar dag når ungane blir henta i barnehagen, så er det ein ny pinne, ein ny stein. Alt skal vera med heim. Sjølvsagt. Nå har denne bromlebassen laga seg eit lite lager i bilen, i eit holrom under setet sitt. Der ligg det småstein, sand, gullpapir og ein stk gammal tyggis!?
Heldigvis så dett desse skattane ut litt etter litt, men det jo ikkje akkuratt problem med å finna nye...

Pinnar er det verre med. Dei tek nemleg litt meir plass. Ingen kan klandra meg for å ha ein ryddig bil (nå ler nok mange som kjenner meg...). Bilen min er som veska mi, full av overraskelsar for både mor og barn. Derfor vil jo ein pinne eller to skli rett inn i resten av innhaldet, men... Det er alltid eit men. Ettersom eg nyleg kjøpte meg ny bil, så ynskjer eg at denne IKKJE skal innehalda pinnar. Verken små eller store.

Pinnen på bilete er relativt ny. Den er ei fiskestong. Gitarpinnen, trommepinnane og kjøttbollepinnane (nei, eg lyg ikkje) ligg lett henslengt utføre inngansdøra. Me prøvar å stoppa dei der. At det låg ein pinne i skapet under vasken vil nok tilseia at grensekontrollen ikkje har fungert godt nok. Eller kanskje dette var slangepinnen som smaug seg inn mellom beina på oss...skrekk og gru!

Etter kinobesøk der "me såg filmen om ein pinne" (som stolt gut fortalte pappen) så håpar eg at den neste pinnen som kjeme heim, er sjølvaste Knerten!

:-)

Kålhåve



Kålplanta er jo ganske så lekker om den faktisk også luktar kål!?
Det luktar iallefall veldig kåååål når blomane står litt lenge i vatn utan at dei går i bosset sjølv.
For det burde alle anstendige kålplanter gjera. Gå i bosset sjølv. Samt anna som diverre rotnar, som t.d epler, appelsiner og diverse anna. Sams for desse er at dei av ein eller anna grunn ofte blir
kjøpt inn for å fylla skåler og fat i heimen. Ser jo så fint ut, må veta! :-)
Jaja, desse blomane ser ein vell på blada at er på kanten av stupet, men som det kålhåve eg er, så let eg dei stå litt lenger... :-)
God søndag!

lørdag 24. oktober 2009

Se meg!

Denne utrulig skjønna kuo, vart mi i dag.
:-)
Jippi!
Vetleguten skal få ha bilete på rommet sitt...trur eg.
Da var iallefall da eg tenkte når eg kjøpte da.
*
Gunilla H. Platou si utstilling er vel verdt eit besøk.
Utstillinga står fram til 18. november på Galleri Giga.
*
Ha ein knallkjekke laurdagskveld!

fredag 23. oktober 2009

Gunilla til Stord



I morgon opnar Gunilla Holm Platou utstillinga si "Nattønske" på Galleri Giga.
Kunstnaren er der sjølv under opning, så møt opp på galleriet kl. 12 i morgon (laurdag)!
Utrulig mange artige kubilete!!!
Eg gler meg! :-)
*Siste Kamille Mor & barn har eit stort intervju med kunstnaren, så løp å kjøp viss du vil veta meir!

torsdag 22. oktober 2009

Haust!

Fotograferte dette koselige paret i går,
omringa av lys og nydelige haustfargar!

Nyyyyyt hausten (og kvarandre) :-) !


onsdag 21. oktober 2009

Pausebilete...


...inntil eg får tatt desse Etter bileta!
*Byrja å stressa litt, for me har ikkje endra rommet så mykje,
i tilfelle eg har satt forventningane litt for høgt...
Tut og kjøyr! Nå må eg ut i bilen for nytt fotooppdrag.
Gulebilen min lever gode dagar på Halsnøy,
mens den "nye" svarte susar rundt her på Stordøya -med meg i!
Herlig haust her nå!!! Opplett! Sol! :-)

mandag 19. oktober 2009

Før




Vetleguten byrjar å bli stor gut! Nå har me gjort nokre små endringar på rommet. Etter bileta er ikkje fotografert enda, men med å visa Før, så får eg ta Etter i morgon...!?

Ha ein knallgode kveld!


* Eg har hatt ein veldig kjekke dag i Bergen i dag. Masse fine inspirasjon og gode folk! Avslutta dagen med ein sein lunch på Colonialen. Deilig! :-)

søndag 18. oktober 2009

Ny seng

bromlebassen sitt rom står det ei lik seng som på dette bilete nå. Fyrste natt i senga blir denne natta som kjem, og vesle godguten til mammo gler seg. Kjøpte senga med tanke på utrekksdelen, at den rett og slett kan bli ein benk.



Bilete her er tatt for bladet Rett Hjem i fjor. I morgon skal eg til Bergen for fotooppdrag for samme blad, og som alltid så gler eg meg til det!



Sov godt alle saman, store og små!

fredag 16. oktober 2009

Bøtteknott


Måtte alle få ei helg full av sjarm og glede!


Denne vesle nusselige jenta, fotograferte eg i mitt ministudio i dag.
Sant ho er skjønn!!?


*Har nokre veldig skjønne bilete av ei anna lita prinsesse også,
som mammo og pappen ventar sikkert i spenning på
-dei er rett rundt hjørnet (bileta altså!).


Til dei som lurar;
Det er fullt mogeleg å bli fotografert i mitt vesle studio, om det er litt lite.
Eg fotograferar gjerne også utandørs.

Berre send ein mail eller ring.

torsdag 15. oktober 2009

Russetur & gullspeil


Når ein er interessert i interiør, så startar det ofte i tidlig alder. Hos meg er iallefall det tilfelle. Derfor har det alltid vore ei sann glede for meg å gå i butikkar, også når ein er på russetur. Vår russetur gjekk til Danmark og Jomfru Anes gate. Mykje fest og basar kan ein vell sei... :-) (Ei helsing til alle gode og gamle studiekameratar på KVS!).

Heldigvis så er det også butikkar i Danmark. BILKA sitt store utvalg var for meg den beste rus! Her fekk eg med meg pakningar med telys (ja, men pakkar med 250 telys fantes ikkje i Norge i dei dagar, og så var dei så jysla billige!), eit rosa trilleskap(?)((det er faktisk i bruk av mamma på vaskerommet)) og sjølvsagt mitt beste kjøp: Eit gullbelagt "barock" speil! Kjøpte sikkert meir også, men det er jo måte på kva ein skal hugsa 18 år etter...

Speilet har vore med meg på hybel på Voss og i Bergen. I dag er det fortsatt i bruk, som speil på gulljento sitt rom. I rommet laga me nemleg eit "leseskap" ved å ta vekk ei skapdør. Tapet inni, mange puter og vips; ein sitteplass i skapet. Med det dyrebare gullspeilet mitt på hedersplassen så er det jo ei lito prinsessa verdig...eller ein bamse og ti! :-)
Litt fleire gulldetaljar i frå rommet:

Ha ein gullbelagt og gilde dag!

onsdag 14. oktober 2009

Luksus for meg


Korga frå TineK som eg kjøpte på AC Home er eg fornøyd med! I sommar stod den ute, oppstappa med puter og pledd. Nå er den komme inn i varmen, men med samme innhald, berre i litt andre valørar...

Pledd har nemleg vore eit must i vår heim -det er nemlig så kaldt her i dette forbarkade -70 tals huset.
Men ny tidsrekning: Før og etter varmepumpa! Rein og skjer nytelese er det blitt! Luksus!
Ååååå koss eg nyyyyyte da! :-)

Om varmepumpa ser skrekkelig ut på veggen, så smiler eg til ho kvar einaste dag! 25 grader er nemlig heilt herlig å stå opp til!

*Korga med pledd får dermed stå litt i fred. Men viser heller bilete av den, enn varmepumpeguri!

Ha ein gode og varme dag!





tirsdag 13. oktober 2009

Blå stemning

Blå
Vått
Kjærleik
Rørsle
Latter
Vatn


Nett sånn så eg lika da.
Masse blå badebilete skal inn i nyeramma mi.






In the shops



er kleda frå Dundelina på plass i ei rekkje butikkar...

Ha ein kjekke dag!